Hoatzin
Ved Beni-elva, Bolivia Foto: Linda De Volder
Ved Beni-elva, Bolivia
Foto: Linda De Volder
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av hoatzin
Utbreiinga av hoatzin
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Gaukefuglar Cuculiformes
Familie: Hoatzinfamilien Opisthocomidae
Slekt: Opisthocomus
Art: Hoatzin O. hoazin
Vitskapleg namn
Opisthocomus hoazin

Hoatzin (Opisthocomus hoazin), òg kalla sigøynarfugl, er ein mykje spesiell art av tropiske fuglar funne i sumpar, elvenær skog og i mangroveskog i nedslagsfeltet av Amazonaselva og Orinoco i Sør-Amerika. Dette er einaste medlemmen av slekta Opisthocomus (gammalgresk 'med langt hår bakover', refererer til den store fjørtoppen),[1] som igjen er einaste slekta i familien Opisthocomidae. Den taksonomiske plasseringa av denne familien har vore sterkt omdiskutert, og er framleis langt frå klår. Hoatzinungane skil seg frå alle andre fugleungar ved at dei har klør på to av vengfingrane. Hoatzinen er planteetar, han et blad og frukt, og har eit uvanleg fordøyingssystem med eit forstørra kro som fungerer som ei vom. Han gjev òg ei gjødingsliknande lukt for å skremme bort potensielle predatorar.

Skildring endre

 
Hoatzin i Manu nasjonalpark, Madre de Dios-regionen, Peru
Foto: Bill Bouton

Arten har fasanstorleik, rundt 65 cm i lengd, med ein lang hals og eit lite hovud. Han er brunleg i farga, med bleikare undersida og har ein fjørlaust lysblått andlet med bordeaux-raude auge, og hovudet er toppa av ein høg, pigga, raudbrun fjørtopp. Den lange sotbrune halen har eit breitt gulbrunt band i enden. Oversida er mørk sotbrun med gulbrune kantar på dekkfjørene og gulbrunestriper på mantelfjør og nakke. Undersida er lysebrun, medan gump, handsvingfjør og kroppssidene har djup kastanjebrun farge, men dette er hovudsakleg synleg når han opnar vengene sine. Dette er ei støyande art, med ei rekkje hese ytringar som inkluderer stønn, kvekking, kvesing og grynt.[1] Desse lyduttrykka fell ofte saman med kroppsrørsler som vengespreiing. Ytringane blir til brukte å halde i gang kontakten mellom individ i grupper, å åtvare mot truslar og inntrengjarar, og når ungar tiggar mat.

Åtferd endre

 
Hoatzin ved Sandoval-sjøen, like ved Puerto Maldonado, Peru
Foto: Flickr-brukar: Carine06

Hoatzinen lever i lågland, opptil ca. 200 moh., og beitar i tregreiner som typisk veks lågt over stilleståande vatn som kroksjøar eller over elvar med vatn som berre rører seg sakte. Dei kan kvile høgt i trea. Han klatrar klosset rundt blant greinene, og er ganske tam, sjølv om dei blir stressa av hyppig uro frå menneske. Han kan ofte akseptere menneske i nærleiken og lèt seg motvillig skremme. Utanfor hekkesesongen kan dei vere samla i grupper på 30 eller meir.[2]

Føde endre

Hoatzinen et helst unge blad og knoppar,[2] og i mindre grad frukt og blomar av plantane som veks i vått terreng ved elvar i leveområdet. Tidlegare trudde ein at arten berre kunne beite av blada på artar av myrkonglefamilien, Araceae, og av mangrovar, Avicennia, men Hoatzin er no kjent for å konsumere blada av over femti artar. Ein studie gjennomført i Venezuela fann at dietten åt fuglane var 82 % lauv, 10 % blomar og 8 % frukt.[1]

