Storbritannia

land i Europa
(Omdirigert frå Kongeriket Storbritannia)
Denne artikkelen handlar om landet. For øya, sjå øya Storbritannia.

Storbritannia,[a] offisielt Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland,[b] er eit konstitusjonelt monarki som omfattar England, Wales, Skottland og Nord-Irland.[2] Riket dekkjer øya Storbritannia , som ligg utanfor den nordvestre kysten av det europeiske kontinentet, nordaustdelen av øya Irland og dei fleste mindre øyane av Dei britiske øyane.[3] Isle of Man i Irskesjøen og kanaløyane Jersey og Guernsey er ikkje konstitusjonelt delar av riket, men er kroneigedommar. 14 britiske oversjøiske territorium ulike stader i verda har administrative band til riket, men er heller ikkje konstitusjonelt delar av det.[2]

United Kingdom of Great Britain and Northern Ireland (engelsk)¹

(norsk: Storbritannia, britisk)

Det britiske flagget Det britiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «God Save the King»
Motto Dieu et mon droit (fransk: Gud og min rett)
Geografisk plassering av Storbritannia
Offisielle språk Ingen. I praksis engelsk, men òg skotsk gælisk og walisisk i høvesvis Skottland og Wales
Hovudstad London
Styresett
Konstitusjonelt monarki
Kong Charles III
Keir Starmer
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
243 610 km² (79.)
1,3 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Folketeljing (2001)
 – Tettleik
 
64 769 452 (22.)
58 789 194
265,9 /km² (34.)
Oppretta
Acts of Union
Act of Union

1707[1]
1801
Nasjonaldag Andre laurdag i juni (fødselsdagen til dronninga er 16. juni)
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
2 660 000 mill. USD (9.)
42 300 USD (29.)
Valuta Britisk pund
Tidssone UTC
Telefonkode +44
Toppnivådomene .uk

¹I Storbritannia og dei tilhøyrande områda er fleire språk brukt som lokale språk. Det offisielle namnet på landet er på desse:
An Rywvaneth Unys a Vreten Veur hag Iwerdhon Glédh (kornisk)
Teyrnas Unedig Prydain Fawr a Gogledd Iwerddon (walisisk)
An Rìoghachd Aonaichte na Breatainn Mhòr agus Eirinn mu Thuath (skotsk gælisk)
Ríocht Aontaithe na Breataine Móire agus Thuaisceart Éireann (irsk)
Unitit Kinrick o Great Breetain an Northren Ireland (skotsk)

Geografi

endre
 
England er prega av åsar og flat mark. Her frå Somerset, sett frå Glastonbury Tor.
 
Skottland er fjellendt enn England. Vestkysten er prega av klippelandskap. Her frå Moonen Bay, sett frå Waterstein Head.

England består for det meste av lågland, med ein del meir fjellterreng i nordvest (Cumbriafjella i Lake District) og nord (Penninane), og kalksteinsåsar i Peak District. Det er også fleire område med låge kalksteinsåsar, som Purbeck, Cotswolds, Lincolnshire med fleire. Det finst ingen toppar over 1 000 meter i England. Dei viktigaste elvene er Themsen og Severn, og ein reknar gjerne også med fjorden Humber i denne gruppa. Det største byområdet er Stor-London, og London er også hovudstaden i landet. Den engelske kanalen skil Storbritannia frå Fastlands-Europa, men gjennom Kanaltunnelen er det landsamband til Frankrike.

Skottland har ein variert geografi, med lågland i sør og aust og høgland i nord og vest. Det høgaste fjellet i Storbritannia ligg i det skotske høglandet; Ben Nevis rager 1344 moh. Det er mange lange og djupe fjordar og innsjøar her. Over 800 øyer høyrer til Skottland, blant anna Hebridane, Orknøyane og Shetland. Den største byen er Glasgow i sørvest, men hovudstaden er Edinburgh i søraust.

Wales består for det meste av fjellterreng. Den høgaste toppen er Snowdon, på 1085 moh. Nord for fastlandet ligg øya Anglesey. Hovudstaden Cardiff er største by, og ligg i den sørlege delen av Wales.

Nord-Irland består for det meste av åslandskap. Dei største byane er hovudstaden Belfast og Derry/Londonderry. Den største innsjøen i Storbritannia, Lough Neagh, ligg i Nord-Irland og har eit overflateareal på 388 km².

Klima

endre

Ein er aldri langt i frå havet i Storbritannia og dette påverkar i stor grad klimaet. Klimaet er maritimt og fuktig, og det kan regne forholdsvis ofte, men sjeldan lenge om gongen. Enkelte område sentralt i England har i snitt berre ein time med regn om dagen. Lågtrykka i Atlanterhavet streifar ofte innom Irland og Skottland på veg austover, så desse områda er ein god del våtare og meir vindfull enn England. Wales og Lake District får òg meir nedbør enn søraustlege delar av England. Regn som varer fleire dagar kan i somme tilfelle føre til flaum i elvane, men ein kan òg ha meir enn ei veke utan regn i somme tilfelle.

