Hasten Down the Wind

Hasten Down the Wind
Studioalbum av Linda Ronstadt
Språk engelsk
Utgjeve August 1976
Innspelt Mars 1976
Studio The Sound Factory i Los Angeles i California
Sjanger Rock, countryrock
Lengd 41:23
Selskap Asylum
Produsent Peter Asher
Linda Ronstadt-kronologi 
Prisoner in Disguise
(1975)
Hasten Down the Wind Greatest Hits
(1976)


Singlar frå Hasten Down the Wind
  1. «That'll Be the Day»
    Utgjeve: August 1976
  2. «Someone to Lay Down Beside Me»
    Utgjeve: November 1976
  3. «Crazy»
    Utgjeve: November 1976
  4. «Lose Again»
    Utgjeve: Mai 1977

Hasten Down the Wind er det sjuande studioalbumet til den amerikanske songaren Linda Ronstadt, gjeve ut i 1976. Det vart det tredje albumet hennar på rad som selde minst ein million eksemplar og Rontstadt vart då den første kvinna som klarte dette.[6] Albumet gav ho Grammyprisen for Beste kvinnelege popsong i 1977, den andre av i alt 13 Grammyprisar ho vann i karrieren. Det gjekk i ei litt anna retning enn Heart Like a Wheel i 1974 og Prisoner in Disguise i 1975, og ho valde å hente songar frå nye låtskrivarar i staden for den tradisjonelle countryrockstilen ho hadde skapt fram til då. Det var eit meir seriøst og gripande album enn føregangarane, og fekk god kritikk.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[1]
Christgau's Record GuideB–[2]
Rolling Stone(middels)[3]
The Rolling Stone Album Guide3/5 stars[4]
Stereo Review4.5/5 stars[5]

Hasten Down the Wind inneheld to hitsinglar: Versjonen av Buddy Holly-songen «That'll Be the Day» (11. plassn på poplista, 27. plass på countrylista i USA) og ein versjon av Patsy Cline-hitten «Crazy», som nådde sjetteplassen på den amerikanske countrylista tidleg i 1977.[7]

Albumet inneheldt òg songar frå artistar som Warren Zevon («Hasten Down the Wind») og Karla Bonoff («Someone to Lay Down Beside Me», 42. plass på poplista, 38. plass på Easy Listening-lista), som begge kort tid seinare slo gjennom som artistar. Albumet inneheld òg ein versjon av «The Tattler» av Washington Phillips, som Ry Cooder hadde omarrangert for albumet sitt Paradise and Lunch i 1974. Ronstadt var medlåtskrivar på to songar på albumet, inkludert ein på spansk (som var første gongen ho spelte inn spansk musikk).

Det var det tredje albumet hennar som selde til platinaplate og låg fleire veker på topp 3 av Billboard-lista. Det var òg det fjerde albumet hennar som gjekk til topps på countryalbumlista.

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Lose Again»Karla Bonoff3:34
2.«The Tattler»Ry Cooder, Russ Titelman, Washington Phillips3:56
3.«If He's Ever Near»Karla Bonoff3:15
4.«That'll Be the Day»Jerry Allison, Buddy Holly, Norman Petty2:32
5.«Lo Siento Mi Vida»Linda Ronstadt, Kenny Edwards, Gilbert Ronstadt3:54
6.«Hasten Down the Wind»Warren Zevon2:40
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Rivers of Babylon»Brent Dowe, Trevor McNaughton0:52
2.«Give One Heart»John Hall, Johanna Hall4:07
3.«Try Me Again»Linda Ronstadt, Andrew Gold3:59
4.«Crazy»Willie Nelson3:58
5.«Down So Low»Tracy Nelson4:08
6.«Someone to Lay Down Beside Me»Karla Bonoff4:28
Total lengd:41:23

Salslister endre

Liste (1976/77) Plassering
Australia (Kent Music Report)[8] 28
Storbritannia (Official Charts Company) 32
USA (Billboard 200) 3

Medverkande endre

Produksjon endre


Kjelder endre

  1. Allmusic review
  2. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: R». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 29. november 2020 – via robertchristgau.com. 
  3. Rolling Stone review, arkivert frå originalen 23. oktober 2016, henta 3. desember 2020 
  4. Brackett, Nathan; Christian Hoard (2004). The Rolling Stone Album Guide. New York City: Simon and Schuster. s. 701. ISBN 0-7432-0169-8. 
  5. Stereo Review review
  6. «Bio». Linda Ronstadt. Elektra. Arkivert frå originalen 23. januar 2013. Henta 6. juni 2011. 
  7. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 301. 
  8. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 258. ISBN 0-646-11917-6.