Eyvind Mehle (fødd 1895 i Stavanger, død 15. juli 1945 i Sverige) var ein norsk journalist, dramatikar, kringkastingsmann, nazikolloboratør og NS-ideolog. Han var døypt Eyvind Mæhle, men endra etternamnet i 1930. Frå september 1940 til desember 1943 var han programdirektør i NRK. Ei periode var han den øvste leiaren for NRK.

Eyvind Mehle
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. september 1895
Stavanger kommune
Død

15. juli 1945 (49 år)

Yrke journalist
Språk norsk
Politisk parti Nasjonal Samling
Ektefelle Mildred Mehle
Eyvind Mehle på Commons

Liv og arbeid endre

 
«Riksprogramsjef Mehle» (1895–1945, til venstre) sammen med Nasjonal Samlings kulturminister Gulbrand Lunde (1901–1942, i midten). Mehle var nasjonalsosialist og NRK-mann under andre verdenskrig i Norge.
Foto: Fra Marie og Gulbrand Lunde Et liv i kamp for Norge (Rikspropagandaledelsen /Blix forlag 1942)
 
Minister Lunde (i uniform foran) gjør «gammel norsk hilsen» på Vår Frelsers gravlund i Oslo under markering av komponisten Rikard Nordraaks hundreårsdag sommeren 1942. Like bak og til høyre for Lunde i bildet står Eyvind Mehle. Ved siden av ham sees forfatteren Finn Halvorsen og Oslos NS-ordfører Fritz Jenssen.

Eyvind Mehle blei tilsett i Kringkastingsselskapet A/S i 1925. Ein av spesialitetane hans var halvtimelange foredrag i form av reiseskildringar. Mehle blei medlem av Nasjonal Samling i 1933 og verka som pressetalsmann for partiet i nokre år.

Den 9. april 1940 invaderte det nazistiske Tyskland Norge og tysk okkupasjon følgde. 28. september 1940 vart han utnemnt til direktør for verbalsendinga i NRK. Som ein av to programdirektørar (den andre var Edvard Sylou-Kreutz) vart Mehle betrakta som etterfølgjaren til riksprogramsjefen i førkrigstida, Olav Midttun, til trass for at han var underordna riksfullmektig Wilhelm Frimann Koren Christie.[1]

Kommandolinja fungerte ikkje godt. Sjølv om det var ei viss rivalisering mellom Mehle og Sylou-Kreutz, var den sterkaste rivaliseringa mellom Mehle og Christie. I starten måtte Mehle gi Christie tiltredelsestalen, fordi han hadde avgrensa kjennskap til NRK. I ein breiare samanheng var Mehle en germanofil Hitler-tilhengar, mens Christie var en norsk-nasjonalistisk Quisling-tilhengar. I tillegg vekte frimureriet til Christie harme. Mehle intrigerte ved å sette Christie opp mot Abteilung Rundfunk i Reichskommissariat Norwegen si avdeling for folkeopplysning og propaganda. Han behandla også underordna dårlig, og trua dei tilsette både med pistol og represaliar frå venene sine i det tyske militæret. Mehle viste teikn på paranoia og generell mental ustabilitet.

Våren 1941vart Mehle førar for NS-partigruppa ved NRK.[2] Etter ei stund førte den personlege antagonisme hans til å søke ein anna stilling. Mehle vart utnemnd t til professor i pressevitskap ved det nazistyrte Universitetet i Oslo i 1944, men undervisninga vart stengd frå november året før.[3] 1. juli 1944 skreiv han brev til Quisling og melde seg ut av partiet.

Rundt slutten av andre verdskrigen, i mai 1945, flykta Mehle til Sverige der han etter kvart vart internert i Helsingmo leir. 15. juli same året drukna han der.[4]

I 1995 laga Magne Lindholm radiodokumentaren Quislings herold om Mehle.[5]

Høyrespel endre

  • 1940: Fra juli til oktober 1905
  • 1941: Korset fra Pem[6]
  • 1942: Et folk finner sin fører[7][8]

Kjelder endre

  1. Dahl, 1991: s. 203
  2. Dahl, 1991: s. 205
  3. Dahl, Hans Fredrik: [http://www.mediabase1.uib.no/krigslex/m/m1[daud lenkje] i Norsk Krigsleksikon 1940-45
  4. Dahl, Hans Fredrik: [http://www.mediabase1.uib.no/krigslex/m/m1.htm/#mehle-eyvind[daud lenkje] Eyvind Mehle i Norsk Krigsleksikon 1940-45
  5. Om radiodokumentaren Quislings herold
  6. Skiljemerka mellom folk. Noregs forskingsråd. 1993. s. 60. ISBN 8212001156. 
  7. Et folk finner sin fører. En radioberetning om Vidkun Quisling og hans kamp. Av Eyvind Mehle (1:2). NRK (the Norwegian Broadcasting Corporation). 1942-03-29. 
  8. Et folk finner sin fører. En radioberetning om Vidkun Quisling og hans kamp. Av Eyvind Mehle (2:2). NRK (the Norwegian Broadcasting Corporation). 1942-03-29.