Hush
Hush Singel av Billy Joe Royal | ||
B-side |
«Watching from the Bandstand" | |
---|---|---|
Utgjeve | 1967 | |
Innspelt | 1967 | |
Sjanger | Poprock | |
Lengd | 2:30 | |
Selskap | Columbia | |
Låtskrivar(ar) | Joe South | |
Produsent | Joe South | |
Billy Joe Royal-kronologi | ||
«These Are Not My People» (1967) |
Hush | «Storybook Children» (1968)
|
Hush av Deep Purple frå albumet Shades of Deep Purple | ||
B-side |
«One More Rainy Day» | |
---|---|---|
Utgjeve | 27. april 1968 | |
Innspelt | 21. april 1968, Pye Studios, London | |
Sjanger | Hardrock, stoner, heavy metal | |
Lengd | 4:24 | |
Selskap | Parlophone Tetragrammaton | |
Låtskrivar(ar) | Joe South | |
Produsent | Derek Lawrence | |
Deep Purple-kronologi | ||
Hush | «Kentucky Woman» (1968)
|
Hush Singel av Deep Purple frå albumet Nobody's Perfect | ||
B-side |
«Dead or Alive» (live), «Bad Attitude» (live) | |
---|---|---|
Utgjeve | juni 1988 | |
Innspelt | 1988, Pye Studios, London | |
Sjanger | Hardrock, heavy metal | |
Lengd | 3:32 | |
Selskap | Polydor (UK (England)) Mercury Records (US) | |
Låtskrivar(ar) | Joe South | |
Deep Purple-kronologi | ||
«Call of the Wild» (1987) |
Hush | «King of Dreams» (1990)
|
«Hush» er ein song skriven av den amerikanske musikaren Joe South for Billy Joe Royal. Royal gav songen ut som singel og denne nådde 52. plass på Billboard Hot 100 i 1967.[1] Refrenget byrjar med «Hush, hush, I thought I heard her calling my name», som er henta frå ein tradisjonell gospelsong.
Deep Purple-versjonen
endreSongen vart så spelt inn av det britiske hardrockbandet Deep Purple for debutalbumet deira Shades of Deep Purple i 1968. Songen vart den første hitsingelen deira og nådde fjerdeplass i USA og andreplass i Canada, medan han selde dårleg i Storbritannia.
For å feire 20-årsjubileet til bandet, spelte Deep Purple songen inn på ny i 1988 for albumet Nobody's Perfect. Songen nådde då 62. plass i Storbritannia og 44. plass på Hot Mainstream Rock-lista i USA.
Andre versjonar
endre- Låtskrivaren Joe South spelte inn «Hush» i 1968 til sitt andre album Games People Play.[2]
- Den britiske songaren Kris Ife gav ut ein versjon i desember 1967 (MGM Records singel).
- Tommy Körberg spelte inn «Hush» til albumet Nature Boy i 1968, kreditert til Tom.[3]
- Merrilee Rush spelte inn «Hush» i 1968 på albumet hennar Angel of the Morning.[4]
- Love Affair spelte inn «Hush» til albumet The Everlasting Love Affair frå 1968.[4]
- Ei singelutgiving frå 1973 av «Hush» av Jeannie C. Riley, frå albumet hennar Just Jeannie, nådde 51. plass på Billboard C&W chart.[4]
- Det sveitsiske bandet Gotthard inkluderte ein cover på sitt sjølvtitulerte debutalbum frå 1992. Dei framførte òg låten live med Jon Lord som gjestespesialist på Zermatt Unplugged-festivalen i 2008.
- Jenny Rock, ein kanadisk artist, spelte inn ein fransk versjon i 1970 med tittelen Mal (produsert av Michel Pagliaro).
- Kula Shaker spelte inn ein versjon som nådde andreplass på den britiske hitlista i 1997 og vart brukt på soundtracket til I Know What You Did Last Summer og i marknadsføringa av Kingsman: The Secret Service.
- Somebody's Image spelte inn ein versjon som vart ein mindre hit i Australia i 1967.
- The Partridge Family framførte ein versjon i TV-serien sin, med David Cassidy på vokal.
- Milli Vanilli spelte inn ein versjon på debutalbumet All or Nothing i 1988.
- Complex spelte inn ein versjon på sitt første sjølvtitulerte studioalbum i 1970.
- Funky Junction spelte inn ein versjon av «Hush» på sitt einaste album Funky Junction Play a Tribute to Deep Purple i 1973. Bandet bestod av Phil Lynott, Eric Bell og Brian Downey frå Thin Lizzy.[5]
- Captain Jack gjorde ein versjon av «Hush» på Eurodance-albumet Party Warriors, gjeve ut i Europa i 2003.[6]
Medverkande
endre1968-versjonen
endre- Ritchie Blackmore - gitar
- Rod Evans - vokal
- Nick Simper - bass, korvokal
- Ian Paice - trommer
- Jon Lord - orgel, korvokal
1988-versjonen
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Hush (Billy Joe Royal song)» frå Wikipedia på engelsk, den 28. mai 2012.
- ↑ http://www.billboard.com/artist/billy-joe-royal/liste-history/2497#/song/billy-joe-royal/hush/645066
- ↑ «Joe South - Games People Play». Discogs. 1969.
- ↑ «Tom - Nature Boy (1968, Vinyl)». Discogs.com. 1968. Henta 25. desember 2021.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 «Coverversjoner av Hush av Billy Joe Royal». Secondhandsongs.com. Henta 25. desember 2021.
- ↑ Alan Byrne, «Thin Lizzy: Soldiers of Fortune», Firefly, 2004
- ↑ «Captain Jack - Party Warriors - The Partyhit Collection». Discogs. 24. februar 2003.