Senking
(Omdirigert frå Forsenking)
Ei senking eller ein depresjon er ei landform som ligg lågare enn det omliggande terrenget. Senkinga kan oppstå ut frå forskjellige mekanismar og har forskjellige namn og tekniske uttrykk etter korleis dei har oppstått:
- Eit bekken er alle former for store senkingar fylt med sediment. I tektonikk kan det særleg vise til ei sirkelforma synklinal-liknande senking, medan det i sedimentologi kan vise til eit område som er fylt med sediment, eit sedimentasjonsbasseng. [1]
- Ein utblåsing er ei senking som er danna av vinderosjon, vanlegvis anten ørkensand eller tørr jord.[1]
- Ein graben er ein nedfelt og vanlegvis lineær senking eller bekken som oppstår gjennom riftdanning under tektoniske spenningskrefter.
- Eit nedslagskrater er ei senking som er danna av nedslag som eit meteorittkrater.
- Eit subsidenskrater er ei senking som vert danna ved subsidens der overflata søkk saman eller gjev etter på grunn av holrom under overflata.
- Ei dødisgrop eller grytehol vert danna av is som ligg att etter ein isbre og som så smeltar.[2]
- Ei senking kan vere eit område med subsidens som oppstår når strukturar under overflata kollapsar. Døme på dette er slukhol over grotter i karsttopografi eller kalderaer.[3] eller maarar i vulkanområde.
- Ei senking kan vere ein region med der overflata vert pressa nedover av tektoniske prosessar, ofte tilknytt ein subduksjonssone eller ein øyboge.
- Ein dal er ein type senking som vanlegvis er grave ut av erosjon.
- Ei djuphavsgrop er ei djup senking med bratte sider som ligg på havbotn. Djuphavsgroper oppstår ved subduksjon når ei oseanskorpe pressar seg under ei anna eller ei kontinentalskorpe.
- Ei senking kan oppstå som følgje av vekta av noko som ligg opp på overflata, som ei. Området rundt ei iskappe, sjølv om dei ikkje er dekte av is, kan òg bli dradd ned av vekta under isen. Dette vert kalla perifer senking.[4] Lenger borte frå isen kan det oppstå ein svull i overflata, som dannar ein låg ås.[5]
- Ei senking kan vere ei jettegryte - anten eit enkelt hol i ein vegbane eller ein senking i eit elveleie på grunn av fluvial erosjon eller i område påverka av sterke straumar i sjøen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Depression (geology)» frå Wikipedia på engelsk, den 14. juli 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- «Dictionary of Geologic Terms». geotech.org. Henta 14. juli 2008.
- «Glossary of Important Terms in Glacial Geology». Montana State University. 1999. Henta 14. juli 2008. Cites American Geological Institute's Glossary of Geology (3. utgåve).
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Kjelder i teksten
- ↑ 1,0 1,1 «Dictionary of Geologic Terms - B». geotech.org. Henta 14. juli 2008.
- ↑ «Dictionary of Geologic Terms - K». geotech.org. Henta 14. juli 2008.
- ↑ «Dictionary of Geologic Terms - C». geotech.org. Henta 14. juli 2008.
- ↑ «Glossary of Important Terms in Glacial Geology - Peripheral Depression». Montana State University. 1999. Henta 14. juli 2008. American Geological Institute's Glossary of Geology (3. utgpve).
- ↑ «Glossary of Important Terms in Glacial Geology - Forebulge». Montana State University. 1999. Henta 14. juli 2008. Cites American Geological Institute's Glossary of Geology (3. utgåve).