Bergfrue
Bergfrue (Saxífraga cotyledon) er ein fleirårig fjellplante i sildrefamilien.
Bergfrue | |
Bergfrue | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Sildreordenen Saxifragales |
Familie: | Sildrefamilien Saxifragaceae |
Slekt: | Sildreslekta Saxifraga |
Art: | Bergfrue S. cotyledon |
Vitskapleg namn | |
Saxifraga cotyledon |
Utsjånad
endreBergfrua har ein basal bladrosett. Rosetten veks i fleire år før han vert så kraftig at han kan blomstre. Då spring det ut ein kraftig blomsterstand med meir enn hundre kvite blomstrar; bergfrua kan blomstre i mange veker. Oftast er bergrua rundt 25 cm høg, men ho kan nå meir enn halvmeteren Etter fruktmogninga døyr bladrosetten. Nye bladrosettar for nye planter vert laga ved vegetativ formeiring i åra før plante blømer.
Økologi
endreBergfrua veks i bergsprekker og på fjellhyller, gjerne på utilgjengelege stader. Helst vil ho ha kalkhaldig berg. Ho treng luft med god råme, difor veks ho ofte under fosserøyk . Ho har hovudleveområdet sitt i Noreg, men finst òg i Jämtland og i Lapplandsfjella, på Island, i Alpane og i Pyreneane.
Kultur
endreBergfrua er kåra til norsk nasjonalblomster (ved sida av røsslyng)[1], fylkesblomster i Møre og Romsdal og kommuneblomster i Valle kommune. Ho har mange folkelege namn:
- Fjelldronning
- Bergabrur
- Lilja
- Venegut
- Sifylle (Telemark)
Kjelder
endre- Johannes Lid Norsk og svensk flora Det Norske Samlaget 1974 ISBN 82-521-0297-2
- C.A:M. Lideman Nordens Flora Gyldendal Norsk Forlag 1977 ISBN 82-05-08681-8
- Knut Fægri: Norges planter J.W. Cappelens Forlag 1958
- Botanisk museum
- ↑ «Nasjonalblomst og fylkesblomster», nhm2.uio.no, henta 17. februar 2019