Det regnar mindre og er meir sol om sommaren, og mest sol finn ein gjerne langs kysten. Skyene dannar seg gjerne litt innanfor kysten om dagen, og sig ut mot kysten om natta. Torevêr er ikkje uvanleg om sommaren, og desse kan i somme tilfelle gje hagl og til og med svake tornadoar. Storbritannia er faktisk det landet i verda som har flest tornadoar og skypumper per areal, men dei fleste av desse er av det svakaste slaget. Eit par gonger i løpet av sommaren pleier vanlegvis høgtrykk å parkere over Storbritannia. Det kan gje ei veke og to med svært fint og varmt vêr. Skottland er vanlegvis eit par grader kaldare enn England, og i Dei skotske høglanda vert ein dag med 20 °C rekna som ein varm dag. Shetland og dei ytre Hebridane har enno kjøligare forhold og ofte ein god del vind, om vinteren opp mot orkan styrke i tillegg til ein god del skyer og regn.

Hausten og vinteren er som regel skya i Storbritannia. I desember 1890 hadde faktisk ikkje London eit einaste glimt av sola. Dei vestlege og nordlege områda av øya er utsett for kraftig vind i vinterhalvåret. Vinteren vert derimot sjeldan kald på Dei britiske øyane. Varmast om vinteren er det faktisk på nordaustkysten som kan få temperaturar godt over 10 °C, og i somme fønvindlikninande situasjonar kan temperaturen kome opp i 15 °C midtvinters.

Dei vestlege områda av Cornwall og Pembroke har så godt som aldri snø om vinteren. Dei høgareliggande områda av Wales og Penninane kan derimot ha om lag 40 snødagar i løpet av eit år, medan Grampianfjella har over 70. Snøen kan ligge på dei høgaste toppane til langt ut på våren. Fjellet Ben MacDhui i Skottland hadde tidlegare snø året rundt, men denne smelta i september 1933. Enkelte år kan fjellet likevel ha snø året rundt. Kulde er mest vanleg i februar og mars, då lågtrykka i Atlanterhavet vert svakare. Om våren byrjar nedbøren å minke igjen, og i mai har temperaturane alt byrja å nærme seg sommarlege nivå.

Belfast i Nord-Irland er eit av dei våtaste områda i Storbritannia med ein årleg nedbørsnormal på 846 mm, men vest- og nordkysten av Skottland har meir enn 1000 mm. London har ein årleg nedbørsnormal på 593 mm.

Historie

endre

Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, på engelsk United Kingdom of Great Britain and Ireland vart skipa den 1. januar 1801. På 1800-talet var Storbritannia den dominerande handels- og sjømakta i verda med eit imperium som strekte seg over ein tredel av jordkloten. Mellom anna var India, Canada, Australia og store delar av Aust-Afrika lagt under den britiske krona. Som fylgje av dette er den britiske monarken framleis statsoverhovud i mange tidlegare koloniar. Republikken Irland gjekk ut av det sameinte kongeriket, og namnet på riket vart i 1927 endra til Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland.

Politikk

endre

Storbritannia er eit monarki med parlamentarisk styresett. Grunnlova er delvis uskriven. Statsoverhovud, og i teorien den endelege kjelda for statsmakt, er den britiske monarken. I røynda er monarken i hovudsak ein seremoniell institusjon. Formelt er det monarken gjennom parlamentet (Crown-in-Parliament) som er den suverene makta i staten. I siste instans ligg den lovgjevande, utøvande og dømande makta her.

Storbritannia har vore regjert av tyske fyrstar og fyrstehuset Hannover sidan 1714. Då arva kurfyrsten av Hannover Georg Ludwig trona. Dronning Victoria av Storbritannia var den siste av fyrstehuset Hannover på den britiske trona. Trona gjekk over til slekta til hennar mann. Han var ein del av Sachsen sitt kongehus Wettin (eller fyrstehuset Sachsen-Coburg-Gotha). I 1917 vart namnet på den engelske delen av fyrstehuset endra til fyrstehuset Windsor. Etter dronning Elizabeth II vil trona gå over til fyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg. Fyrstehuset regjerer Danmark og Noreg, og var tidlegare fyrstehus i Hellas. Mannen til dronning Elizabeth, Prins Philip, hertug av Edinburgh, var før han gifta seg prins av Hellas og Danmark.

Koloniar

endre

Merknadar

endre
  1. engelsk Great Britain, forkorta GB
  2. eng. United Kingdom of Great Britain and Northern Ireland, kort UK

Kjelder

endre
  1. «Storbritannia». Store norske leksikon. 
  2. 2,0 2,1 «Countries within a country». Prime Minister's Office. 10. januar 2003. Arkivert frå originalen 9. september 2008. Henta 8. mars 2015. 
  3. «Definition of Great Britain in English». Oxford University Press. Arkivert frå originalen 4. oktober 2013. Henta 29. oktober 2014. «Great Britain is the name for the island that comprises England, Scotland and Wales, although the term is also used loosely to refer to the United Kingdom.» 

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Storbritannia