Flash av Jeff Beck

Flash
Studioalbum av Jeff Beck
Språk engelsk
Utgjeve Juli 1985
Sjanger Poprock, AOR, hardrock, instrumental rock
Lengd 41:09
Selskap Epic
Produsent Jeff Beck, Tony Hymas, Nile Rodgers, Arthur Baker
Jeff Beck-kronologi 
There & Back
(1980)
Flash Jeff Beck's Guitar Shop
(1989)


Singlar frå Flash
  1. «Ambitious»
    Utgjeve: 1985[1]
  2. «Gets Us All in the End»
    Utgjeve: 1985[2]
  3. «Stop, Look and Listen»
    Utgjeve: 1985[3]
  4. «People Get Ready»
    Utgjeve: 1985[4]

Flash er eit studioalbum av gitaristen Jeff Beck, gjeve ut i juli 1985 på Epic Records.[5] Albumet nådde 39. plassen på den amerikanske Billboard 200-lista[8] og gjekk inn på topp 60 i fire andre land.[9] To singlar gjekk òg inn på listene. Den førte var eit samarbeid med songaren Rod Stewart (som hadde sunge i Jeff Beck Group) på ein versjon av «People Get Ready» av The Impressions. Denne nådde femteplassen på Billboard's Mainstream Rock og 48. plassen på Hot 100, og topp 40 i fire andre land. Den andre singelen, «Gets Us All in the End», nådde 20. plassen på Mainstream Rock-lista. Den instrumentale «Escape» vann Grammyprisen for besste rockeinstrumental i 1986,[10][8] den første av mange Grammyprisar Beck har fått i denne klassen.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[5]
Rolling StoneFavourable[6]
The Village VoiceB[7]

Oversyn endre

Albumet er unikt i Beck-samanhengen fordi det hovudsakleg består av vokale songar, utanom dei to instrumentalane «Escape» og «You Know, We Know» (høvesvis kvar skriven av dei langvarige samarbeidspartnarane Jan Hammer og Tony Hymas). Albumet vart spelt inn med då moderne 80-talsproduksjon og vart rekna som eit popalbum. Det vart produsert av Nile Rodgers. Beck song til og med på «Get Workin'» og «Night After Night», etter Rodgers insisterte.[11] På «Ambitious» og «People Get Ready» spelte Beck på ein Jackson Soloist-gitar, i staden for den vanlege Fender Stratocaster-gitaren sin.[12] Trass i at albumet vart ein suksess, har Beck sidan uttrykt misnøye med albumet og kalla det ein «plateselskapstabbe» og «ei trist tid» for han.[11][13]

CD-utgåva av Flash inneheld to bonusspor, «Nighthawks» og «Back on the Streets», som begge opphavleg vart gjevne ut som B-sider. Ein annan song frå innspelinga av albumet, «Wild Thing» (ein song av The Troggs), kom berre ut på ein promosingel og aldri på albumet,[14] men kom sidan ut på samlealbumet Beckology i 1991.

Innhald endre

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Ambitious»Nile Rodgers4:38
2.«Gets Us All in the End»Arthur Baker, Tina B6:06
3.«Escape»Jan Hammer4:41
4.«People Get Ready» (med Rod Stewart)Curtis Mayfield4:54
5.«Stop, Look and Listen»Rodgers4:27
6.«Get Workin'»Rodgers3:35
7.«Ecstasy»David Bendeth, Simon Climie3:31
8.«Night After Night»Rodgers3:42
9.«You Know, We Know»Tony Hymas5:35
Total lengd:41:09
Bonusspor på CD-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
10.«Nighthawks»Rodgers4:48
11.«Back on the Streets» (kalla «Back on the Street» på singelen)Fred Hostetler, Jeff Beck, Karen Lawrence3:41

Medverkande endre

Teknisk
  • David Charleslydteknikar
  • Jason Corsaro – lydteknikar
  • Eddie DeLena – lydteknikar
  • Rob Eaton – lydteknikar
  • Chris Lord-Alge – lydteknikar
  • Tom Lord-Alge – lydteknikar
  • Eric Mohler – lydteknikar
  • Tony Tavener – lydteknikar
  • Nigel Walker – lydteknikar
  • Andy Wallace – lydteknikar
  • Nile Rodgers – produksjon (spor 1, 3, 5, 6, 8, 10)
  • Arthur Baker – produksjon (spor 2, 7)


Salslister endre

Album endre

År Liste Plassering
1985 Sverigetopplistan 27[9]
New Zealand albums chart 34[9]
Billboard 200 39[8]
Den nederlandske albumlista 43[9]
Den tyske albumlista 60[9]

Singlar endre

År Title Liste Plassering
1985 «Gets Us All in the End» Billboard Mainstream Rock 20[8]
«People Get Ready» 5[8]
Sverigetopplistan 15[9]
Den belgiske singellista 22[9]
Den sveitsiske singellista 24[9]
New Zealand singles chart 35[9]
Billboard Hot 100 48[8]

Kjelder endre

  1. «Jeff Beck – Ambitious». Discogs. Henta 6. juli 2018.
  2. «Jeff Beck - Gets Us All In The End (song)». finnishcharts.com. Hung Medien. Henta 6. juli 2018.
  3. «Jeff Beck – Stop Look And Listen». Discogs. Henta 6. juli 2018.
  4. 4,0 4,1 «Jeff Beck And Rod Stewart – People Get Ready / Back On The Street». Discogs. Henta 6. juli 2018.
  5. 5,0 5,1 Erlewine, Stephen Thomas. «Flash - Jeff Beck». AllMusic. All Media Network. Henta 14. juli 2018.
  6. Fricke, David (1985-07-18). «Jeff Beck Flash». Rolling Stone. Henta 14. juli 2018.
  7. Christgau, Robert (1985-09-24). Village Voice review. The Village Voice. Henta 2014-07-18.
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 8,5 «Flash - Jeff Beck | Awards». AllMusic. All Media Network. Henta 6. juli 2018.
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 9,5 9,6 9,7 9,8 «Jeff Beck - Flash (album)». finnishcharts.com. Hung Medien. Henta 6. juli 2018.
  10. «28th Grammy Awards - 1986». Rock On The Net. Henta 14. juli 2018.
  11. 11,0 11,1 Rosen, Steven (1989). «Jeff Beck Interview (1989)". Modern Guitars Magazine. Arkivert frå originalen Arkivert 5. januar 2011 ved Wayback Machine. den 2011-01-05. Henta 14. juli 2018.
  12. Noble, Douglas J (June 1993). «Jeff Beck Outtakes» Arkivert 2010-08-30 ved Wayback Machine.. The Douglas J Noble Guitar Archive. Henta 14. juli 2018.
  13. Guy, Paul (1999). «Jeff Beck - Who Else?». Paul Guy Guitars. Henta 14. juli 2018.
  14. «Jeff Beck – Wild Thing». Discogs. Henta 14. juli 2018.