Gulltoppingvin

fugleart
(Omdirigert frå Gulltoppingvinar)

Gulltoppingvin (Eudyptes chrysolophus) er ein pingvin som lever i Subantarktis og Antarktis. Han høyrer til i slekta Eudyptes (også kalla toppingvinar) der artane har strittande toppfjører, ofte med sterke fargar, på hovudet.

Gulltoppingvin
Gulltoppingvinar på Livingston Island i Antarktis
Gulltoppingvinar på Livingston Island i Antarktis
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av Gulltoppingvin
Utbreiinga av Gulltoppingvin
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sphenisciformes
Familie: Pingvinar Spheniscidae
Slekt: Eudyptes
Art: Gulltoppingvin E. chrysolophus
Vitskapleg namn
Eudyptes chrysolophus
Vaksen gulltoppingvin

Det vitskaplege namnet Eudyptes chrysolophus betyr 'god dykkar med gulltopp'.

Det engelske namnet på pingvinen er macaroni penguin. Dette viser til fjørdusken deira, som liknar den unge menn på 1700-talet pynta hattane sine med og som var kalla macaroni.[1]

Skildring

endre
 
Juvenil gulltoppingvin

Lik dei fleste pingvinar er gulltoppingvin svart på oversida og kvit på undersida. Hovudet er sort og har skinande gule, strittande, bakoverliggjande toppfjører i panna og fremst i tinningane. Vaksne individ har meir utvikla toppfjører enn ungfuglane. Augo er raude og nebbet er brun-oransje med kvite felt i munnvikene. Vengene er omdanna til luffeliknande symjelemer som fuglane bruker til å skapa framdrift med under dykking. Lemmane er bleikrosa og føtene har symjehud. Når fuglane flyt i overflata bruker dei føtene som padleårer. Under dykking fungerer dei som ror.

Arten blir cirka 70 cm høg og veg typisk rundt 5,5 kg (3,1–6,6 kg). Han er den fysisk største arten i slekta Eudyptes.

Tidlegare blei kvitkinnpingvin (Eudyptes schlegeli) rekna som ein underart av gulltoppingvin. Denne reknar ein no som ein egen art. Gulltoppingvinen består derfor berre av stamforma (Eudyptes chrysolophus chrysolophus).

Utbreiing

endre
 
Utbreiingsområde

Habitat

endre

Gulltoppingvin trivst i farvatn som er rike på antarktisk kril, som er hovudføda. Han hekkar på stader med liten eller ingen vegetasjon, helst på flater og slette skråningar med steingrunn eller fjellgrunn, eller på låge klipper.[2]

Arten er utbreidd i den antarktiske sona av Atlanterhavet (Weddellhavet) og lengst sørvest i Indiahavet. Utbreiinga omfattar sørspissen av Sør-Amerika og Den antarktiske halvøya.[2]

Bestand

endre

Gulltoppingvin er den mest talrike av alle pingvinartane. Totalbestanden av gulltoppingvinar tel kring 9 millionar par.[2] Den største enkeltbestanden lever seg på Sør-Georgia og omfattar rundt 2,5 millionar par.[2] Den nest største enkeltbestanden lever på Kerguelen og tel rundt 1,8 millionar par.[2]

Arten står oppført som sårbarIUCN si raudliste fordi det er forventa ein kraftig nedgang i totalbestanden gjennom dei neste tre generasjonane (36 år).[2] Det knyter seg framleis stor usikkerheit til bestandsutviklinga.

Åtferd

endre

Hekkeåtferd

endre
 
Hekkande par på Sør-Georgia.
 
Gulltoppingvinegg.

Gulltoppingvinen er monogam. Arten hekkar i koloniar, og minst 216 slike koloniar er kjende frå minst 50 ulike stader i leveområdet.[2] I tillegg til hekkekoloniane på Sør-Georgia og Kerguelen, hekkar også arten mellom anna langs kysten av Sør-Afrika, Chile og Argentina og på Falklandsøyane, Sør-Sandwichøyane og på Bouvetøya.[2] Gulltoppingvinen er den toppingvinen som hekkar lengst sør.

Hannane kjem tilbake til hekkeplassane i oktober og november, hoene følgjer kort tid seinare. Unike kallerop gjer at dei monogame para finn tilbake til kvarandre i koloniane. Hoa legg to egg. Det første egget veg typisk cirka 93 gram, og klekker sjeldan. Det andre egget blir lagd 4–5 dagar etter det første, og er større (typisk cirka 150 gram). Som regel vel paret dette egge for ruging, sidan dei sjeldan klarer å få avkom frå begge egga. Fuglane ruger vekselvis på egget i tre skift over cirka 37 dagar.

Det første skiftet varer typisk i 8–12 dagar og blir utført av begge foreldra. Det andre varer i to veker der berre hoa ruger medan hannen ernærer seg i sjøen. Det tredje varer i 9–11 dagar og blir utført av hannen medan hoa ernærer seg. Den nyklekte kyllingen blir teken vare på i dei neste tre vekene av hannen, medan hoa jaktar og matar han dagleg. Når kyllingane får vaksen fjørdrakt forlèt dei reiret og dannar små grupper av ungfuglar medan begge foreldra jakter.[3]

Hoer blir kjønnsmogne når dei er rundt fem år gamle, hannar rundt eitt år seinare.

Ernæring

endre

Gulltoppingvinar ernærer seg hovudsakleg av antarktisk kril, men fuglane et også fisk og blekksprut. Maten fangar dei under dykking. Typiske dykk når djupner på 15–70 meter, men dykk ned mot 100 meter er blitt registrert. Det er dessutan kjend at denne arten også tidvis ernærer seg om natta, men då sjeldan djupare enn ned til 3–6 meter. Dykka varer sjeldan i meir enn to minutt.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Gulltoppingvin