Port Hills er ei fjellrekkje på New Zealand som dannar den nordlege avgrensinga til den gamle Lytteltonvulkanen, og som skil hamna i Lyttelton frå byen Christchurch i regionen Canterbury. Vulkankrateret er eit av dei to som opphavleg danna halvøya Banks Peninsula (Horomaka) for meir enn 12 millionar år sidan. Fjellrekkja Port Hills ligg tilnærma i austleg-vestleg retning, og hevar seg til toppar på mellom 350 og 500 moh. Fjellrekkja er viktig i geologisk, miljømessig og rekreasjonsmessig samanheng.[1]

Port Hills
fjellkjede
Land  New Zealand
Kart
Port Hills
43°35′S 172°41′E / 43.59°S 172.69°E / -43.59; 172.69
Wikimedia Commons: Port Hills
Ein del av Port Hills, med Summit Road.
Satellittfoto av Banks Peninsula, Port Hills er vulkanryggen øvst og til venstre.

Historie endre

Området vart først busett av maorifolk gjennom 1500-talet. Under den tidlege europeiske busetjinga om lag 300 år seinare var Port Hills ein utfordrande barriere mellom hamna og den planlagde busetnaden i Christchurch. Det bratte og ulendte terrenget gjorde framkomsten svært vanskeleg. I mange år brukte dei fleste av busetjarane den stupbratte Bridle Path («bisselstien») for å transportera varer og utstyr på hesteryggen til slettene på den andre sida. I dag bind ein vegtunell og ein separat jarnvegstunell saman hamna og forstadar i byen, og tre vegstrekkjer som kryssar fjellrekkja – via fjellpassa Evans, Dyers og Gebbies – har samband med Summit Road.[2]

Geografi og bevaring endre

Fleire forstadar til Christchurch strekkjer seg mot dei nordlege liene i Port Hills, mellom desse Cashmere, Heathcote Valley og Sumner. Andre delar av desse hellingane vert nytta til jordbruk og skogbruk, så vel som eit betydeleg tal av naturreservat som er oppretta til rekreasjonsføremål og for å ta vare på det biologiske mangfaldet. Initiativet til reservata vart teke av rådmannen i Christchurch, Harry Ell, ved byrjinga av det 1900-talet. I 1948 vart organisasjonen Summit Road Scenic Society danna for å halda fram med utviklinga og vedlikehaldet av reservata.[2]

Fjellrekkja er eit viktig rekreasjonsområde for innbyggjarane i Christchurch, med fleire offentlege parkar og reservat, og inneheld også område for terrengsykling og merka gangruter. Ein gondolbane til toppen av Mount Cavendish vart opna i 1992. Denne gir lett tilgang til fjelltoppen og er ein stor turistattraksjon i Canterbury.

Flora og fauna endre

Trass i utstrekt avskoging og rydding av den opphavlege underskogen som fann stad i den tidlege nybyggjarperioden, fyller eit mangfaldig dyre- og planteliv Port Hills. Innfødde fuglar som sporvefuglen maorihonningetar (Anthornis melanura), maori korimako eller makomako, viftestjertar, den vesle sporvefuglen gråbrystbrillefugl (Zosterops lateralis), den endemiske insektetaren igatagerygone (Gerygone igata) og bronsegauk (Chrysococcyx lucidus) er vanleg å treffa på i den attståande krattskogen. Medan maoridue (Hemiphaga novaeseelandiae), som ofte er å sjå i området, er endemisk for New Zealand, er andre, som til dømes svarttrast, bokfink og andre trastar er innførte og svært talrike artar. Det same gjeld mange insektartar, gekkoar og skinkar som er vanlege å finna.

Stadeigne planteartar som til dømes Bankshalvøya-hebe veks i bergsprekkene saman med sjeldne bregnar. Dei meir vêrutsette liene er dekte med sølvtussock og andre naturlege grasartar, uvanleg for område som ligg så nær urban utvikling. Den attverande gultreskogen inneheld 500-600 år gamle matai-, totara- og kahikateatre, i tillegg til fruktberande og blømande artar som kowhai, ribbonwood, mahoe, australdrakelilje (Cordyline australis), kānuka og fuksia.[3]

Kjelder endre

  1. «Port Hills, Fact Sheet» (PDF). Christchurch City Council. Henta 12. januar 2020. 
  2. 2,0 2,1 «Port Hills». Christchurch City Council Natural Areas webpage. 
  3. «Port Hills natural history». Christchurch City Council. Henta 17. februar 2017. 

Litteratur endre

  • Arnold Wall (1918). Ferns of the Port Hills. Christchurch: Lyttelton Times Co. Ltd., Printers. 
  • Gordon Ogilvie (2009). The Port Hills of Christchurch. Christchurch: Phillips & King Publishers. ISBN 9780958331562. 
  • Rosemary Koller & Sally Tripp (2010). Ferns of the Port Hills. Governor's Bay [N.Z.] ISBN 9780473173098. 

Bakgrunnsstoff endre

43°35′24″S 172°41′24″E / 43.59000°S 172.69000°E / -43.59000; 172.69000