Flogopitt
Flogopitt er eit mineral, ein lys, ofte brunleg glimmer, som i motsetnad til biotitt er karakterisert ved lågt jarn- og høgt magnesiuminnhald. Mineralet finst ganske utbreitt på apatittførekomstar ved Ødegården i Bamble, og har her uvanleg høgt innhald av vanadium, ca. 0,4 %. Flogopitt har industriell bruk som elektrisk isolasjonsmateriale, og blir mellom anna utvinne i Canada og på Madagaskar.
Flogopitt | |||
Flogopitt i Monte Somma i Italia | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Glimmer, fyllosilikat | ||
Kjemisk formel | KMg3(AlSi3O10)(F,OH)2 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | brunraud, mørkebrun, gulbrun, grøn, kvit | ||
Krystallform | Søyleforma, skalforma massar, sjeldan perfekt fenokrystall | ||
Krystallsystem | Monoklin (2/m) Romgruppe: C 2/m | ||
Tvilling | Komposisjonstvilling | ||
Kløyv | perfekt basal [001] | ||
Brot | Ingen | ||
Fastleik | Hard, fleksible tynne hinner | ||
Mohs hardleiksskala | 2–2,5 | ||
Glans | perleaktig, stundom lett metallisk på kløyvflater | ||
Strekfarge | Kvit | ||
Transparens | Gjennomsiktig til gjennomskineleg | ||
Spesifikk vekt | 2.78 - 2.85 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Toaksa (-), 2V=12 | ||
Brytingsindeks | nα = 1.530 - 1.573 nβ = 1.557 - 1.617 nγ = 1.558 - 1.618 | ||
Dobbeltbryting | δ =0.0280-0.0450 | ||
2V-vinkel | 16-20° | ||
Andre eigenskapar | Fluorescerande | ||
Kjelder | [1][2][3] |
Kjelder
endre- Flogopitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/flogopitt.
- ↑ Phlogopite WebMineral
- ↑ http://rruff.geo.arizona.edu/doclib/hom/phlogopite.pdf Handbook of Mineralogi
- ↑ http://www.mindat.org/min-3193.html Mindat