Fylkesveg 611
Fylkesveg 611 | |
---|---|
611 | |
Strekning | |
Naustdal i Sunnfjord– Eikefjord i Kinn | |
Informasjon | |
Lengd | 60,2 km |
Status Fylke |
fylkesveg Vestland |
Tilstøytande vegar | |
Fv5696 Fv5697 Fv5699 |
- Sjå òg Fylkesveg 611 (fleirtyding)
Fylkesveg 611 (Fv611) går mellom Naustdal i Sunnfjord kommune og Eikefjord i Kinn kommune.
Opphavleg vart Fylkesveg 611 bygd som riksveg mellom Naustdal og Stavang. Samstundes vart det bygd veg frå Eikefjord til Goldalsreset og vidare mot Sandvika. Seinare vart vegen mellom Goldalsreset og Stavang bygd, og heile vegen mellom Eikefjord og Stavang fekk nemninga Fylkesveg 542 i Sogn og Fjordane (Fv542).
I 2002 vart den nye traséen til Riksveg 5 mellom Brekka og Kvalvik opna, og med dette omgjekk vegen Eikefjord. Dimed overtok Fv542 traséen mellom Eikefjord og Kvalvik, medan traséen mellom Eikefjord og Brekke vart kommunal veg.
Den 1. januar 2010 trødde forvaltingsreforma i kraft og dåverande Riksveg 611 fekk status som fylkesveg. I 2019 vart det gjort endringar i fylkesvegnettet, og Fylkesveg 542 i Sogn og Fjordane vart innlema som ei forlenging av Fv611.[1]
Kommunar og knutepunkt
endreFjordavegen
- Naustdal
- Mjølkevika → kommunal veg Tunavegen til Naustdal kyrkje og Naustdal sentrum
- Mallasvik → kommunal veg Kringlavegen til Kringla
- Sæla
- Liabø
- Holmeset → kommunal veg Bunestølsvegen til Bunnestølen
- Frammarsviktunnelen (76 m)
- Frammarsvik
- Andal → kommunal veg Andalsvegen og vidare privat veg til Storelia
- Helle
- → Kommunal veg Hellevegen til Klubba, Vatne og Russenes
- → Kommunal veg Einevollvegen til Einevollen
- Helletunnelen (428 m)
- Redal → kommunal veg Øvreredalsvegen til Øvre Redalen
- Redalstunnelen (379 m)
- Grytetunnelen (272 m)
- Gryta
- Engjabøen
- Vevringtunnelen (627 m)
- Vevring → kommunal veg Vevringkyrkjevegen til Vevring kyrkje
- Årset → kommunal veg Vassbotnvegen til Vassbotnen
- Apalset
- Kvellestad
Brufjordvegen
- Svortevik
- Standalsvika → kommunal veg Standalsvegen til Øvre Standal
- Fløholmen
- Stavvika
- Stavangtunnelen (55 m)
- Evja → kommunal veg Stavangsvegen til Stavang (350 m)
- → Stavang kyrkje
- → Stavang kai
- → Rutebåt Florabassenget, sjå Skyss
Ausevikvegen
- Fv5699 Åsen → Stavøyvegen til Skutevågen (9,2 km)
- Endepunkt Skutevågen snuplass
- → Veidesund kai
- → Rutebåt Florabassenget, sjå Skyss
- → Veidesund kai
- Endepunkt Skutevågen snuplass
- Ausevika helleristingsfelt
- Litle Høydal
- Store Høydal
- Osstrupen bru (258 m)
- Fv5697 Goldalsreset → Sandviksvegen til Sandvik (13,2 km)
Vikavegen
- Fv5696 Sunnarvik → Svardalsvegen til Osen (11,5 km)
- Eikefjord kyrkje
- Eikefjord → kommunal veg Knapstadbakkane til Knappstad (gamle Rv5 mellom Eikefjord og Knappstad)
- Hovland
- Kvalvik
Kjelder
endre- ↑ «Endringer i vegnettet 2019». Vegvesenet. 27. september 2019. Henta 4. august 2022.