Huia

art av sporvefuglar
(Omdirigert frå Huja)
Svartflikfugl
Svartflikfugl
Svartflikfugl
Utbreiing og status
Status i verda: EX UtdøyddUtbreiinga av svartflikfugl
Utbreiinga av svartflikfugl
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Kokakofamilien Callaeidae
Slekt: Heteralocha
Art: Svartflikfugl H. acutirostris
Vitskapleg namn
Heteralocha acutirostris

Huia (maori hʉia, Heteralocha acutirostris), tidlegare norsk namn svartflikfugl, var den største arten av kokakoar og var spesielt knytt til Nordøya på New Zealand. Han døydde ut i byrjinga av 1900-talet av desse to viktigaste årsakene: Den første var ein utbreidd jakt å skaffe fuglar til utstopping, det var stor etterspurnad frå museum og velståande private samlarar verda rundt. Huia vart òg fanga fordi dei lange, fine halefjørene deira lokalt var i bruk som fasjonable luedekorasjonar. Den andre hovudårsaka til utrydding var utbreidd avskoging av låglandet på Nordøya som europeiske nybyggarar sette i gang for å skape beiteland for landbruket. Dei fleste av desse skogane var gamle, økologisk komplekse urskogar, og huia var ikkje i stand til å overleve i gjenreist, sekundærskog. Den siste stadfesta observasjonen av ein huia skjedde 28. desember 1907 i Tararuafjella. Mindre truverdig observasjonar har ein i nærleiken av Wellington fram til 1922, og den siste rapporterte observasjonen er frå nasjonalparken Te Urewera på 1960-talet.

Hovudplagg med fjørpynt av halefjør frå huia

Huia hadde eit oppsiktsvekkjande trekk med mest markert kjønnsdimorfisme i nebbforma av alle kjente fugleartar i verda. Nebbet til hoa var langt, tynnt og nedoverbøygd, medan hannen hadde kort og kraftig nebb, som ei kråke. Kjønna var elles identiske, med oransje fjørlause hudflikar og hovudsakleg svart fjørdrakt med ein grøn glans. Fuglane levde i skog, både alpine område og i låglandet - dei er antatt å ha trekt sesongmessig, mellom høge område om sommaren og lågare høgder om vinteren. Huia var altetande og åt insekt, larver og edderkoppar, så vel som fruktene av ei lita mengd av planter. Kjønna utnytta nebbet til å søkje føde på ulike måtar: hannen brukte nebbet til meisle bort rotnande treverk, medan hoa sitt lengre, meir fleksible nebb var i stand til å undersøkja djupare inn. Sjølv om huia er ofte nemnt i lærebøker innan biologi og ornitologi på grunn av denne slåande ulikskapen mellom kjønna, vart biologien for arten lite studert før utryddinga skjedde. Huia er ein av dei mest kjende utdøydde fuglane på New Zealand på grunn av nebbforma, uvanlege venleik og spesielle plass i maorikultur og munnleg tradisjon. Fuglen vart rekna som tapu, heilag, av maoriane, og bruk av hud eller fjører var reservert for folk med høg status.

Kjelder endre

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Huia