Hamish MacCunn, fødd James MacCunn (22. mars 18682. august 1916) var ein skotsk komponist, dirigent og lærar.

Hamish MacCunn

Fødd22. mars 1868
FødestadGreenock
Død2. august 1916 (48 år)
DødsstadLondon
OpphavDet sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Sjangeropera
Instrumentpiano
Verka sompianist, komponist, dirigent, musikkforskar, musikkpedagog

Han var ein av dei fyrste elevane ved det nyleg skipa Royal College of Music i London, og gjorde seg tidleg merka. Som komponist fekk han tidleg suksess med orkesterverket The Land of the Mountain and the Flood (1887), og seinare med sin fyrste opera, Jeanie Deans (1894). Seinare verk var ikkje like store suksessar, og sjølv om han heldt fram med å komponera heile livet, blei han best kjend som dirigent og lærar. Han var tilsett som lærar ved Royal Academy of Music og ved Guildhall School of Music.

Som dirigent var MacCunn musikalsk leiar for operakompania Carl Rosa, Moody-Manners og D'Oyly Carte, og samarbeidde med Thomas Beecham under operasesongane hans i London i 1910 og 1915, og på turne.

Liv og virke

endre

Bakgrunn

endre

James MacCunn var fødd i Greenock i Skottland som den andre sonen til James MacCunn og kona hans Barbara, fødd Neill.[1] Det var ein musikalsk familie: MacCunn den eldre, som var ein velståande reiar, var også amatørcellist; medan kona hans, ein tidlegare elev av Sterndale Bennett, song og spelte piano.[2] Foreldra oppmuntra James til å utvikla seg musikalsk, og i tillegg til den vanlege utdanninga si ved Greenock Academy og andre lærestader fekk han privattimar av lokale lærarar i fiolin, piano, orgel, harmoni og komposisjon.[3] Då han var åtte år gammal budde familien ein heil sesong i London, og guten fekk høve til å gå på alle konsertane August Manns heldt ved Crystal Palace.[4] I 1883, då James var femten, vann han eit stipend til den nyleg oppretta Royal College of Music (RCM) i London.[2]

Ved RCM studerte MacCunn piano hjå Franklin Taylor, bratsj hjå Alfred Gibson og komposisjon hjå Hubert Parry og Charles Villiers Stanford. Medan han var student hadde han premierer på større verk: Kantaten The Moss Rose, framført ved RCM i 1884, og overtyren Cior Mhor, som blei spelt av Manns under ein konsert i Crystal Palace i oktober 1885.[1] Frå 1885 tok MacCunn i bruk fornamnet «Hamish», ein gælisk versjon av «James».[5]

Nokre av songane og dei andre verka til MacCunn hadde premiere i huset til målaren John Pettie. MacCunn blei kjend med dottera hans Alison, og dei gifta seg i juni 1889. Dei fekk eit barn, Fergus, som blei soldat.[6] Frå 1888 til 1894 var MacCunn professor i harmoni ved den eldre rivalen til RCM, Royal Academy of Music, og hadde også privatelevar.[1]>

Opera og dirigering

endre

I 1889 fekk MacCunn i oppdrag frå operaleiaren Carl Rosa å skriva eit verk for Carl Rosa Opera Company, og i 1891 tok MacCunn til å skriva ein opera for Richard D'Oyly Carte sitt nye Royal English Opera House. Verket for Carte skulle byggja på romanen Cleopatra frå 1888 av H. Rider Haggard, men operaen blei aldri ferdig, og det at MacCunn ikkje kunne tilby eit verk slik at Carte sine sesongar kunne halda fram (i lag med liknande manglar frå to andre britiske komponistar) førte til at operahuset blei stengt og operaverksemda til Carte i England blei gjeven opp.

