I’ve Got a Feeling

I've Got a Feeling
Song av The Beatles
frå albumet Let It Be
Utgjeve 8. mai 1970
Innspelt 30. januar 1969 (rooftop concert)
Sjanger
Lengd 3:37
Selskap Apple, EMI
Komponist John Lennon, Paul McCartney
Tekstforfattar John Lennon, Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent Phil Spector

«I’ve Got a Feeling» er ein song av The Beatles på albumet Let It Be frå 1970. Songen er skriven av John Lennon og Paul McCartney og er sydd saman av to songar, McCartney sin «I’ve Got a Feeling» og John Lennon sin «Everybody had a Hard Year».

McCartney-songen vart skriven for den nye kjærasten hans, Linda Eastman, som han snart kom til å gifte seg med og teksten uttrykker at ho er den kvinna han alltid har vore på jakt etter. Lennon-songen startar kvar einaste linje med «everybody» (alle). Medan McCartney-songen er optimistisk hadde Lennon verkeleg hatt eit hardt år: Han hadde skilt seg frå den første kona si, Cynthia Powell, den nye kjærasten Yoko Ono hadde hatt ein spontanabort og han vart sjølv arrestert for å oppbevare narkotika.

I filmen Let It Be påstår Lennon at han skreiv «Everybody had a Hard Year» natta før, men det finst eit filmopptak frå BBC frå 1968 der han syng ein tidleg versjon av songen, medan han spelar akustisk gitar i heimen sin i Ascot.

Medverkande endre

Personell per Ian MacDonald[3]

Kjelder endre

  1. «Top 100 Albums of the 1970s». Pitchfork. Arkivert frå originalen 26. januar 2015. Henta 23. februar 2010. 
  2. Unterberger, Richie. «The Beatles: Let It Be – Overview». AllMusic. RhythmOne. Arkivert frå originalen den 6. august 2013. Henta 12. februar 2018. 
  3. MacDonald, Ian (2005). Revolution in the Head: The Beatles' Records and the Sixties (Second Revised utg.). London: Pimlico (Rand). s. 332. ISBN 1-84413-828-3. 

Bakgrunnsstoff endre