Opna hovudmenyen

Robert Mood (fødd 8. desember 1958) er ein norsk offiser med graden generalløytnant. Han har vore generalinspektør for Hæren og var i 2012 sjef for SN sin observatørstyrke i Syria (UNSMIS) etter tidlegare å ha vore sjef for SN sitt observatørkorps i Midtausten (UNTSO).

Robert Mood
Fødd 8. desember 1958
Kragerø kommune
Yrke offiser

Han vart tildelt Fritt Ords Pris for 2016 «for å ha vist stort ytringsmot i kritiske debattar om rolla til forsvaret i samfunnet.»[1]

6. oktober 2017 vart han, under landsmøtet 2017 i Haugesund, valt til president i Noregs Raude Kross.[2]

Militær løpebaneEndra

Robert Moods militære løpebane starta i 1977 ved Befalsskolen for infanteriet. I Brigaden i Nord-Noreg hadde han deretter i tur og orden stillingar som lagfører, troppssjef og kompanisjef. I mellomtida gjekk han Krigsskolen, seinare Hærens stabsskole.

Mood var nestkommanderande for Telemark bataljon 1993-94, før han tok to års utdanning ved høgskulane til det amerikanske marinekorpset og universitet i USA, der han utmerkte seg som beste elev. Attende i Noreg arbeidde han som operasjonsoffiser i 6. divisjon fram til 1998, då han vart sjef for Telemark bataljon, som i 1999 til 2000 var utplassert i Kosovo. Lik sin forgjengar, Jon B. Lilland, hadde han denne stillinga i to år, for deretter å forfremjast til oberst i 2000. Han tiltredde då som sjef for Planavdelinga i Forsvarets Overkommando. Forfremmelsen til Brigadér kom i 2002 ved utnevning til stillinga som sjef for Hærens Kampvåpen. I 2004 fylgde utnevning til sjefstillingen i Hæren sin til transformasjons- og doktrinekommando (TRADOK). Etter økonomiskandalen i hæren i 2005 og Lars Sølvbergs avgang vart Mood generalinspektør for Hæren.

I januar 2009 utnemnde generalsekretæren i SN, Ban Ki-moon, generalmajor Mood til ny sjef for United Nations Truce Supervision Organization (UNTSO).[3] Han var UNTSO-sjef til 2011 med ansvar for observatørar på Golan-høgda og Sør-Libanon og dessutan regional dialog med militære og politiske leiarar. UNTSOs hovudkvarter er i Jerusalem med utekontorer i Beirut, Damaskus og Kairo.

Den 1. august 2011 vart han den første sjefen og veteraninspektør for Veterantenesta til forsvaret (FVT), fagleg underlagt Sjef Forsvarsstaben/P. FVT har i oppdrag å implementera forbetringtiltak og fylla rollen som Rådgjevaren til forsvarssjefen og talsperson i veteransaker.

I april 2012 fekk Mood i oppdrag å bistå Kofi Annan i hans arbeid som SN og Den arabiske liga sin spesialutsending til Syria i samband med konflikten der. Mood vart då sjef for observatørstyrken UNSMIS, som han leidde fram til juli 2012.[4][5][6] Etter særs rask etablering vert frøtt Mood operasjonane i midten av juli då valden eskalerte til eit nivå som gjorde det særs vanskeleg å utføra oppgåvene.

I statsråd 24. januar 2014 vart Mood utnemnd til generalløytnant[7] og sjef for Den norske militærmisjonen i Brussel (NATO).[8] Robert Mood gjekk av med pensjon frå Forsvaret 1. august 2016.

Under landsmøtet til Noregs Raude Kors i 2017, vart Robert Mood valt til president.

BibliografiEndra

  • Ansvar : Leiing er ingen popularitetskonkurranse, Cappelen Damm (2017) ISBN 9788202553876

UtmerkingarEndra

Mood er tildelt følgjande dekorasjonar: Forsvarsmedaljen med laurbærgrein, Forsvarsmedaljen, Medaljen til forsvaret for internasjonale operasjonar med tre stjerner, Hæren sin vernedyktighetsmedalje med tre stjerner, Den nasjonale fortjenstora (Frankrike), SN-medaljen for UNTSO, SN-medaljen for UNIFIL, NATO-medaljen for Kosovo, SN-medaljen for UNSMIS og Noregs Veteranforbund for Heidersteiknet til internasjonale Operasjonar i gull.<[9]

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra