Fanny Aavatsmark MacTaggart
Fanny Margaretha Basilier Aavatsmark MacTaggart (1899–1981) var ein norsk-skotsk journalist.
Fanny Aavatsmark MacTaggart | |
Statsborgarskap | Noreg, Storbritannia |
Fødd | 22. august 1899 Helsingfors |
Død |
18. januar 1981 (81 år) |
Yrke | journalist |
Språk | norsk |
Far | Ivar Aavatsmark |
Mor | Ida Flodin |
Liv og virke
endreMacTaggart var dotter av den norske generalen og forsvarsministeren Ivar Aavatsmark og den finlandssvenske songerinna Ida Flodin. Ho blei fødd i Helsingfors i Finland og vaks opp i Kristiania (Oslo) og Trøndelag.[1]
MacTaggart studerte kunst, musikk og språk i Kristiania og København, deretter i Frankrike, der ho byrja å skrive for norske og finske aviser.[1]
I 1937 gifta ho seg med den skotske kunstmålaren William MacTaggart (1903–1981), og dei busette seg i Edinburgh. Ho var korrespondent for Aftenposten i mange år. Under den andre verdskrigen arbeidde ho for den norske avdelinga i BBC, og frå 1942 til 1946 leia ho informasjonskontoret til den norske regjeringa i Skottland.[1]
Utmerkingar
endreMacTaggart blei tildelt St. Olavsmedaljen i 1947 og utnemnd til ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1964. Mannen hennar blei adla som riddar av dronning Elizabeth II i 1962, og ho førte deretter den britiske tittelen lady.[1]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Aavatsmark, Ivar (2000). Aavatsmark. Gårds- og slektshistorie. s. 184–185. ISBN 978-82-995701-0-7.
- Denne artikkelen bygger på «Fanny Aavatsmark MacTaggart» frå Wikipedia på bokmål, den 31. mars 2024.