Go Bo Diddley
Studioalbum av Bo Diddley
Språk engelsk
Utgjeve Juli 1959[1]
Innspelt 2. mars 1955–september 1958 i Chicago i Illinois[2][3]
Sjanger Rock and roll, rhythm and blues
Lengd 30:57
Selskap Checker
Produsent Leonard Chess, Phil Chess, Bo Diddley
Bo Diddley-kronologi 
Bo Diddley
(1958)
Go Bo Diddley Have Guitar Will Travel
(1960)
Singlar frå Go Bo Diddley
  1. «I'm Sorry»
    Utgjeve: Feruar 1959[4]
  2. «Crackin' Up»
    Utgjeve: Mai 1959[5]
  3. «Say Man»
    Utgjeve: August 1959[6]

Go Bo Diddley er det andre albumet til rock and roll-pioneren Bo Diddley. Det vart gjeve ut i juli 1959.[1] Albumet var det første studioalbumet til Diddley og det første han gav ut på Checker Records. Albumet vart rangert på 214. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[7]

Bakgrunn endre

B-sida til singelen «Hush Your Mouth», «Dearest Darling», vart gjeven ut i juni 1958 og var òg på debutalbumet til Diddley. Den neste singelen hans, «Willie and Lillie», kom ut i november 1958 og så på dette albumet. «I'm Sorry»/«Oh Yea» kom så på singel i februar 1959[4] og nådde 17. plassen på Billboard si Hot R&B Sides-liste.[8] Den neste singelen, «Crackin' Up» med B-sida «The Great Grandfather», kom ut i mai.[5] Go Bo Diddley vart gjeve ut to månader seinare i juli.[1] I november 1959 gav ut Diddley ut den mest populære singelen sin, «Say Man»/«The Clock Strikes Twelve» som vart ein hit som nådde 20. plassen på Billboard Hot 100. Resten av songane på albumet var berre albumspor, inkludert «You Don't Love Me (You Don't Care)» som Little Walter kalla «Roller Coaster» og gav ut på singel.[9]

Innspeling endre

Den originale innspelinga vart gjort i mono med ein Ampex-350 lydbandopptakar.[10] Songane «You Don't Love Me (You Don't Care)»[2] og «Little Girl» var frå den første innspelinga til Diddley for Chess Records den 2. mars 1955.[3]

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Ellas McDaniel (Bo Diddley), utanom «I'm Sorry» som vart skriven i samarbeid med Alan Freed og Harvey Fuqua.[10].

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Crackin' Up»2:41
2.«I'm Sorry»2:30
3.«Bo's Gitar»2:38
4.«Willie and Lillie»2:34
5.«You Don't Love Me (You Don't Care)»2:36
6.«Say Man»2:30
Side to
Nr.TittelLengd
7.«The Great Grandfather»2:40
8.«Oh Yea»2:30
9.«Don't Let It Go»2:36
10.«Little Girl»2:35
11.«Dearest Darling»2:32
12.«The Clock Strikes Twelve»2:35

Medverkande endre

I følgje plateomslaget[2][3]

Andre versjonar endre

Songen «Little Girl» vart spelt av den britiske R&B-gruppa The Yardbirds på albumet deira Five Live Yardbirds og var den første av tre Bo Diddley-songar på dette albumet. The Gants gav ut «Crackin' Up» på singel i 1966. Corey Harris spelte inn ein versjon av songen «Crackin' Up» på A Tribute to Bo Diddley. Songen vart òg spelt av Paul McCartneyСнова в СССР, og vart òg framført av The Rolling Stones. Det nederlandske bluesbandet Livin' Blues spelte songen «The Great Grandfather» i 1973 på albumet Ram Jam Josey.

Lister endre

Singlar
År Singel Plassering
Billboard R&B Singles[11] Billboard Hot 100[11]
1959 «Crackin' Up» #14 #62
1959 «I'm Sorry» #17 -
1959 «Say Man» #3 #20

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Overview: Go Bo Diddley by Bo Diddley». Allmusic. USA: Rovi Corporation. Henta 11. juli 2017. 
  2. 2,0 2,1 2,2 His Best (CD liner). Bo Diddley. USA: Chess/MCA Records. 1997. CHD-9373. Arkivert frå originalen 16. september 2011. Henta 10. juli 2017. 
  3. 3,0 3,1 3,2 I'm a Man: The Chess Masters, 1955–1958 (CD liner). Bo Diddley. USA: Hip-O Select. 2007. 
  4. 4,0 4,1 Strong, Charles (2002) [Originally published in 1994]. The Great Rock Diskografi (Sixth utg.). United Kingdom: Canongate Books. s. 371. ISBN 1-84195-312-1. 
  5. 5,0 5,1 «Reviews of New Pop Records». Billboard: 63. August 24, 1959. Henta 11. juli 2017. 
  6. «Reviews of This Week's Singles». Billboard: 45. August 24, 1959. Henta 11. juli 2017. 
  7. «500 Greatest Albums: Bo Diddley/Go Bo Diddley - Bo Diddley». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 28. oktober 2010. Henta 11. juli 2017. 
  8. «Bo Diddley - Billboard Singles». Allmusic. USA: Rovi Corporation. Henta 11. juli 2017. 
  9. Glover, Tony; Scott Dirks; Ward Gaines (2002). Blues with a feeling: the Little Walter story. Routledge. s. 147–48. ISBN 978-0-415-93711-5. 
  10. 10,0 10,1 Go Bo Diddley LP 1436 Sleeve Notes
  11. 11,0 11,1 http://www.allmusic.com/artist/p57518