Girl Happy
Girl Happy Filmmusikkalbum av Elvis Presley | ||
Utgjeve | 2. mars 1965 | |
Innspelt | Mars 1962 og juni 1964 | |
Sjanger | Rock, pop | |
Lengd | 24:16 | |
Selskap | RCA Victor | |
Produsent | George Stoll | |
Elvis Presley-kronologi | ||
---|---|---|
Roustabout
(1964) |
Girl Happy | Elvis for Everyone!
(1965) |
Girl Happy er det 21. albumet til Elvis Presley, gjeve ut på RCA Victor Records i mono og stereo, LPM/LSP 3338, i mars 1965. Innspelinga fann stad i Radio Recorders i Hollywood, den 10. til 12. juni med ekstra vokalspor av Presley den 15. juni 1964. Albumet nådde åttandeplassen på Top LP's-lista.[2] Det selde til gullplate 15. juli 1999 i USA.[3]
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
InnhaldEndra
Utanom singlane til samlealbumet Elvis' Golden Records Volume 3, var dette det sjette originale Presley-albumet på rad med filmmusikk frå ein av filmane han spelte i.[4] Det vart spelt inn elleve songar og alle vart brukte. «The Meanest Girl in Town» vart opphavleg gjeven ut som «Yeah, She's Evil!» av Bill Haley & His Comets på Decca Records i juli 1964, sjølv om Haley spelte inn sin versjon seks dagar etter Presley.[5] Ein feil i masteringa av musikken førte til at farten på røysta til Presley vart auka fleire gonger.[6] RCA gav til slutt ein rett versjon av tittelsporet i 1991 på samlealbumet Collectors Gold from the Movie Years, men då med eit alternativt opptak. Til slutt vart den riktige versjon med rett snøggleik gjeven ut.
«Do the Clam» vart gjeven ut på singel omtrent ein månad før albumet kom ut, og nådde 21. plassen på Billboard Hot 100 og låg inne på veka i åtte veker.[7] B-sida var eit unytta spor kalla «You'll Be Gone», skriven av Presley med «Memphis Mafia»-medlemmane Red West og Charlie Hodge[8], og vart spelt inn 18. mars 1962 under innspelinga til Pot Luck with Elvis. Ein variant av Cole Porter-standarden «Begin the Beguine» (etter Porter hadde nekta dei å endre teksten), vart den nye songen utvikla med melodien og teksten til Porter som mal.[9] Songen var ikkje med i filmen, men vart lagt til albumet.
Mot slutten av 1965 gav RCA ut filmmusikk til den tredje filmen til Presley det året, Harum Scarum. Sidan ingen av songane på albumet hadde potensiale som singel, valde RCA ut «Puppet on a String» i lag med den då fem år gamle «Wooden Heart» som årets julesingel. Sjølv om «Puppet on a String» alt var gjeve ut på Girl Happy, klatra songen til 14. plassen på Billboard Hot 100.[10] I 2003 vart Girl Happy gjeve ut på ny på selskapet Follow That Dream i ei spesialutgåve med dei originale songane frå albumet i tillegg til mange alternative opptak.[11]
MedverkandeEndra
|
|
InnhaldEndra
Original release (1965)Endra
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspelt | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Girl Happy» | Doc Pomus og Norman Meade | 10. juni 1964 | 2:07 |
2. | «Spring Fever» | Bernie Baum, Bill Giant, Florence Kaye | 11. juni 1964 | 1:52 |
3. | «Fort Lauderdale Chamber of Commerce» | Sid Tepper og Roy C. Bennett | 11. juni 1964 | 1:32 |
4. | «Startin' Tonight» | Lenore Rosenblatt, Victor Millrose | 12. juni 1964 | 1:19 |
5. | «Wolf Call» | Bernie Baum, Bill Giant, Florence Kaye | 12. juni 1964 | 1:26 |
6. | «Do Not Disturb» | Bernie Baum, Bill Giant, Florence Kaye | 11. juni 1964 | 1:52 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspelt | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Cross My Heart and Hope to Die» | Ben Weisman og Sid Wayne | 11. juni 1964 | 1:55 |
2. | «The Meanest Girl in Town» | Joy Byers | 10. juni 1964 | 1:55 |
3. | «Do the Clam» | Ben Weisman, Dolores Fuller, Sid Wayne | 12. juni 1964 | 3:20 |
4. | «Puppet on a String» | Sid Tepper og Roy C. Bennett | 10. juni 1964 | 2:39 |
5. | «I've Got to Find My Baby» | Joy Byers | 11. juni 1964 | 1:35 |
6. | «You'll Be Gone» (Bonusspor) | Elvis Presley, Charlie Hodge, Red West | 18. mars 1962 | 2:23 |
Follow That Dream-utgåva (2003)Endra
|
|
ListerEndra
Album
|
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Girl Happy (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 30. november 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Allmusic review
- ↑ «Pop Albums». Elvis Presley: Official Site of the King of Rock 'n' Roll. Elvis Presley Enterprises, Inc. 2013. Henta 5. oktober 2016.
- ↑ «Searchable database». RIAA. Recording Industry Association of America. 2013. Henta 30. november 2016. Merk: Søk på «Girl Happy»
- ↑ Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 415-416.
- ↑ «The Bill Haley Recordings File». Chris Gardner's Bill Haley Database. 2013. Henta 30. november 2016.
- ↑ Carr, Roy, and Farren, Mick. Elvis The Illustrated Record. London: Harmony Books, 1982; s. 97
- ↑ Lichter, Paul (1982). The Boy Who Dared to Rock. Galahad Books. s. 212. ISBN 0883656221.
- ↑ Jorgensen, op. cit., s. 166.
- ↑ Guralnick, Peter. From Nashville to Memphis: The Essential 60s Masters. RCA 66160-2, 1993, liner notes, s. 22, 24.
- ↑ «Pop Singles». Elvis Presley: Official Site of the King of Rock 'n' Roll. Elvis Presley Enterprises, Inc. 2013. Henta 30. november 2016.
- ↑ Sources:
- «Follow That Dream releases». Elvispresleyshop. Elvis Australia. 2015. Henta 30. november 2016.
- «Girl Happy». Shopelvis. ABG EPE IP LLC. 2015. Henta 30. november 2016.
- ↑ «American album salstrofé – Elvis Presley – Girl Happy». Recording Industry Association of America. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH