Giovanni Bononcini

italiensk komponist

Giovanni Battista Bononcini (18. juli 16709. juli 1747) var ein italiensk barokkomponist og cellist frå ein familie av musikarar og komponistar. Faren hans, Giovanni Marie Bononcini (1642-78), var fiolinist og komponist.

Giovanni Bononcini
Giovanni Battista Bononcini.png
Giovanni Bononcini
Fødd18. juli 1670
FødestadModena i Italia
Død9. juli 1747 (76 år)
DødsstadWien i Austerrike
FødenamnGiovanni Battista Bononcini
PeriodeBarokken
Aktiv1685-1722
SjangerOpera, kormusikk, kammermusikk
InstrumentCello
Verka somKomponist og cellist
FarGiovanni Maria Bononcini

BiografiEndra

Bononcini vart fødd i Modena i Italia som den eldste av tre brør. Den yngre broren Antonio Marie Bononcini, var òg komponist. Giovanni Battista studerte cello i Bologna. Han tente så som kapellmeister ved San Giovanni i Monte og seinare i Milano, Roma, Wien og Berlin. Frå 1720 to 1732 var han i London, der han ei stund var like populær som Händel. Konkurransen dei i mellom inspirerte til eit epigram av John Byrom som gjorde uttykket «Tweedledum and Tweedledee» (hipp som happ) kjend.) Bononcini forlet London etter å ha vorte skulda for plagiat, noko som vart bevist. Han døydde i fattigdom i Wien.

KomposisjonarEndra

Han publiserte dei første verka sine for cello, instrumentet hans, i 1685 i Bologna. Andre verk av han var operaer, messer og ein gravferdshymne for hertugen av Marlborough. Ein av operaene hans, Xerse, parodierte musikk frå ein tidlegare opera av Francesco Cavalli. Dette omfatta arien «Ombra mai fu». Bononcinis Xerse vart seinare tilpassa av Georg Friedrich Händel med ein tredje (og mest kjende) utgåve av «Ombra mai fu».

OperaerEndra

 
Noter til Calphurnia, ca. 1724.
  • Xerse (1694)
  • Il trionfo di Camilla (1696)
  • L'amore eroica fra pastori (1696)
  • La clemenza di augusto (1697)
  • La fede pubblica (1699)
  • Cefalo (1702)
  • Etearco (1707)
  • Marie fuggitivo (1708)
  • Astarto (1720)
  • L'odio e l'amore (1721)
  • Crispo (1721)
  • Griselda (1722)
  • Erminia (1723)
  • Calphurnia (1724)
  • Astianatte (1727)
  • Alessandro in Sidone (1737)

Andre verkEndra

  • Messe brevi (1688)
  • Divertimenti da camera (1722)
  • XII Sonatas for the Chamber (1732)
  • Lidio, schernito amante (kantate)

BakgrunnsstoffEndra