Kieseritt
Kieseritt er eit kvitt, monoklint mineral, eit vasshaldig magnesiumsulfat, MgSO4·H2O. Det finst i store mengder på saltleiene i Tyskland.
Kieseritt | |||
Kieseritt | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Sulfatmineral | ||
Kjemisk formel | MgSO4·H2O | ||
Strunz-klassifisering | 07.CB.05 | ||
Dana-klassifisering | 29.6.2.1 | ||
Krystallsymmetri | 2/m | ||
Identifikasjon | |||
Farge | fargelaus, gråaktig-kvit eller gulaktig | ||
Krystallform | Massiv, korna | ||
Krystallsystem | Monoklin | ||
Kløyv | {110} og {111} perfekt | ||
Brot | Ujamn | ||
Fastleik | Skjør | ||
Mohs hardleiksskala | 3.5 | ||
Glans | glasaktig til matt | ||
Strekfarge | Kvit | ||
Transparens | Gjennomsiktig til gjennomskineleg | ||
Spesifikk vekt | 2.57 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Toaksa (+) | ||
Brytingsindeks | nα = 1.520 nβ = 1.533 nγ = 1.584 | ||
Kjelder | [1][2] |
Det er kalla opp etter tyskaren Dietrich Georg von Kieser.
Tidleg i 2005 oppdaga Mars Express, spor av kieseritt i Valles Marineris (den største canyonen på Mars), i lag med gips og polyhydrerte sulfat. Dette er direkte bevis på at Mars har hatt vatn i fortida.
Kjelder
endre- Kieseritt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/kieseritt.
- ↑ http://webmineral.com/data/Kieserite.shtml Webmineral data
- ↑ http://www.mindat.org/min-2204.html Mindat