Hans Hurum
Hans Olsen Hurum (15. april 1844–16. mars 1922) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Hole i Buskerud.
Hans Hurum | |||
Fødd | 15. april 1844 Hole kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 16. mars 1922 (77 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | bonde, politikar | ||
Alle verv |
|
Far til Hurum var gardbrukar på garden med same namnet. Sjølv gjekk han på Ringerike realskule i fem år og var 1865-67 styrar av skogsdrifta i Bangdalen i Nord-Trøndelag og sidan gardbrukar på Skamarka i heimbygda Hole. Han var medlem av heradsstyret i mange år, også ordførar. Elles var han medlem av tilsynskommisjonen for jarnbanene Kristiania-Drammen og for Randsfjordbanen.
Hurum representerte Buskeruds amt på Stortinget 1877-82 og 1889-91, heile tida medlem av jarnbanekomiteen. Han slo seg med i Høgre si stortingsgruppe.
Han døydde i 1922 på garden sin i Hole.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Hans Hurum NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv