Gilgamesj

(Omdirigert frå Gilgamesj-eposet)
Denne artikkelen gjeld eposet, sjå også Kong Gilgamesj

Gilgamesj er eit sumerisk og babylonsk epos som handlar om den legendariske kong Gilgamesj av Uruk. Eposet blei skrive ned rundt år 2000 f.Kr, om lag 800 år etter kong Gilgamesj si regjeringstid. Berre delar av eposet har blitt funne, på leirtavler i ruinbyen Ninive. Eposet er skrive delvis på sumerisk og delvis på akkadisk. Heile eposet er sørgjeleg og pessimistisk.

Leirtavle med kileskrift som inneheld ein del (soga om floda) av Gilgamesjeposet.

Sin-leqi-unninni, ein prest som levde i Babylonia om lag 1400 f.Kr., er forfattaren til den best bevarte versjonen av Gilgamesj-eposet. Han er dermed den eldste episke forfattaren ein kjenner namnet på.

Det første skjønnlitterære verket endre

 
Ninsun, mor til Gilgamesj.

Historia om Gilgamesj var opphavleg munnlege forteljingar som oppstod på same tid som det første skriftspråket i verda, kileskrifta, omkring 3400 f.Kr. i Mesopotamia. Men historia om Gilgamesj blei likevel ikkje skriven ned før rundt 1800 f.Kr. Gilgamesj-eposet var likevel det første skrivne skjønnlitterære verket i historia. Før 1800 f.Kr. blei skriftspråket brukt til merkantile føremål og matematiske nedteikningar. Eposet fekk stor tyding for andre seinare nedskrivne verk. Mange av dei sumeriske gudane har hatt innflyting på framstillinga av dei greske gudane. Den mest kjende er Ishtar, som i mangt liknar på den greske grødegudinna Afrodite. Gilgamesj-eposet er ei svært god kjelde til kva slags samfunn Sumer var. Mellom anna viser eposet at her var prostitusjon.

Gilgamesj-eposet er også startskotet for utviklinga av omgrepet helt, der heltane gradvis miste dei guddommelege sidene. I eposet er det både mannlege heltar, Gilgamesj og Enkidu, og ei kvinneleg heltinne, Sjamhat.

Skildringa av oversvømminga liknar i somt på det babylonsk-akkadiske eposet Atrahasis, som blei skrive ned ca 1700 f.Kr., og som har preg av å vere eldre enn Gilgamesjeposet.

Utnapisjti og den store syndfloda endre

I Gilgamesj får ein opplysingar om ei tidlegare hending, som skjedde lenge før historia om Gilgamesj. Historia er kjend som historia om den store syndfloda, der ein høyrer om Utnapisjti, «han som reddar liv». Han overlever den store syndfloda ved å bli åtvara av guden Ea, som bad han bygge ein båt til seg, familien sin og vennane sine. Etter syndfloda blir han alle menneske sin stamfar og seinare gjort til guddom. Historia om Utnapisjti finn ein igjen i mange andre litterære verk. Den mest kjende er historia frå Bibelen om Noahs ark, der historia om Noah liknar mykje på historia om Utnapisjti.

Handling endre

 
Helten Enkidu.

Eposet startar med at kong Gilgamesj av Uruk, to tredjedelar gud og ein tredjedel menneske, undertrykkjer sine eigne undersåttar. Desse får etter kvart nok og ber til gudinna Aruru om å sende dei ein mann som i styrke er Gilgamesj sin likemann. Ho skapar villmannen Enkidu og lèt han vekse opp med dyra i naturen. Ein dag får ein av jegerane i Uruk auge på villmannen, som vernar dyra mot fellene til jegerane. Jegeren fortel Gilgamsj om denne mannen, og Gilgamesj sender jegeren tilbake med hetæra Shamhat, som gjer villmannen om til ein sivilisert mann ved å vekke driftene i han. Dyra, som var brørne og systrene hans, vender ryggen til han, og Sjamhat tar han med til Gilgamesj. Dei måler styrke med kvarandre, og blir venner som gjer heltedådar saman. Gudinna Istar blir forelska i Gilgamesj, som avslår hennar frieri, og bestemmer seg for å drepe vennen Enkidu. Gilgamesj prøvar å lære om døden og livet etter døden, og begynner å søke etter svara. På vandringa si møter Gilgamesj på Utnapisjti, alle menneske sin stamfar, som blei til ein gud etter den store syndfloda.

Tolking endre

Ein måte å tolke eposet på er å sjå på Gilgamesj sin natur, som to tredjedelar gud og ein tredjedel menneske. Dei guddommelege delane gir han ein trong til å bli udødeleg, medan den menneskelege delen hans gjer at han aldri oppnår dette. Eposet har på denne bakgrunnen blitt kalla ei læretekst, der ein fortalde om ulikskapane mellom gudane og menneska, og om avgrensingane for menneska.

Viktige personar endre

  • Gilgamesj, kongen av Uruk.
  • Enkidu, villmann og venn av Gilgamesj.
  • Anu, himmelguden.
  • Aruru, gudinna som skapte menneska.
  • Ea, guden for ferskvatn.
  • Enlil, guden for vinden.
  • Himmeltyren.
  • Humbaba, vakter av Sedertreskogen.
  • Istar/Ishtar, gudinna for kjærleik, lidenskap og raseri. Uruk sin vernar.
  • Lugalbanda, guden som vernar Gilgamesj.
  • Sjamhat/Shamhat, hetære.
  • Utnapisjti/Utnapishti, menneska sin stamfar og overlevande frå den store syndfloda.





Tekstar ein meiner er påverka av Gilgamesj-eposet endre





Norske utgåver av Gilgamesj endre

I Noreg blei verket gitt ut første gong av Cappelen forlag i 1967, i Per Seyersted si omsetjing og med føreord av Arvid S. Kapelrud. Denne utgåva er gitt ut fleire gongar, sist i 2008, med tittelen Gilgamesj, han som så alt. ISBN 978-82-02-28188-5

Ein utgåve i serien Verdens hellige skrifter i 2001, med Gilgamesh og Atrahasis, innehelt ei ny omsetjing av Jens Braarvig og Tor Åge Bringsværd. Denne utgåva er omsett frå sumerisk og akkadisk. ISBN 82-525-4106-2 - ei utvida og revidert omsetjing av denne utgåva blei gitt ut i 2004, og har kome i fleire opplag, også i serien Verdensbiblioteket. ISBN 978-82-525-7057-1

Eit teaterstykke basert på eposet er skrive av Rolf Losnesgård og hadde urpremiere på Agder teater i 2001.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Gilgamesj