Heipiplerke

art av sporvefuglar
Heipiplerke
Heipiplerke
Heipiplerke
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Heipiplerke
Utbreiinga av Heipiplerke
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Passeroidea
Familie: Erlefamilien Motacillidae
Slekt: Anthus
Art: Heipiplerke A. pratensis
Vitskapleg namn
Anthus pratensis

Heipiplerke (Anthus pratensis) er ein fugl i erlefamilien.

Heipiplerke-egg.

Utsjånad og læte endre

Heipiplerka er knapt 15 cm lang og dermed noko mindre enn trepiplerka som elles liknar mykje. Samanlikna med denne er heipiplerka litt gråare i fargen og brystet er mindre gulaktig og finare streka. Bakkloa hos heipiplerka er mykje lengre enn på trepiplerka. Beina er raudaktige og nebben tynn og spiss.

Lokkelåten til heipiplerka er eit skarpt «ist» eller «ististist», i nærleiken av reiret høyrest ofte eit uthaldande og monotont «tlitlitli». Songen, som fuglen framfører i korte songflukter, er høg og fin. Fuglen startar å synge før songflukta, og stig deretter opp frå ei tue eller ein stein, og vender i regelen ikkje attende til utgangspunktet når han glir ned.

I felt kjenner ein heipiplerka frå trepiplerka snarare på grunn av omgjevnaden og læta enn på utsjånaden. Heipiplerka si songflukt er heller ikkje like iaugefallande som trepiplerka si.

Utbreiing endre

Heipiplerka hekkar i det vestlege palearktis, på austsida av Grønland[1], på Island, Jan Mayen og Færøyane, og vidare austover i Europa til og med det nordvestlege Russland. Storparten av verdspopulasjonen er trekkfuglar som overvintrar i vestre og sørlege delar av Europa, det nordlege Afrika og søraust i Asia. Fuglane som hekkar på dei britiske øyane og i kystområda vest på det europeiske fastlandet er derimot standfuglar.

Taksonomi endre

Heipiplerka vert delt opp i to underarter:

  • Anthus pratensis pratensis - storparten av verdspopulasjonen høyrer til nominatforma.
  • Anthus pratensis whistleri (Clancey, 1942) - standfugl på Irland og i det vestre Skottland.

Førekomst i Noreg og trekktilhøve endre

Heipiplerka er ein av dei vanlegaste fugleartane i Noreg, og bestanden har vore rekna til godt over 1 million par. Arten hadde til 2002 ei stabil utvikling i talet på fuglar. Populasjonen gjekk sterkt attende i perioden 2002 til 2012. Forskarane meinte at nedgangen kan vere relatert til klimaendringar. [2] Heipiplerka trivst best til fjells i område med lite vegetasjon, i vierregionen og lavregionen, på myrer i bjørkebeltet og til dels også i lågareliggande område, og på opne heier langs kysten. Ho er vanleg over det meste av landet, men i søraust er ho sjeldan, og skyr skogen, og om sommaren også jordbrukslandskapet.

Heipiplerkene dreg ut av landet i september-oktober, og kjem attende i april-mai. Trekket går mot sørvest. På trekket sørover ser ein fuglane ofte i flokkar i ope lende og ved vatn. Dei overvintrar rundt Middelhavet, i Vest-Europa frå Belgia og sørover og i det nordvestlege Afrika. Mange ringmerka fuglar er kontrollerte i Belgia på hausttrekket. Men norske fuglar kan også finnast i England om hausten. Norske fuglar har ei kystnær trekkrute sørover, og brukar same ruta på vårtrekket nordover. Fuglane frå Finnmark kan overvintre lengre aust, som Italia. Men også fuglar frå Finnmark kan overvintre i det vestlege overvintringsområdet. Vårtrekket frå Nord-Afrika startar i mars, og allereie i slutten av denne månaden er dei første fuglane komne til Noreg. Hovudtyngda kjem i april, og dei siste i mai. Til fjelltraktene i Sør-Noreg og til Nord-Noreg kjem fuglane i mai.

Biotop og hekking endre

Heipiplerka hekkar i ope lende. Reiret vert lagt på marka, oftast gøymd inn under ei tue, og er eit lite byggverk av strå og mose fora med hår. Hoa legg til vanleg 4-6 lyst grå flekkete egg som vert ruga i 13 dagar. Ungfuglane vert sidan mata av begge foreldra i 12 til 14 dagar. Heipiplerka er ein av dei vanlegaste vertsfuglane for gauken sin unge.

Føde endre

Heipiplerkene livnærer seg i sommarhalvåret hovudsakleg på små dagaktive insekt og edderkoppdyr av alle slag, i vinterhalvåret også på små sniglar og frø.

Referansar endre

Noter endre

  1. Lars Larsson (2001) Birds of the World, CD-rom
  2. Norsk institutt for naturforskning: Færre fugl i fjellet

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre