Eilev Smedal, fødd 1889 og daud 1938, var ein spelemann frå Seljord i Telemark.

Eilev Smedal
Fødd10. juli 1889
FødestadSeljord
Død1938 (48 år)
OpphavNoreg
Verka sommusikar, lege

Eilev Smedal var fødd inn i ein søskjenflokk der mest alle spela fele: Harald, Gunnleik, Olav, Gregar og Eilev. Dei førande brørne var Eilev sjølv og bror hans, Gunnleik Smedal. Mor deira var dotter av Signe Gibøen, søster til Håvard Gibøen, og slik var Smedalskarane og skyldte til Olav Groven. Gjennom mora kom Smedalskarane tidleg i kontakt med Gibø-tradisjonen.

Eilev Smedal hadde mellom anna lært slåttar av Kjetil Håvardsson, son av Håvard Gibøen, og hadde noko spel etter Lars Fykerud. Han hadde eit flokete spel med mykje fingerbruk, som kom til å verte stilideal for både Olav Groven og Eivind Mo. Han var ein av dei første som skjøna verdien av plateinnspeling, og spela inn fleire numre som vart utgjevne alt i 1913. Han reiste til Amerika i 1914, og arbeidde som lækjar der, men var heimom to gonger sidan, i 1928 og i 1936. Båe gongene sette han varuge spor etter seg som spelemann i Telemark. I 1936 gjorde han og nokre opptak for NRK, som sidan vart skrivne opp etter han (ved Eivind Groven).

Sommaren 1936 reiste Eilev Smedal og Eivind Mo på ei lengre reise gjennom Telemark, og kom mellom anna til Møsstrond. Der råka dei på Arne Bjørndal, som hadde vore hjå Knut Vågen på samlarferd. Bjørndal følgde med dei over Møsvatn. og sytte for å fotografere ferdelaget.

Smedal døydde i Amerika i 1938.

Slåttar skrivne ned etter Eilev Smedal endre

Hardingfeleverket har trykt opp 22 slåttar skrivne ned etter Eilev Smedal, dei fleste av Eivind Groven i 1936. Truls Ørpen skreiv og ned nokre nummer etter opptak.

Gangar 6/8 endre

  • 67: Meglaren. Nedskriven 1936 (G 953). Slåtten går på høg ters (A-E-A-E). Han er etter Myllarguten. Myllaren pla nytte denne i bryllaup når det vart ugreie ved bordsettet, særleg når brurefølgjet kom frå loftet og det ikkje fekk plass snøgt nok. Når Myllarguten spela slåtten, laut dei andre gå frå bordet og gje rom for følgjet (Hardingfeleverket).

Gangar 2/4 endre

  • 140d: Halling. Nedskriven 1920 etter minne. Her er det notert "Etter Olav H. Tveito og Eilev Smedal" (G 602). Slåtten er elles kalla Mattis Flathus eller Talishaugen. Slåtten skriv seg nok frå spelemannen Mattis Flathus, lærar av Myllarguten.
  • 161s: Geituften. Nedskriven 1936 (G 959). Geitufs var ein husmannsplass under garden Vasstveit i Seljord, Namnet skriv seg truleg frå ein dansar eller spelemann som budde her. Variant av gangaren Førnesbrunen.

Springar endre