Fjerdingar i Helgeland
Fjerdingane på Helgeland hadde mot slutten av mellomalderen funksjonar som distikt for innkreving av skattar og avgifter.
Helgeland var i periodar eitt futedømme, i periodar var det delt, nett som det i mellomalderen har vore inndelt i to halvfylke; Rødøy halvfylke på Nord-Helgeland og Herøy halvfylke på Sør-Helgeland. Rødøy halvfylke var òg eit prestegjeld, medan Herøy halvfylke var inndelt i Alstahaug prestegjeld og Brønnøy prestegjeld. Kvart prestegjeld var inndelt i fjerdingar, slik at det i verdsleg samaneng var ialt 12 fjerdingar på Helgeland:
Brønnøy prestegjeld var i følgje Indrebø 1935 og R. Fladby 1978 inndelt i
- Bindal fjerding (som i verdsleg samnheng høyrde til Namdalen), jf. dagens Bindal kommune.
- Sør-Sømn fjerding, jf. dagens Sømna kommune.
- Nord-Sømn fjerding, jf. dagens Brønnøy kommune.
- Vega fjerding
Alstahaug prestegjeld var inndelt i
- Mynda fjerding, jf. delar av dagens Alstahaug, Vega og Vevelstad kommunar.
- Alstahaug fjerding, med det som i dag er Alstahaug kommune og dessutan delar av Leirfjord.
- Herøy fjerding, med sørdelen av Dønna attåt Herøy.
- Vefsn fjerding, jf. dagens Vefsn, Grane og Hattfjelldal kommunar, dessutan noko av Leirfjord.
- Rana fjerding, dagens Hemnes og Rana kommunar, dessutan òg Elsfjord i Vefsn.
- Nesna fjerding, med norddelen av Dønna attåt Nesna.
Rødøy prestegjeld var inndelt i
Avgrensinga kan ha variert. Då tiendpengeskatten vart innkrevd mot slutten av mellomalderen, kan det sjå ut til at Nesna høyrde til Rødøy fjerding.
Kjelder
endre- Helgeland historie b. 2, red.: Birgitta Berglund (Helgeland historielag 1994)ISBN 82-90148-55-0
- Årbok for Helgeland 2004 «Tiendpengeskatten på Helgeland 1521-22» Helgeland historielag ISBN 82-90148-63-1