Good Times Bad Times

Good Times Bad Times
Singel av Led Zeppelin
frå albumet Led Zeppelin
B-side

«Communication Breakdown»

Språk engelsk
Utgjeve 10. mars 1969
Innspelt Oktober 1968 i Olympic Studios i London
Sjanger Hardrock, heavy metal
Lengd 2:47
Selskap Atlantic
Komponist John Paul Jones, John Bonham, Jimmy Page, Robert Plant
Tekstforfattar Jimmy Page, John Paul Jones, John Bonham, Robert Plant
Låtskrivar(ar) John Bonham, John Paul Jones, Jimmy Page
Produsent Jimmy Page
Led Zeppelin-kronologi 
Good Times Bad Times «Whole Lotta Love» / «Living Loving Maid (She's Just a Woman)»
(1969)


«Good Times Bad Times» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin og finst som opningsspor på debutalbumet deira Led Zeppelin frå 1969. Songen vart òg gjeven ut som singel med «Communication Breakdown» som B-side. Singelen nådde 80. plass på singellista i USA.

For gitarsoloen køyrte gitarist Jimmy Page Telecasteren sin gjennom ein Lesliehøgtalar for å skape ein roterande effekt.[1][2] Denne høgtalartypen har ein roterande del og var laga for Hammondorgel. Gitarar kunne òg nyttast. George Harrison og Eric Clapton nytta denne teknikken på Cream-songen «Badge», og Harrison nytta han fleire gonger på The Beatles-innspelingar.[3] I eit intervju han gav Guitar World i 1993 forklarte Page:

« Eg hugsar eg nytta brettet til å overanstrenge ein Leslie-høgtalar for hovudriffet på «How Many More Times». Det høyrest ikkje ut som ein Leslie, fordi eg slo av rotasjonen på høgtalarane. Gitaren går gjennom brettet, så gjennom ein forsterkar som dreiv Leslie-kassen. Det var eit vellukka eksperiment.[4] »

Page, som òg var produsent på innspelinga, plasserte mikrofonar over heile studioet for å fange live-kjensla då songen vart spelt inn.

Songen er kjend for trommerytmen der trommeslagar John Bonham spelar ei rekkje sekstande-dels triolar på ei enkel basstromme, ein effekt mange seinare trommeslagarar har etterlikna, i tillegg til å spele fjerdedelsnotar på hi-haten med venstrefoten gjennom heile songen. Bonhan utvikla visstnok denne teknikken etter å ha høyrt på Vanilla Fudge. Han var ikkje klar over at trommeslagar Carmine Appice faktisk spelte på dobbel basstromme. Som Page sa:

« Det mest makelause med heile songen er sjølvsagt den utrulege stortromma til Bonzo. Det er overmenneskeleg når du skjønar at han ikkje spelar med doble pedalar. Det er ein pedal! Det var då folk forstod kva han var laga av.[4] »

Bassist John Paul Jones har kommentert bidraget sitt på songen:

« Vanlegvis var alt [av Led Zeppelin] med mange notar mitt og alt med små akkordar Page sine. Ting som «Good Times Bad Times», dei er mine typar riff, dei er ganske travle.[5] »

Jones sa at riffet han skreiv for songen var eit av dei vanskelegaste han har skrive.[6]

«Good Times Bad Times» vart sjeldan spelt på konsertar i sin heilskap. Eit par gonger i 1969 vart han nytta som introduksjon til «Communication Breakdown». Heile songen vart framført som ein medley i lag med «Communication Breakdown» i LA Forum den 4. september 1970, der han òg inneheldt ein bassolo av John Paul Jones (finst på piratkopialbumet Live on Blueberry Hill), og fleire «Whole Lotta Love» medleyar i 1971. Songen var opningssong på Led Zeppelin-konserten i O2 Arena i London den 10. desember 2007.

Songen vart spela i filmen The Fighter. Dette er ein av få gonger at nokre av songane til bandet er nytta i filmar.

Medverkande endre

Andre versjonar endre

Kjelder endre

  1. Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9
  2. Steven Rosen, 1977 Jimmy Page Interview Arkivert 2011-01-05 ved Wayback Machine., Modern Guitara, 25 May 2007 (originally published in the July 1977, issue of Guitar Player magazine).
  3. Abbey Road, arkivert frå originalen 30. mars 2013, henta 21. mars 2011 
  4. 4,0 4,1 Interview with Jimmy Page Arkivert 2011-08-07 ved Wayback Machine., Guitar World, 1993
  5. Long, Andy (March, 2002). «Get The Led Out». Global Bass Online. Henta 21. mars 2011. 
  6. David Fricke, Q&A: John Paul Jones of Led Zeppelin Arkivert 2011-08-07 ved Wayback Machine., Rolling Stone, 24. januar 2008.

Bakgrunnsstoff endre