Verket til Rosa blei til slutt fullført, men ikkje framført før etter at impresarioen var død.[7][8] Operaen var Jeanie Deans, som bygde på Walter Scott sin roman The Heart of Midlothian. Han blei fyrst sett opp i Edinburgh i 1894, dirigert av komponisten.[8] Han var ein stor suksess, sjølv om The Times var kritisk til librettoen av Joseph Bennett.[9] I 1896 blei Jeanie Deans framført i London, og MacCunn komponerte ein annan opera, Diarmid and Ghrine. Året etter framførte Manns den nye orkestersuiten til MacCunn, Highland Memories, medan Carl Rosa-kompaniet framførte Diarmid og Ghrine ved Royal Opera House.[2]

Frå premieren av Jeanie Deans kom MacCunn til å vera knytt til britiske operaselskap som dirigent. I to sesonger frå 1898 var han musikalsk direktør i Carl Rosa-kompaniet, og dirigerte blant anna dei fyrste engelskspråklege oppsetjingane av Wagner sine verk Tristan und Isolde og Siegfried.[1] I 1900 skreiv han toårskontrakt som dirigent i Moody-Manners-firmaet, og dirigerte eit breidt repertoar av operaer, som Lohengrin, Tannhäuser, Carmen, La Juive, The Flying Dutchman, Tristan og Isolde og Martha.[10][11] I 1902 blei han utnemnd til musikalsk direktør for D'Oyly Carte Opera Company ved Savoy Theatre, for den fyrste oppsetjinga av Edward German sin Merrie England, og året etter for A Princess of Kensington av same komponist.[12] Då Savoy-firmaet blei oppløyst etter dette måtte MacCunn, ifølgje The Times, «ta til takke med arbeid i ulike 'musikalsk-komedie'-produksjonar, som ikkje bidrog til den kunstneriske veksten hans».[a][9]

I 1910 dirigerte MacCunn Hansel and Gretel i Thomas Beecham sin operasesong ved His Majesty's Theatre, og tok over frå Beecham i å dirigera The Tales of Hoffmann på turne.[13] I 1915 dirigerte han The Tales of Hoffmann og Faust i Beecham sin sesong ved Shaftesbury Theatre.[14]

Frå 1912 tok MacCunn operatimar ved Guildhall School of Music, og heldt fram med å undervisa privat. Han brukte det meste av tida si til å dirigera og undervisa, og komponerte mindre i dei seinare åra.[2] Verka hans som blei skrivne etter 1900 inkluderer The Masque of War and Peace (1900) produsert på Her Majesty's Theatre, ein annan opera - The Golden Girl - og eit stykke for kor og orkester, The Wreck of the Hesperus (begge 1905). I 1908 blei hans Pageant of Darkness and Light oppført i London.[2]

MacCunn blei sjuk med halskreft i 1916 og døydde heime i St John's Wood i London den 2. august 1916, 48 år gammal. Han etterlet seg ei enkje og ein son.[1][9]

Orkesterverk

endre
  • 1883 – Fantasia Overture (ufullendt)
  • 1885 – Cior Mhor, overture (urframført ved The Crystal Palace, London, 27. oktober 1885)
  • 1886–87 – The Land of the Mountain and the Flood, concert overture, Op. 3 (urframført ved Crystal Palace, London, 5. november 1887)
  • 1887 – The Ship o' the Fiend, ballad, Op. 5 (urframført ved St James's Hall, London, 21 February 1888); based on the traditional ballad "The Daemon Lover"[15]
  • 1888 – The Dowie Dens o' Yarrow, ballad, Op. 6 (urframført ved Crystal Palace, London, 13 October 1888)
  • 1896 – Highland Memories, suite, Op. 30 (urframført ved Crystal Palace, London, 13. mars 1897)
  • 1900–09 – Four Dances

