FA-cupfinalen i fotball 2002

FA-cupfinalen i fotball 2002 fann stad på Millenium stadion i Cardiff den 4. mai, med 73 963 tilskodarar på tribunane. Kampen mellom London-laga Arsenal FC og Chelsea FC enda med siger 2 – 0 til Arsenal.

KampenEndra

Lagoppstillingane med Arsenal i raudt

Etter ein tam fyrste omgang, tok Chelsea styringa over spelet. Arsenal stod imot og skåra på to langskot, fyrst frå Ray Parlour i det 70. minutt og 10 minutt seinare frå svenske Fredrik Ljungberg.

Arsenal sitt vinnarlag bestod av: David Seaman, Lauren Etamé-Mayer, Sol Campbell, Tony Adams (kaptein), Ashley Cole, Sylvain Wiltord, Ray Parlour, Patrick Vieira, Fredrik Ljungberg, Dennis Bergkamp og Thierry Henry. Etter fyrste skåringa kom Edu Gaspar inn staden for Bergkamp, etter andre målet bytta Nwankwo Kanu med Henry og heilt på tampen entra Martin Keown bana, ut gjekk Wiltord.

Chelsea stilte med: Carlo Cudicini, Mario Melchiot, William Gallas, Marcel Desailly, Celestine Babayaro, Jesper Grønkjær, Frank Lampard, Emmanuel Petit, Graeme Le Saux, Eiður Guðjohnsen, Jimmy Floyd Hasselbaink. I den andre omgangen kom John Terry inn frå pausen, Gianfranco Zola midtvegs, medan Boudewijn Zenden fekk med seg siste kvarteret av kampen. Ut gjekk etter tur; Babayaro, Hasselbaink og Melchiot.

Mike Riley var dommar.

KjelderEndra