Hans J. Aarstad
Hans Jørgensson Aarstad (9. juli 1878–19. januar 1954) var ein norsk landbruksskulelærar og politikar frå Sokndal i Rogaland. Han representerte partiet Venstre på Stortinget frå 1919 til 1933.
Hans J. Aarstad | |||
| |||
Fødd | 9. juli 1878 Sokndal | ||
---|---|---|---|
Død | 19. januar 1954 (75 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar, agronom, lærar | ||
Utdanna ved | Noregs miljø- og biovitskaplege universitet | ||
Verv | Norsk landbruksminister 15. februar 1928–11. mai 1931 | ||
Føregangar | Johan Nygaardsvold | ||
Etterfylgjar | Jon Sundby | ||
Verv | Stortingsrepresentant 1919–1933 | ||
Verv | Ordførar i Nedstrand 1919–1927 1937–1940 1945–? | ||
Alle verv |
|
Aarstad var son til ein gardbrukar og var 1896-98 elev ved Tveit landbruksskule i Nedstrand i Ryfylke. Dei neste to åra studerte han ved Noregs landbrukshøgskule på Ås i Akershus. Han var så andrelærer ved Tveit landbruksskule 1900–04 og 1907–28, i mellomtida 1904-07 hadde han same stilling ved Stend jordbruksskule i Fana. Frå 1933 til 1943 var Aarstad styrar ved Tveit landbruksskule.
Aarstad var ordførar i Nedstrand 1919–1927, 1937–1940 og i 1945. Han var varamann til Stortinget i perioden 1916-18 og møtte tre veker i juli 1916. Frå 1919 til 1933 var han i samfulle fem valperiodar tingmann for Venstre, fyrste perioden vald frå einmannskrinsen Ryfylke og sidan frå Rogaland fylke. Aarstad var fram til 1928 med i Finanskomiteen; som medlem 1919-21, formann 1922-24, nestformann 1925-27 og formann 1928, til han 15. februar 1928 vart landbruksminister i Johan Ludwig Mowinckels andre regjering. Etter at Mowinckel-regjeringa gjekk av i mai 1931 tok Aarstad plass i Justiskomiteen. Han var elles odelstingspresident 1925–28.
Kjelder
endre- Biografisk informasjon om Hans J. Aarstad NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv