Trepiplerke

art av sporvefuglar
Trepiplerke
Trepiplerke
Trepiplerke
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Trepiplerke
Utbreiinga av Trepiplerke
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Passeroidea
Familie: Erlefamilien Motacillidae
Slekt: Anthus
Art: Trepiplerke A. trivialis
Vitskapleg namn
Anthus trivialis

Trepiplerke (Anthus trivialis) er ein fugl i erlefamilien.

Utsjånad og læte endre

Læte

Trepiplerka er om lag 15-15,5 cm lang. Oversida er brun med svartaktige strekar, undersida gyllen med kraftig streka bryst og stripete sider. Dei ytre stjertfjørene er kvite. Trepiplerka liknar på heipiplerka, men har kraftigare nebb, gulaktig bryst, og krum bakklo. Trepiplerka sit ofte på greiner på tre. Heipiplerka held seg derimot mest på marka og har ei «hoppande», kort flukt. Trepiplerka derimot flyg rykkvis i korte bogar.

Songen, som er høg og melodisk, vert framført på ein karakteristisk måte. Fuglen flyg opp frå eit tre og innleiar songen forsiktig. Frå høgaste punktet i flukta høyrest eit «tsitsitsivisvisvis», sidan kjem ei trille og i glideflukt vender fuglen med løfta og utsperra vengar og høglydte «sia sia sia sia», eller «tsia-tsia-tsia», iblant eit rolegare «tjuu-tjuu-tjuu», tilbake til utgangspunktet eller ein annan songplass. Songen stilnar når fuglen landar i eit tre, men kort etter kastar han seg på vengane att.

Utbreiing endre

Fuglen hekkar i nesten heile Europa og i delar av Asia så langt aust som til det austre Sibir. Han er trekkfugl som for det meste overvintrar i Afrika sør for Sahara og i søre Asia.

Taksonomi endre

Trepiplerka vert delt opp i tre til fire underarter:

Førekomst i Noreg, biotop og trekktilhøve endre

Den norske hekkebestanden tel minst 1 million par. Fuglen held til i skogområde så langt nord som til Pasvik. Elles finst arten nokså fåtalig i Finnmark. Trepiplerka trivst både i bjørkebeltet, i barskog, i blandingsskog og i varmekjær lauvskog. Best likar ho litt open skog eller skogkantar ut mot myrer. Trepiplerkene reiser frå landet i august-september og reiser til tropisk Afrika. Dei kjem attende i mai.

Hekking endre

Trepiplerka gøymer reiret, som er laga av mose fora med strå, rottrådar og hår, på marka under grastorver eller busker. Hoa legg 4-5 egg i mai-juni og iblant i juli. Trepiplerkene har ofte to kull. Desse er varierte i teikninga, men gjerne gråkvite med fine brune eller raudbrune flekkar. Rugetida er på 10-11 dagar. Begge foreldra matar sidan ungane i 12-14 dagar. Ungane går frå reiret før dei kan flyge og held seg i vegetasjonen på marka. Trepiplerka er ein vanleg vertsfugl for gauken.

Føde endre

Fuglen et hovudsakleg insekt og larvene deira, fluger, biller, grashopper, edderkoppar. Iblant et fuglen også frø.

Kjelder endre

  • Roland Staav och Thord Fransson (1991). Nordens fåglar (andra upplagan utg.). Stockholm: Norstedts. s. 329-330. ISBN 91-1-913142-9. 
  • Lars Larsson (2001) Birds of the World, CD-rom

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Trepiplerke