Helgelandsmål er nemninga på målføraHelgeland nord for Bindal og sør for Salten og er ein del av dei nordnorske målføra i vestnorsk.

Helgelandsmåla er dei einaste målføra i Nord-Noreg som har ei klår avgrensing. Heile distriktet nyttar eitt sams målmerke som ikkje finst elles i nordnorske målføre: tjukk l både av l og av rd. Mot sør er helgelandsmåla avgrensa av Tosen i Bindal, medan nordgrensa går ved Saltfjellet.

Felles kjennemerke endre

Eit kjenneteikn for helgelandsmåla er at dei ikkje har apokope av substantiv og enkelte andre ordklassar slik som ein finn det i nordlandsmåla. Eit anna trekk som har vore lett å merke er tjukk l både av l og av rd. Eksempel bò:l for bord. Men tjukk l av rd kan vere på veg ut. Stort sett finn ein apokope i infinitiv, unntaka vert nemnt i avsnitta for målmerka for dialektområda.

Andre målmerke er at svake hokjønnsord kan ende på -a og i enkelte dialektar medan svake hankjønnsord ender på -e.

Utanom målmerka som er nemnt over er det store variasjonar i helgelandsmåla. Det har vore ulike klassifiseringar, ei akseptert inndeling har vore å skilje mellom dialektområda Sørvest-Helgeland, Midt-Helgeland, Rana, Nesna og Meløy. Denne inndelinga vart gjort av Hallfrid Christiansen i Hovedinndelingen av norske dialekter, 1973.

Målmerke innan dialektområda endre

Æ-mål endre

I vest frå Vega nord til Lurøy har æ-mål med infinitiv som endar på : å le:sæ, å kastæ.

Sørvest-Helgeland endre

Utdjupande artikkel: Brønnøymål

Vega, Brønnøy, Sømna: Sterke hokjønsord får i bunden form endinga e «døre», svake får endinga å «viså».

Midt-Helgeland endre

Utdjupande artikkel: Vefsnmål

I Vefsndalføret og på kysten frå Tjøtta til Sør-Dønna. Sterke hokjønsord får i bunden form endinga æ «døræ», svake får endinga o «viso».

Rana endre

Utdjupande artikkel: Ranværing

I bunden form endar hokjønnsord på a: «døra, visa». Rana og delar av Brønnøy har spor av det trøndske og norrländske jamvektssystemet: å le:sa, men å kast. Nokre svake hankjønnsord vil ha austnorske/norrländske endingar, til dømes ein ha:ra.

Meløy endre

Dialekten i Meløy følgjer ikkje alle målmerka for helgelandsmål og det er derfor ikkje feil å klassifisere meløymålet som eit saltenmål eller noko i mellom i overgangen mellom nordlandsmål og helgelandsdialekt. Her skil meløymålet seg frå andre helgelandsmål, observert på slutten av 1970-talet:

  • Manglar tjukk l for rd.
  • Det personlege pronomen han vert uttala reint hánn til forskjell frå andre helgelandsmål som har palatalisering.
  • Andre personlege pronomen i eintal: é - - - . Nordhelgelandsmål har her e:g, mé:g, osb. Blant dei yngste er pronomena truleg sterkt påverka av bymål i dag.
  • Adverbet der uttalast dá:r (eller d´æ:r?)

Elles har meløymålet (slutten av 1970-talet):

  • Tjukk l av lyden l som i stol: stó:l.
  • Apokope i infinitiv som i dei fleste målføra i Nordland, til dømes å bygg, å ma:l, å reis, osv. Det finst likevel regelbundne unnatak.
  • Apokope i hankjønnsord på -else, til dømes betennels.


Kjelder endre