History: America's Greatest Hits
History: America's Greatest Hits Samlealbum av America | ||
Utgjeve | 3. november 1975 | |
Innspelt | 1971-75 | |
Sjanger | pop, rock | |
Lengd | 38:21 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Produsent | George Martin | |
America-kronologi | ||
---|---|---|
Hearts (1975) |
History: America's Greatest Hits | Hideaway (1976)
|
History: America's Greatest Hits er det første samlealbumet til den amerikanske folkrocktrioen America, gjeve ut av Warner Bros. Records i 1975. Albumet vart produsert av den mangeårige Beatles-produsenten George Martin, det tredje av sju etterfølgjande album han produserte med America. Det vart ein suksess i USA, og nådde tredjeplassen på Billboard-albumlista og vart sertifisert til multiplatina av RIAA. Det har òg vorte sertifisert 6 gonger platina av ARIA for sal på 420 000 eksemplar i Australia.[4] Den 20. juli 2019 gjekk albumet igjen inn på dei amerikanske hitlistene og nådde 50. plassen på Billboard Top Rock Albums.[5]
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Christgau's Record Guide | C−[2] |
The Rolling Stone Album Guide | [3] |
Historikk
endreMot slutten av 1975 hadde America gitt ut fem kommersielt vellykka studioalbum og ei rekkje hitsinglar, inkludert to listetoppar. Den andre songen deira på hitlista, «Sister Golden Hair», hadde toppa hitlistene den sommaren. Warner Bros. Records bestemde seg for å utnytta det kommersielle momentumet i gruppa og den veksande katalogen ved å gi ut eit samlealbum med dei største hittane deira.
Den resulterande samlinga, som kom ut november 1975, inneheldt alle dei elleve amerikanske singelane deira til då, saman med ein redigert versjon av «Sandman», eit populært spor frå debutalbumet som aldri hadde vorte gitt ut som singel.
Albumet har faktisk to namn: 'History, for å følgja tradisjonen i gruppa med å gi ut album med namn som byrjar på bokstaven «H», og America's Greatest Hits, for å indikera at det er ei samling av hittane deira.
Remiksa spor
endreDei sju første spora på albumet, som vart spelt inn før produsent George Martin vart involvert i gruppa, vart remixa av Martin for denne utgivinga, med fleire oppsiktsvekkjande forskjellar frå dei originale miksane. Nokre av dei remiksa spora, som «A Horse with No Name» og «I Need You», har ein meir framståande bass. Ei stemme kan kort høyrast i bakgrunnen på «A Horse with No Name» omtrent to minutt ut i sporet - denne stemma er ikkje med på originalinnspelinga. Tonehøgda på «I Need You» er senka ein kvart tone frå originalversjonen. «Sandman» er omtrent eitt minutt kortare enn originalmiksen. På «Ventura Highway» er solovokalen til Dewey Bunnell dobbeltspora og gitaren har mykje meir romklang. «Don't Cross the River» legg til ei fele som ikkje kan høyrast på originalinnspelinga. I tillegg er fleire av spora krysstona for å eliminera pausane mellom songane.
På grunn av den kommersielle suksessen og vedvarande populariteten til dette albumet, har dei remiksa versjonane av hittane til America på History over tid vorte like gjenkjennelege i populærkulturen som dei originale singlane sjølv.
Plateomslag
endreOmslaget er delvis basert på dei tidlegare albuma til America. Teikningane av Dan Peek og Dewey Bunnell er henta frå bilete på ein plakat som følgde med albumet Hat Trick. Biletet av bilen og trea bak detter (sistnemnde som òg utgjer skjorta til Gerry Beckley) kjem frå omslaget til albumet Holiday. Golden Gate-brua og furutreet er henta frå omslaget til Hearts. Sjølv om biletet av Big Ben og dobbeltdekkarbussen ikkje finst på noko anna America-album, symboliserer inkluderinga av dei opphavet deira i England. Omslaget vart laga av ein då ukjend kunstnar ved namn Phil Hartman, seinare kjend som skodespelar og komikar, og bror til den dåverande manageren i gruppa, John Hartmann. Platenotata stavar etternamnet hans som «Hartmann» - den opphavlege stavemåten av namnet hans.
Innhald
endreSide 1
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «A Horse with No Name» | Dewey Bunnell | 4:10 |
2. | «I Need You» | Gerry Beckley | 3:04 |
3. | «Sandman» | Bunnell | 4:03 |
4. | «Ventura Highway» | Bunnell | 3:32 |
5. | «Don't Cross the River» | Dan Peek | 2:30 |
6. | «Only in Your Heart» | Beckley | 3:16 |
Side 2
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Muskrat Love» | Willis Alan Ramsey | 3:02 |
2. | «Tin Man» | Bunnell | 3:25 |
3. | «Lonely People» | D. Peek, Catherine Peek | 2:27 |
4. | «Sister Golden Hair» | Beckley | 3:16 |
5. | «Daisy Jane» | Beckley | 3:07 |
6. | «Woman Tonight» | D. Peek | 2:19 |
Plasseringa av «Only In Your Heart» og «Woman Tonight» har byta plass på kassettversjonen av albumet.
Salslister
endre
Vekeslisterendre
|
Årslisterendre
|
Salstrofé og salstal
endreRegion | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Australia (ARIA)[15] | 6× Platina | 420 000^ |
Canada (Music Canada)[16] | Platina | 100 000^ |
Storbritannia (BPI)[17] | Sølv | 60 000^ |
USA (RIAA)[18] | 4× Platina | 4 000 000^ |
^salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «History: America's Greatest Hits» frå Wikipedia på engelsk, den 18. april 2023.
- ↑ Cook, Stephen. «History: America's Greatest Hits - America». AllMusic. Henta 18. april 2023.
- ↑ CG Book '70s: A
- ↑ Cross, Charles R. (2004). «America». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 16. ISBN 0-7432-0169-8.
- ↑ «Australian Recording Industry Assoc. Charts». Aria. com.au. 31. desember 2010. Henta 18. april 2023.
- ↑ Billboard Top Rock Albums - America henta 11. april 2020
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ "Top RPM Albums: Nummer 4075a". RPM. Library and Archives Canada.
- ↑ «Le Détail des Albums de chaque Artiste – A». Infodisc.fr (på fransk). Arkivert frå originalen 22. oktober 2014. Henta 9. juni 2012. Select America from the menu, then press OK.
- ↑ "America – America's Greatest Hits / History". Charts.org.nz. Hung Medien.
- ↑ "America | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
- ↑ "America Album & Song Chart History" Billboard 200 for America. Prometheus Global Media.
- ↑ «Top Selling Albums of 1975 — The Official New Zealand Music Chart». Recorded Music New Zealand. Henta 18. april 2023.
- ↑ «Top 100 Albums of '76». RPM. Library and Archives Canada. Henta 18. april 2023.
- ↑ «Top Selling Albums of 1976 — The Official New Zealand Music Chart». Recorded Music New Zealand. Henta 18. april 2023.
- ↑ «ARIA Charts - Accreditations - 2010 Albums». ARIA Charts. Arkivert frå originalen 10. juli 2011. Henta 18. april 2023.
- ↑ «Canadian album salstrofé – America – History: America's Greatest Hits». Music Canada.
- ↑ «British album salstrofé – America – History: America's Greatest Hits». British Phonographic Industry. Enter History: America's Greatest Hits in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
- ↑ «American album salstrofé – America – History: America's Greatest Hits». Recording Industry Association of America. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH