Handball-NM 2005/Kvinner

Noregsmeisterskapen i handball 2005 for kvinner vart vunnen av Larvik Håndballklubb etter finalesiger 21 – 18 over Byåsen Idrettslag frå Trondheim.

Semifinalane endre

Finalen endre

Finalen vart avvikla i Oslo Spektrum tysdag 30. desember 2005 framfor 4 716 tilskodarar. Fyrste omgangen var jamn, ved pause stod det 9-9. I den andre omgangen rykte Larvik ifrå og var oppe i ei seksmålsleiing. Mot slutten knappa Byåsen ned differansen til to mål under, 18-20, før Larvik skåra det siste målet i kampen og sikra klubben den sjuande kongepokalen.

Larvik HK sin toppskårar vart Linn-Kristin Riegelhuth med 5 mål, Tonje Larsen skåra 4 gongar, Heidi Flaatnes og Inger Sofie Heieraas ordna kvar sine 3 nettkjenningar, Karoline Breivang stod for 2 mål, medan Elisabeth Hilmo, Kari Mette Johansen, Ida Bjørndalen og Sara Breistøl kom på skåringslista ein einaste gomg. Birgitte Sættem og Tine Stange skåra ikkje. Lene Rantala var målvakt.

Byåsen-måla kom frå Vigdis Hårsaker (5), Marit Malm Frafjord (3), Maren Villabø (3), Trine Haltvik (2), Tonje Nøstvold (2), Marte Snorroeggen, Ida Alstad og Hege Vifstad (1, alle). Kjersti Beck var målvakt.

Dommarane Kenneth Abrahamsen og Arne M. Kristiansen straffa Larvik med tre 2 minutts-utvisingar og Byåsen med ei.

Kjelder endre