Eystein Eggen

norsk skribent

Eystein Eggen (5. januar 194419. november 2010) var ein norsk forfattar fødd i Oslo.

Eystein Eggen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. januar 1944
Oslo
Død

19. november 2010 (66 år)

Yrke sosiolog

Bakgrunn endre

Eggen var frå ei skrivande ætt, tidlegare kjend under namnet Skogstad, etter garden med same namnet i Kvikne i Hedemark. Han hadde fleire andre norske forfattarar i næraste familie. Forfattaren og lokalhistorikaren Eystein Eggen (1886 -1973) var farfaren, og lyrikaren Arnljot Eggen var onkelen. Grunnlaget hans var likevel morsætta frå Hov i Ålen, ei gammal bondeslekt som er mykje omskriven av mellom anna Johan Falkberget. Til denne ætta høyrer folket frå Storlia same bygd, som og har fostra mange forfattarar: bygdemålsdiktaren og politimeisteren Mons Lie, Jonas Lie den eldre, «heimens diktar», Erik Lie, stiftar av Den norske Forfatterforening, Bernt Lie, truleg vår fremste gutebokforfattar, og Jonas Lie den yngre, som under pseudonymet Max Mauser skreiv kriminalromanar og var NS-politiminister under krigen.

Forfattarskap endre

Eggen publiserte i 1969 Knut Hamsuns vei til fascismen i Edda, Norsk tidsskrift for litterturvitenskap, tett følgd av ein sosiologisk studie av Olav Aukrust. Sidan var han aktiv i samfunnsdebatten, med mange artiklar om litterære, historiske og politiske emne. Nest etter ætta var røynslene frå Norges landbrukshøgskole, Norges bygdeungdomslag og Noregs mållag hovudgrunnlaget for at han i 1993 kunne gje ut Gutten fra Gimle, ei skildring av si eiga oppvekst som NS-barn. Agnar Mykle - en dikterskjebne frå 1994 bygde på personleg kjennskap til Mykle.

Som romanforfattar debuterte Eggen med Generalen 1996. Boka tok utgangspunkt i Carl Gustav Fleischer sin lagnad under andre verdskrigen. Deretter kom mellomaldarromanane Hov i 1997 og To konger i 1999.

Eggen blei statsstipendiat frå 2003. To år før hadde Arbeidarpartiet frå talarstolen i Stortinget hevda at Eggen var «et symbol på en hel generasjon». Han hadde fronta fram beklaginga av «skyggen» som skuldlaust var blitt kasta over livet til NS-barna. Framstegspartiet reiste samstundes spørsmålet om Eggen var «diskriminert grunnet hans foreldres NS-bakgrunn, viss det skulle være tilfelle er det meget bekynringsfullt og alvorlig.» Regjeringa grunnga utnemninga med at «Eystein Eggen har gjennom verksemda si gjort mykje for å kasta lys over den vanskelege stillinga for NS-barna i det norske samfunnet.»