Sør-Amerika

kontinent
(Omdirigert frå Søramerikansk)

Sør-Amerika er det sørlege av dei to kontinenta som utgjer den amerikanske verdsdelen. Området strekker seg rundt 7 600 km, frå rundt 12° nord for ekvator til over 55° sør for han, like ved Antarktis. Kysten møter Stillehavet på vestsida og Atlanterhavet på austsida. Landskapet er prega av dei ruvande Andesfjella i vest og Amazonaselva, fruktbart land og tropisk regnskog i aust. Geologisk er Sør-Amerika eit eige kontinent, i og med at det berre trefte Nord-Amerika ganske nyleg. Mange nord-amerikanarar reknar det òg som ein eigen verdsdel.

Sør-Amerika
Satellittbilde av Sør-Amerika

Urfolket i Sør-Amerika kom nordfrå, etter først å ha gått over landbrua i Beringstredet og vandra sørover. Dei kan òg ha møtt stillehavsfolk som hadde reist over havet. Området vart invadert av europearar frå 1530-åra, først spanjolar og sidan portugisarar. Det vart delt inn i koloniar, som fekk sjølvstende på 1800-talet.

Sjølvstendige land endre

Biland endre

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sør-Amerika