Flyr
Flyr AS er eit tidlegare norsk lågprisflyselskap. Selskapet flaug mellom norske byar og innan Europa. Flyr hadde 400 tilsette.[1][2] Selskapet vart oppretta hausten 2020 og gjekk konkurs 1. februar 2023.
Flyr | |||
| |||
| |||
Org.form | Aksjeselskap | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 925566004 | ||
Skipa | 14. august 2020 | ||
Hovudkontor | Oslo lufthamn, Gardermoen | ||
Land | Noreg | ||
Tenester | Boeing 737-800 | ||
Styreleiar | Erik G. Braathen | ||
Dagleg leiar | Brede Huser | ||
Tilsette | 300 | ||
Nettstad | https://www.flyr.no/ |
Soge
endreFlyselskapet vart etablert av Erik G. Braathen hausten 2020 under koronapandemien.
Flyr kunngjorde januar 2021 at selskapet skulle operere med fly av typen Boeing, og at selskapet sumaren 2021 i første omgang skulle starte med flygingar frå Oslo til Tromsø, Harstad/Narvik, Bodø, Trondheim, Bergen, Stavanger, København, Nice, Barcelona, Alicante og Malaga.[3] I april 2021 annonserte selskapet at planlagt start av første rute er den 30. juni 2021. Samstundes vart det òg gjort kjend at selskapet ønskte å opprette ruter til Alta, Molde, Ålesund og Haugesund.[4] Den 4. juni 2021 tok Flyr imot sitt aller første fly med registreringa LN-FGA, flyet var av typen Boeing 737-800 som i åtte år alt hadde vore nytta av det tyrkiske flyselskapet Pegasus Airlines. Flyet landa på Oslo Lufthavn Gardermoen litt over klokka 12:00, som vart ein historisk dag for norsk luftfart. Ved utgangen av 2021 sikra Flyr seg ein flåte på 6-8 fly som ville avslutte fase nummer ein av driftsplanen deira. Den aller første kommersielle flyginga fann stad den 30. juni 2021 frå Oslo Lufthavn Gardermoen til Tromsø Lufthavn Langnes.[5]
Flyrs fordelsprogram, Flyr+, hadde 195.000 medlemar den 30. juni 2022.[6] Flyr har i overkant av 200.000 passasjerar per månad.[1]
Redningsplan
endreEtter at Flyr offentleggjorde kvartalsrapporten for tredje kvartal i 2022 kom det fram at selskapet hadde gått med underskot på 453 millionar kroner. Selskapet var like ved å gå konkurs etter at dei hadde brukt opp heile kapitalen sin, fylgjeleg ville selskapet henta 430 millionar kroner i ein ny retta emisjon. Denne emisjonen førte ikkje fram, men Flyr vart redda like før konkurs av toppinvestorane som hadde laga sin eigen redningsplan for selskapet.[7][8]
Konkurs
endreDen 1. februar 2023 gjekk Flyr konkurs etter at dei ikkje greidde å gjennomføra redningsplanen. Alle flygingane til Flyr vart fylgjeleg innstilt og billettsalet stansa.[2]
Destinasjonar
endreFlyr hadde totalt 44 ruter fordelt på 38 ulike reisemål i Noreg og Europa.[6]
By | Land | IATA | Lufthamn |
---|---|---|---|
Oslo | Noreg | OSL | Oslo lufthamn, Gardermoen |
Tromsø | Noreg | TOS | Tromsø lufthamn, Langnes |
Bodø | Noreg | BOO | Bodø lufthavn, Bodø |
Harstad / Narvik | Noreg | EVE | Harstad / Narvik lufthamn, Evenes |
Bergen | Noreg | BGO | Bergen lufthamn, Flesland |
Trondheim | Noreg | TRD | Trondheim lufthamn, Værnes |
Stavanger | Noreg | SVG | Stavanger lufthamn, Sola |
Alicante | Spania | ALC | Alicante lufthamn |
Las Palmas de Gran Canaria | Spania | LPA | Gran Canaria internasjonale lufthamn |
Málaga | Spania | AGP | Málaga lufthamn |
Barcelona | Spania | BCN | Barcelona El Prat |
Palma de Mallorca | Spania | PMI | Son Sant Joan lufthamn |
Nice | Frankrike | NCE | Côte d'Azur internasjonale lufthamn |
Paris | Frankrike | CDG | Charles de Gaulle internasjonale lufthamn |
Grenoble | Frankrike | GNB | Alpes-Isère internasjonale lufthamn |
København | Danmark | CPH | København lufthamn, Kastrup |
Roma | Italia | FCO | Leonardo da Vinci internasjonale lufthamn |
Milano | Italia | BGY | Orio al Serie lufthamn |
Berlin | Tyskland | BER | Berlin Brandenburg |
Brussel | Belgia | BRU | Brussel lufthamn |
Genève | Sveits | GVA | Genève internasjonale lufthamn |
Salzburg | Austerrike | SZG | Salzburg lufthamn |
Zadar | Kroatia | ZAD | Zadar lufthamn |
Flyflåte
endreFlyr opererte med flytypane Boeing 737-800 og Boeing 737 MAX. Flyr hadde 12 fly på det meste.[9]
Talet på fly | Sete | Merknad | |
---|---|---|---|
Boeing 737-800 | 6 | 189 | Leigde |
Boeing 737 MAX 8 | 6 | 189 | Leigde |
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Om Flyr», Flyr.com (på norsk bokmål), henta 16. januar 2023
- ↑ 2,0 2,1 «Braathen om konkursen: – Dette er en trist dag». e24. 31. januar 2023. Henta 31. januar 2023.
- ↑ Mikalsen, Av: Knut-Erik (19. januar 2021), «Slik blir rute-nettverket til det nye norske flyselskapet», flysmart24.no (på norsk bokmål), henta 22. mai 2022
- ↑ Mikalsen, Knut-Erik (9. april 2021), «Billetter snart i salg - første avgang er bestemt», flysmart24.no (på norsk bokmål), henta 22. mai 2022
- ↑ «Flyrs første tur gikk i rute: – Vet vi har litt å jobbe med», e24.no (på norsk bokmål), henta 22. mai 2022
- ↑ 6,0 6,1 «Ettårsjubileum for Flyr: - Stolte av å ha blitt en reell utfordrer», News Powered by Cision (på norsk bokmål), henta 9. september 2022
- ↑ Bøe, E.; Nilsen, A.A. (3. november 2022). «Flyr vil hente 430 millioner i kriseemisjon». e24. Henta 16. januar 2023.
- ↑ Bøe, E. (16. november 2022). «Flyr-aksjonærene stemte ja til redningsplan». e24. Henta 16. januar 2023.
- ↑ «Flyr Fleet Details and History», www.planespotters.net, henta 9. september 2022