Florian Schwarthoff (fødd 7. mai 1968) er ein tysk tidlegare hekkeløpar frå Dortmund. Han vann sølvmedaljen i 110 meter hekk under EM 1994 og bronsen i same øvinga under Sommar-OL 1996.

Florian Schwarthoff
Statsborgarskap Tyskland
Fødd 7. mai 1968
Dortmund
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar, arkitekt

AktivEndra

Schwarthoff var bestemann på korthekken i Tyskland over ti år frå 1987. Tre gongar, 1987, 1988 og 1990, vann han den vesttyske meisterskapen, sidan vart han ni gongar tysk meister i øvinga.

Frå 1991 til 2002 tok Schwarthoff seg jamt til finalen i dei internasjonale meisterskapane, med eit par mislukka semifinaleløp som unnatak. Etter femteplassar i OL 1992 og VM 1993, sprang han inn til sølv på tida 13,16 då europameisterskapen 1994 fann stad i Helsinki, einast verdsrekordhaldaren Colin Jackson sprang fortare.

Den 2. juli 1995 i Bremen sette Schwarthoff ny tysk rekord i 110 meter hekk med tida 13,05 sekundar, ein prestasjon på internasjonalt toppnivå. Dermed var han ein av dei store favorittane ved verdsmeisterskapen i Göteborg i august, men snubla i semifinalen i fyrste hekken og rauk ut. Under sommarleikane i 1996 i Atlanta kneip Schwarthoff bronsemedaljen framom Jackson, USA-amerikanarane Allen Johnson og Mark Crear makta han ikkje å fylgje.

Schwarthoff vart fjerdemann i VM 1997 og i EM 1998. I Aten-VM 1997 kom han i mål to hundredels sekund bakom bronsemedaljøren, året etter hadde han tre hundredels sekund opp til bronseplassen i europameisterskapen. I sin siste store finale, EM-finalen 2002 i München, vart han atter nummer fire, fem hundredels sekund bakom vinnaren av bronsen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra