I Need You av America
I Need You av America Singel av America frå albumet America | ||
B-side |
Riverside | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 26. april 1972 | |
Innspelt | 1971 | |
Sjanger | Softrock | |
Lengd | 3:04 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Komponist | Gerry Beckley | |
Tekstforfattar | Gerry Beckley | |
Låtskrivar(ar) | Gerry Beckley | |
Produsent | Ian Samwell, Jeff Dexter, America | |
America-kronologi | ||
«A Horse with No Name» (1972) |
I Need You av America | «Ventura Highway» (1972)
|
«I Need You» er ein song av den amerikanske rockegruppa America, gjeven ut i 1972[1] som den andre singelen deira frå det sjølvoppkalla debutalbumet America. Songen var skriven av Gerry Beckley.
Cash Box skildra songen som «ein mild, 'Something'-aktig ballade.»[2]
Han finst på konsertalbum Live (1977), In Concert (1985), In Concert (King Biscuit), Horse With No Name - Live! (1995) og The Grand Cayman Concert (2002). Studioversjonen er inkludert på samlealbuma Highway (2000) og The Complete Greatest Hits (2001).
George Martin miksa studioinnspelinga på ny for inkludering på History: America's Greatest Hits (1975) med tonehøgda sat ned ein kvart tone og bassgitaren sett opp ytterlegare i volum frå originalutgivinga. Ein alternativ miks frå 1971 (elles basert på George Martin-miksen) finst på 2015-utgivinga Archives, Vol. 1.[3]
Medverksande
endre(Ifølgje baksida av vinylutgåva frå 1972 av America).
- Dewey Bunnell - 6-strengs akustisk gitar, korvokal
- Gerry Beckley - solovokal, bass, piano.
- Dan Peek - 12-strengs elektrisk gitar, korvokal
- Dave Atwood - trommer, trommer
Salslister
endreSangen vart ein topp ti-hit og låg ti veker på Billboard Hot 100-listene i USA, der han nådde niandeplassen. Det var andre topp ti-singlen til bandet, etter suksessen med deira førre hit «A Horse With No Name». Han gjekk òg inn på Billboard Adult Contemporary-lista på ein sjuandeplass, og både Cash Box Singles Chart og Record World Singles Chart som nummer 8. I motsetning til den førre hitsingelen deira fekk han ingen sertifiseringar av RIAA.
Liste (1972) | Plassering |
---|---|
Canada RPM Top Singles[4] | 5 |
New Zealand (Listener) | 18 |
US Billboard Hot 100[5] | 9 |
US Billboard Adult Contemporary | 7 |
US Cash Box Top 100 [6] | 8 |
US Record World [6] | 8 |
Coverversjonar
endreAndy Williams gav ut ein versjon i 1972 på albumet sitt, Alone Again (Naturally).[7] Same år sleppte òg Percy Faith og Ray Conniff versjonar av songen.[8][9]
Harry Nilsson spelte inn songen til albumet ...That's the Way It Is frå 1976
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «I Need You (America song)» frå Wikipedia på engelsk, den 16. april 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ America, «I Need You» Single Release Henta 16. april 2023
- ↑ «CashBox Record Reviews» (PDF). Cash Box. 29. april 1972. s. 18. Henta 11. desember 2021.
- ↑ Archives, Vol. 1. Henta 25. mars 2016.
- ↑ «Item Display - RPM - Library and Archives Canada» (PDF). Collectionscanada.gc.ca. 15. juli 1972. Henta 16. april 2023.
- ↑ Billboard Hot 100: Week of 8. juli 1972, Billboard.com. Henta 16. april 2023.
- ↑ 6,0 6,1 Whitburn, Joel (2015). The Comparison Book Billboard/Cash Box/Record World 1954-1982. Sheridan Books. s. 15. ISBN 978-0-89820-213-7.
- ↑ Andy Williams, Alone Again (Naturally). Henta 16. april 2023
- ↑ Percy Faith, Day By Day Henta 25. mars 2016
- ↑ Ray Conniff, Love Theme from The Godfather] Henta 25. mars 2016