HMS «Centurion» (1732)

HMS «Centurion» var eit linjeskip i britiske Royal Navy med 60 kanonar. Det var bygt ved Portsmouth Dockyard og sjøsett 6. januar 1732.[1]

«Centurion» tek «Nuestra Señora de Cabagonda». Måleri av Samuel Scott.

Førstekaptein på «Centurion» var Francis Dansays.[2] Skipet tente først i Kanalflåten før det tok del i sir John Norris sitt tokt til Lisboa i 1736. Kaptein George Anson tok kommandoen over «Centurion» i desember 1737 og førte ein liten skvadron til kysten av Afrika, og så til Jamaica, før han vende tilbake til England i 1739.[2] Skipet vart reparert i Portsmouth mellom august 1739 og januar 1740 for å kunne forstyrre spansk skipstrafikk langs kysten av Sør-Amerika og ta Manila-gallionane.[2]

Jordomsegling endre

For meir om dette emnet, sjå George Anson si jordomsegling.

den austerrikske arvefølgjekrigen braut ut fekk Anson kommando over ein skvadron på seks skip og segla til Manila for å ta den spanske kolonien.[3] Ein annan skvadron vart send under kaptein Cornwall og skulle segle til Manila via Kapp Horn. Dei to skvadronane skulle avskjere dei spanske skipa som skulle til Manila.[4]

Anson segla med «Centurion» som flaggskipet sitt.[2][3] Skvadronen la til kai i Madeira i Brasil, Port St Julian og Argentina, og nådde til slutt Kapp Horn i mars 1741. No var spanjolane klar over planane om å ta Manila og hadde sendt ut sin eigen skvadron.[3] Ei rekkje uvêr spreidde skipa i flåten og mannskapet vart kraftig redusert på grunn av sjukdom.[3] Anson pressa på og tok fleire spanske handelsskip, og skvadronen heldt fram med å ta spanske busetjingar og avskjere spanske handelsmenn, før Anson segla «Centurion» og «Gloucester» til Kina.[3] «Gloucester» var i så dårleg forfatning at Anson bora det i senk og tok mannskapet over på sitt eige skip, og 15. august gjekk dei i land ved Tinian.[3] 21. september blåste ein tyfon «Centurion» til sjøs. Anson frykta at skipet var tapt og gjorde seg klart til å segle til Kina i ein ombygd spansk bark, men «Centurion» hadde overlevd stormen og mannskapet klarte å segle det tilbake til Anson.[3]

 
Centurion tar Covadonga. Trykk av Cabadonza frå rundt 1750.

«Centurion» segla til Macau for å verte reparert, før Anson la kursen mot Filippinane i håp om å møte eit spansk skatteskip han kunne ta. Den 20. juni gjorde han nettopp dette og fann gallionen «Nuestra Señora de la Covadonga» med 36 kanonar.[3] Etter eit lite slag vart det spanske skipet teke.[3][2] Dei to skipa segla til Canton den 11. juli, der Anson selde det spanske skipet og sette så segl mot England den 15. desember 1743.[3]

Seinare år endre

«Centurion» nådde fram ved Spithead den 15. juni 1744 og var då totalt nedslite. Skipet gjennomgjekk reparasjonar og vart redusert til 50 kanonar.[2][1] Det fekk ei kort stund namnet «Eagle», men 15. desember 1744 vart namnet endra tilbake til «Centurion» den 15. november 1745.[2]

I seinare år deltok skipet i slaget ved Kapp Finisterre den 3. mai 1747 under hennar gamle kommandant, no kontreadmiral George Anson.[2] Etter fleire reparasjonar segla ho både til Middelhavet og til Nord-Amerika i 1750-åra, og var i 1758 medverkande i omleiringa av Louisbourg og i 1759 i åtaket på Quebec.[2] I 1760 vart ho flaggskipet til Sir James Douglas ved Jamaica[2] og var aktiv i det britisk toktet mot Cuba ved Havanna sommaren 1762.[2]

Siste del av 1760-åra segla ho i Middelhavet før ho i 1769 vart hogd opp.[2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Lavery, Ships of the Line vol.1, p170.
  2. 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 2,10 2,11 Winfield. British Warships of the Age of Sail. s. 112. 
  3. 3,00 3,01 3,02 3,03 3,04 3,05 3,06 3,07 3,08 3,09 Paine. Ships of Discovery and Exploration. s. 30–1. 
  4. Walter. A Voyage Round the World. s. 12. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: HMS «Centurion» (1732)