Everything That Happens Will Happen Today
Everything That Happens Will Happen Today Studioalbum av David Byrne og Brian Eno | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 18. august 2008 | |
Innspelt | Demoinnspeling av Eno i heimestudioet hans i London i 2006, gjort ferdig av Byrne og Leo Abrahams i studioa deira i New York City og London i 2008; innspelingar òg gjort i Cafe Music Studios og Harder Sound i New York City. | |
Sjanger | Elektronisk, gospel | |
Lengd | 47:16 | |
Selskap | Todo Mundo | |
Produsent | David Byrne og Brian Eno, samt produksjon av Leo Abrahams | |
Kritikk | ||
---|---|---|
|
||
David Byrne og Brian Eno-kronologi | ||
My Life in the Bush of Ghosts (1981) |
Everything That Happens Will Happen Today | |
Brian Eno-kronologi | ||
Another Day on Earth (2007) |
Everything That Happens Will Happen Today | Small Craft on a Milk Sea (2010)
|
Everything That Happens Will Happen Today er det andre albumet til David Byrne og Brian Eno, gjeven ut 18. august 2008 på Todo Mundo.
Albumet vart det første samarbeidet deira sidan My Life in the Bush of Ghosts i 1981. Byrne og Eno arbeidde med å blande elektronisk musikk med gospel.[1]. Singelen «Strange Overtones» vart gjeven ut for å promotere albumet og Byrne la ut på turne i 2008 og 2009 med songar frå albumet, samt songar frå det første samarbeidet.
Bakgrunn
endreDå Byrne og Eno diskuterte ei nyutgjeving av My Life in the Bush of Ghosts i 2006, sa Eno at han hadde nokre songar han mangla tekst og vokal på. Dei hadde snakka om å lage eit album i lag i fleire år, men dette var det første seriøse forsøket deira sidan 1980-åra.
Det meste av albumet vart laga av dei to på kvar si side av Atlanteren. Dei arbeidde berre i studio i lag ved eit par høve.
Albumet fekk stort sett positiv kritikk og har ein gjennomsnittleg score på 75 % basert på 24 meldingar hos Metacritic. Albumet vart nominert til tre Grammy Award, for beste alternative musikkalbum, for beste plateomslag og for beste boks eller Special Limited Edition-innpakning. Designer Stefan Sagmeister vann prisen for beste plateomslag.
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Byrne (tekst) og Eno (musikk).
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Home» | 5:06 |
2. | «My Big Nurse» | 3:21 |
3. | «I Feel My Stuff» | 6:25 |
4. | «Everything That Happens» | 3:46 |
5. | «Life Is Long» | 3:45 |
6. | «The River» | 2:30 |
7. | «Strange Overtones» | 4:17 |
8. | «Wanted for Life» | 5:06 |
9. | «One Fine Day» | 4:55 |
10. | «Poor Boy» | 4:19 |
11. | «The Lighthouse» | 3:46 |
12. | «Poor Boy» (Eno & Leo Abrahams remix - japansk bonusspor) | 3:51 |
Medverkande
endre- Leo Abrahams – gitar, perkusjon, piano, lirekasse, Dubreq Stylophone, programmering
- David Byrne – vokal, sologitar
- Brian Eno – bassgitar, korvokal, elektriske trommer, Kaoss Pad, tangentinstrument, gitar, strykarar, programmering, Omnichord piano
- Seb Rochford – Trommer
- Steve Jones – gitar
- Tim Harries – melodibass
- Phil Manzanera – tamburgitar
- Barry Danielian – blåseinstrument
- Brian Eno – bassgitar, backing vokals,
- Steve Jones – rhythm gitar
- Dan Levine – blåsarar og arrangement
- Dave Mann – blåsarar
- Paul Shapiro – blåsarar
- Mauro Refosco – pandeiro, shaker, reco reco, bongotrommer, conga, tamburin
- Robert Wyatt – trommer
- Melanie Hall QC – korvokal
- Darla Eno – vokal
- Irial Eno – vokal
- Jarvis Cocker – gitar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Everything That Happens Will Happen Today» frå Wikipedia på engelsk, den 26. april 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Talking Heads front man hits NZ». Television New Zealand. 13. februar 2009. Henta 26. april 2011.
Bakgrunnsstoff
endre- Heimeside for albumet Arkivert 2011-04-14 ved Wayback Machine.