George Biondo

amerikansk songar

George Michael Biondo[1] (fødd 3. september 1945) er ein USA-amerikansk musikar som tente som bassgitarist for det amerikansk-kanadiske rockebandet Steppenwolf frå april 1970 til oktober 1976.[2] Han var fødd i New York,[3][4] men har hatt base i Sør-California gjennom ein karriere som studiomusikar og låtskrivar.

George Biondo

Biondo med Steppenwolf, til høgre
Fødd3. september 1945 (78 år)
FødestadBrooklyn i New York i USA
FødenamnGeorge Michael Biondo
OpphavUSA
AktivSidan 1967
SjangerAcid rock, hardrock, psykedelisk rock, heavy metal
Instrumentbassgitar
Tilknytte artistarThe Storybook People
T.I.M.E.
Steppenwolf
The John Kay Band
Steel Rose
PlateselskapDunhill Records
Mums Records
Epic Records
MCA Records
Dore Records
Verka somStudiomusikar, låtskrivar

Tidleg karriere

endre

Biondo spelte bass i eit band frå Los Angeles kalla Storybook People, og i denne perioden gav dei ut ein singel på Dunhill Records, som vart spelt noko i radio i Los Angeles.[5] I 1968 erstatta Biondo Nick St. Nicholas i eit anna band frå Los Angeles-området, T.I.M.E., då St. Nicholas gjekk til Steppenwolf. Etter at T.I.M.E.-gitaristen Larry Byrom òg forlét bandet til fordel for Steppenwolf, gjorde T.I.M.E. eit kortvarig forsøk på å halda fram med Biondo som forsongar, men gav aldri ut fleire innspelingar.

Steppenwolf

endre

Tidlig i 1970 erstatta Biondo St. Nicholas for andre gong[6] då han vart med i Steppenwolf for innspelinga av Steppenwolf 7, og bidrog med solovokal på «Fat Jack» og delt solovokal på «Foggy Mental Breakdown» og hitlåten «Who Needs Ya'».[7] I 1971 gav bandet ut sitt siste nye album for Dunhill, For Ladies Only, der Biondo skreiv «Sparkle Eyes» saman med John Kay og «In Hopes of a Garden» for. Han song solo på sistnemnde, og dessutan «Jaded Strompet».[7] Då Steppenwolf tok ein pause i 1972, vart Biondo ein av grunnleggjarane av John Kay Band og spelte på begge soloalbuma til Kay på Dunhill Records.[7] Då Steppenwolf vart gjenforeina på midten av 1970-talet, vart Biondo henta tilbake for albumet Slow Flux. Deretter skreiv han «Two for the Love of One» til albumet Hour of the Wolf.[7] Biondo skreiv seinare «Sleep» og den instrumentale «Lip Service» saman med Bobby Cochran og Wayne Cook til albumet Skullduggery i 1976.[8] I 1981 la Biondo til korvokal på Wolftracks, det første studioalbumet til John Kay og det nye bandet hans, no under namnet John Kay & Steppenwolf.[8]

Etter Steppenwolf

endre

I 1980 vart Biondo gjenforeina med Steppenwolf-grunnleggjaren Jerry Edmonton i bandet Steel Rose. Ein Steel Rose-singel skriven av Biondo, «Good That You're Gone», vart gitt ut på Dore Records, med Biondo på solovokal.[9] Då Steel Rose vart oppløyst i 1984, gjekk Biondo tilbake til skriving og frilansjobbing på klubbar og innspelingar.

Diskografi

endre

Studioalbum

endre

Samlealbum

endre

Singlar

endre
Utgjevingsdato A-side B-side Plassering amerikansk hitliste Plassering britisk hitliste
1967 «Do You Believe»
«Afternoon Glare» «No Return»
1970 «Screaming Night Hog» (Kay) «Spiritual Fantasy» (Kay) 62
«Who Needs Ya» (Byrom/Kay) «Earschplittenloudenboomer» (Byrom) 54
«Snowblind Friend» (Axton) «Hippo Stomp» (Byrom/Kay)
1971 «Ride With Me» (Bonfire) «For Madmen Only» 52
«For Ladies Only» (Edmonton/Henry/Kay/McJohn) «Sparkle Eyes» (Biondo/Kay) 64
1974 «Straight Shootin' Woman» (Edmonton) «Justice Don't Be Slow» (Kay/Richie) 29
1975 «Get Into The Wind» (Cochran/Van Beek) «Morning Blue» (Biondo)
«Smokey Factory Blues» (Hammond/Hazlewood) «A Fool's Fantasy» (McJohn)
«Caroline (Are You Ready)» (Bonfire) «Angeldrawers»

Kjelder

endre
  1. «Letter from George Michael Biondo of Steppenwolf». Fineguitarconsultants.com. Arkivert frå originalen 7. august 2007. Henta 2. juli 2023. 
  2. «Steppenwolf Family Tree». Steppenwolf.com. Arkivert frå originalen 14. november 2007. Henta 2. juli 2023. 
  3. «Music.msn.com». Arkivert frå originalen 19. mai 2011. Henta 16. august 2008. 
  4. «George Biondo». Music.msn.com. Arkivert frå originalen 29. januar 2013. Henta 2. juli 2023. 
  5. «Searchin' for Shakes». Comps.ugly-things.com. Arkivert frå originalen 28. november 2007. Henta 2. juli 2023. 
  6. . «Steppenwolf-biografi». Steppenwolf.com. Arkivert frå originalen 1. februar 2010. Henta 2. juli 2023. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 «Musikkens tilblivelse del 2». Steppenwolf.com. Arkivert frå originalen 24. november 2007. Henta 2. juli 2023. 
  8. 8,0 8,1 «The Making of the Music Part 3». Steppenwolf.com. Arkivert frå originalen 24. november 2007. Henta 2. juli 2023. 
  9. «Connolly Artist». Connollyandco.com. Arkivert frå originalen 2. november 2007. Henta 2. juli 2023.