Halitt
Halitt eller steinsalt er eit mineral som består av natriumklorid (NaCl). Mineralet krystalliserer oftast i terningar og er fargelaust eller kvitt.
Halitt | |
![]() Halitt frå Wieliczka saltgeuve i Małopolskie i Polen | |
Generelt | |
---|---|
Kategori | Halidmineral |
Kjemisk formel | NaCl |
Strunz-klassifisering | 03.AA.20 |
Krystallsymmetri | Isometrisk heksoktahedral 4/m 3 2/m |
Einingscelle | a = 5.6404(1) Å; Z = 4 |
Identifikasjon | |
Molekylvekt | 58.433 g/mol |
Farge | fargelaus eller kvit; òg blå, lilla, raud, rosa, gul, oransje, eller grå |
Krystallform | Hovudsakleg kuar og i massive sedimentære lag, men òg korna, trådaktig og kompakt |
Krystallsystem | Kubisk |
Kløyv | perfekt {001}, tre retningar kubisk |
Brot | Muslig |
Fastleik | Sprø |
Mohs hardleiksskala | 2 - 2.5 |
Glans | glasaktig |
Strekfarge | Kvit |
Transparens | Gjennomsiktig |
Spesifikk vekt | 2.17 |
Optiske eigenskapar | |
Optiske eigenskapar | Isotrop |
Brytingsindeks | n = 1.544 |
Oppløyselegheit | Vassoppløyseleg |
Andre eigenskapar | Salt smak, fluorescerande |
Kjelder | [1][2][3] |
Halitt er vanlegast i store leier som vart danna ved fordamping av avsnørte havbukter, som i ettertid vart dekte av sediment. Slike saltleier finst i bergartar av alle geologiske system, særleg perm, og varierer i tjuknad frå centimeter til kilometer. Saltet blir vunne ut av gruver eller brot i fjell.
Halitt er vanleg saman med gips, anhydritt, sylvin, kieseritt, carnallitt og fleire andre løyselege salt. Då halitt er lettare enn den omgjevande bergarten, vil saltsedimenta ha ein tendens til å flytte seg oppover i lagrekka og danne saltstokkar eller diapirar, ofte fleire kilometer i diameter. Petroleumsfeller har ofte ein «hatt» av halitt og svovel.
Kjelder Endra
- «halitt» i Store norske leksikon, snl.no.
- «steinsalt» i Nynorskordboka.
- ↑ http://rruff.geo.arizona.edu/doclib/hom/halite.pdf Handbook of Mineralogi
- ↑ Mindat.org
- ↑ Webmineral data