Kor og vokal

endre
  • 1882–84 – The Moss Rose, kantate (urframført ved Royal Albert Hall [West Theatre], London, 10. desember 1885)
  • 1887 – Lord Ullin's Daughter, kantate (urframført ved Crystal Palace, London, 18. februar 1888)
  • 1886–88 – Bonny Kilmeny, kantate, Op. 2 (urframført ved Queens Street Hall, Edinburgh, 13 December 1888)
  • 1888 – The Lay of the Last Minstrel, kantate, Op. 7 (urframført ved City Hall, Glasgow, 18. desember 1888)
  • 1889 – The Cameronian's Dream, kantate, Op. 10 (urframført ved Queens Street Hall, Edinburgh, 27. januar 1890)
  • 1890 – Psalm VIII, for kor og orgel (urframført ved 2nd International Industrial Exhibition, Meggetland, Edinburgh, 1. mai 1890)
  • 1891 – Queen Hynde of Caledon, kantate, Op. 13 (urframført ved City Hall, Glasgow, 28. januar 1892)
  • 1900 – The Masque of War and Peace, for solistar, kor og orkester (urframført ved Her Majesty's Theatre, London, 13. februar 1900)
  • 1905 – The Wreck of the Hesperus, cantata (urframført ved London Coliseum, 28. august 1905)
  • 1908 – The Pageant of Darkness and Light, for solistar, kor og orkester (urframført ved Agricultural Hall, London, 4. juni 1908)
  • 1912 – Livingstone the Pilgrim, for solistar, kor og orkester (urframført ved Royal Albert Hall, London, 19. mars 1913)
  • 1896–1913 – Four Scottish Traditional Border Ballads ("Kinmont Willie"; "The Jolly Goshawk"; "Lamkin"; "The Death of Parcy Reed"), for kor og orkester (No. 1–3 urframført ved Victoria Hall, Sheffield, 19. april 1921; No. 4 urframført ved Queen's Hall, London, 25. mars 1925)

Opera

endre
  • 1894 – Jeanie Deans, opera (urframført ved Royal Lyceum Theatre, Edinburgh, 15. november 1894)
  • 1897 – Diarmid, opera, Op. 34 (urframført ved Covent Garden Theatre, London, 23. oktober 1897)
  • 1904 – Prue, comic opera (ufullendt)
  • 1905 – The Golden Girl, light opera (urframført ved Prince of Wales Theatre, Birmingham, 5. august 1905)
  • Breast of Light, Op. 36 (ufullendt)

Merknadar

endre
  1. "had to accept work in various 'musical comedy' productions, which did not contribute to his artistic advancement"

Kjelder

endre

Referansar

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Smaczny, Jan. "MacCunn, Hamish (James), Oxford Dictionary of National Biography, 2004
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Barker, Duncan J. "MacCunn, Hamish (James)", Grove Music Online", Oxford University Press, 2001.
  3. Scott, p. 6
  4. "Hamish MacCunn Interviewed", Glasgow Evening Post, 8 May 1889, p. 8
  5. Everett, William A. "National Themes in Scottish Art Music, ca. 1880–1990", International Review of the Aesthetics and Sociology of Music, vol. 30, no. 2, 1999, pp. 151–71 (krev abonnement)
  6. Scott, p. 10
  7. "The Late Mr Carl Rosa", Illustrated Sporting and Dramatic News, 4 May 1889, p. 7
  8. 8,0 8,1 "Jeanie Deans", The Era, 24 November 1894, p. 11
  9. 9,0 9,1 9,2 "Death of Mr. Hamish MacCunn, Composer and Conductor", The Times, 3. august 1916, s. 9
  10. "Moody-Manners Opera Company", Dundee Evening Telegraph, 10. juli 1900, p. 3
  11. "Lohengrin", Birmingham Daily Post, 27. september 1900, p. 4; "Tannhäuser", Birmingham Daily Post, 26. september 1900, p. 4; "Opera", Isle of Man Times, 15. september 1900, s. 10; and "Drury Lane Theatre Company", The Era, 1. september 1900, p. 10
  12. Rollins and Witts, p. 20
  13. "The Beecham Opéra Comique Season", The Musical Times, juni 1910, s. 378; "Music in the Provinces", The Musical Times, December 1910, p. 800
  14. "Shaftesbury Opera", The Musical Times, November 1915, s. 679
  15. Purser, John (1995). «The Ship o' the Fiend». Hyperion Records. Henta 23 February 2021. 

Bibliografi

endre

Bakgrunnsstoff

endre