Eit av dei mange særmerka for denne arten er at han har eit fordøyingssystem som er eineståande blant fuglar. Hoatzinane brukar bakteriell gjæring i den fremre delen av tarmen til å bryte ned vegetabilske materiale dei brukar, på liknande måte som storfe og andre drøvtyggarar. I motsetnad til drøvtyggarar, som har ein spesialisert mage for bakteriell gjæring, har Hoatzin funksjonen i kroet, ei utviding av matrøyret. Kroet hos Hoatzin er så stort at det fortrengjer flygemusklar og brystbeinkjølen, til en pris av redusert flygekapasitet. På grunn av aromatiske innhald i blada dei konsumerer og bakteriell gjæring, har fuglen ein ubehageleg, gjødingsliknande lukt og er berre jaktmål når predatorar har verkeleg trong for mat.

Formering endre

Hoatzinane er sesongrugarar, hekkar i regntida, som varierer over utbreiingsområdet.[1] Fuglane er selskaplege og hekkar i små koloniar, legg 2-3 egg i eit reir i eit tre som hengjer over vatnet i sesongmessig oversumde skogar. Reirmaterialet er trepinnar. Ungane, som blir fora på oppstøytt, gjæra mat, har ein annan merkeleg funksjon, dei har to klør på kvar veng. Når dei blir forstyrra, lèt ungane seg sleppe ned i vatnet for å komme unna predatorar, deretter brukar dei vengene sine å klatre tilbake til tryggleiken ved reiret. Dette har uunngåeleg ført til samanlikningar med den fossile Archaeopteryx, men karakteristikken er snarare ein autapomorf eigenskap, og kan vere atavisme av dinosaurske fingerklør, ein utviklingsmessig genetikk som antakeleg framleis er tilstades i genomet åt fuglane.

Hoatzin og menneske endre

Arten er ikkje trua trass i at desse fuglane ofte sit opent og synlege med slåande farger og dei er dårlege flygarar. Faktisk syner arten større evne til overleving enn mange andre endemiske artar til utbreiingsområdet. Brasilianske urfolk samlar nokre gonger egga til mat, og dei vaksne fuglane kan vere jaktmål, men generelt er dette sjeldan, ein trur det er fordi kjøttet har dårleg smak.[1] Sjølv om det føretrekte habitat, mangrove med omkringliggjande skog, forsvinn raskt i einskilde område, er habitatet mindre trua enn tørt skogsterreng, som er det primære målet for avskoging i regnskogen i Amazonas. Hoatzinen er difor ganske vanleg i store delar av utbreiingsområdet sitt.


Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Thomas, BT (1996). «Family Opisthocomidae (Hoatzins)». I del Hoyo, J.; Elliot, A.; Sargatal J. Hoatzin to Auks. Handbook of the Birds of the World. Band 3. Barcelona: Lynx edicions. ISBN 84-87334-20-2. 
  2. 2,0 2,1 Hilty, Steven L. (29. november 2002). Birds of Venezuela. Christopher Helm Publishers Ltd. ISBN 0713664185. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hoatzin
  • Fain, Matthew G. & Houde, Peter (2004): Parallel radiations in the primary clades of birds. Evolution 58(11): 2558–2573. PDF Arkivert 2012-07-19 ved Wayback Machine.
  • Hughes, Janice M. & Baker, Allan J. (1999): Phylogenetic relationships of the enigmatic hoatzin (Opisthocomus hoazin) resolved using mitochondrial and nuclear gene sequences. Molecular Biology and Evolution 16(9): 1300–1307. PDF
  • Miller, Alden H. (1953): A fossil Hoatzin from the Miocene of Colombia. Auk 70(4): 484–495. PDF Arkivert 2011-06-06 ved Wayback Machine.
  • Sorenson, Michael D.; Oneal, Elen; García-Moreno, Jaime & Mindell, David P. (2003): More taxa, more characters: the Hoatzin problem is still unresolved. Molecular Biology and Evolution 20(9): 1484–1499. PDF Tilleggsmateriell