Ida Flodin

norsk songar

Ida Emilia Basilier Flodin Aavatsmark (29. april 187027. juni 1957)[1] var ein finskfødd, norsk songar.

Ida Flodin

Fødd29. april 1870
FødestadUleåborg
Død27. juni 1957 (87 år)
DødsstadOslo
OpphavNoreg, Storfyrstedømmet Finland
Instrumentvokal
Verka somsongar
FarFrithiof Flodin
Gift medIvar Aavatsmark
BornFanny Aavatsmark MacTaggart, Armas Aavatsmark, Laila Aavatsmark

Flodin tilhøyrde ei finlandssvensk embetsmannsslekt som dotter av bokhalderen Frithiof Flodin (1828–1921) og kona hans Fanny Virginia Basilier (1842–1897).[2] Ho var niese av operasongerinna Ida Basilier-Magelssen (1846–1928), som var gift med Johan Sigfried Cammermeyer Magelssen (1835–1910), redaktør i Aftenposten, og kusina til teaterskodespelaren og songeren Aja Basilier-Magelssen, som var gift med journalisten og forfattaren Øvre Richter Frich. Ida Flodin var sopran, og song ved blant andre Tivoli Opera og Eldorado Theater i Kristiania (Oslo) før ho slutta seg til svenske ensemble frå midten av 1890-åra.[3]

Flodin gifta seg med den norske yrkesoffiseren og venstrepolitikaren Ivar Aavatsmark (1864–1947) i Den tyske kyrkja i Helsingfors i 1898.[2] Ivar og Ida Aavatsmark fekk seks born saman, der fem av dei vaks opp.[4] Dottera Fanny Aavatsmark (gift MacTaggart) var journalist og var busett nesten heile sitt vaksne liv i Skottland.[5]

Ekteparet Aavatsmark er gravlagd i ei familiegrav på Vestre gravlund i Oslo.

Kjelder

endre
  1. «Folketelling1910 for 0301 Kristiania kjøpstad. Ida Emilia Basilier Flodin Aavatsmark». Arkivverket. Henta 7. oktober 2014. 
  2. 2,0 2,1 Agøy, Nils Ivar (2005). «Ivar Aavatsmark». Norsk biografisk leksikon (2 utg.). Kunnskapsforlaget. 
  3. «Ida Basilier-Flodin (1870–1957) i Maud Hurums operaoversikt». Norsk musikkhistorisk arkiv. 2003. Henta 7. oktober 2014. 
  4. Skarland, Ola (1972). Bygdebok for Høylandet. Høylandet kommune. s. 496–498. 
  5. «FannyMacTaggarts privatarkiv». Norges Hjemmefrontmuseum. Arkivert frå originalen 10. oktober 2014. Henta 7. oktober 2014.