Idi Amin
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Idi Amin (fødd ca. 1928[1] i Koboko, død 16. august 2003 i Jidda, Saudi-Arabia) var ein ugandisk offiser og politikar; president og diktator i perioden 1971–1979. Nøyaktig fødselsdato er ukjend, men Amin brukte 1. januar som fødselsdag.
Idi Amin | |
![]() | |
Parti | partilaus |
---|---|
Fødd | Truleg 1923 |
Fødestad | Koboko, Kampala |
Død | 16. august 2003 |
Dødsstad | King Faisal Specialist Hospital and Research Centre |
Ektefelle | Sarah Kyolaba |
Amin vart kjent som ein svært brutal leiar og vart på 1970-talet samanlikna med historiske personar som Caligula, Hitler, Beria og Himmler. I fleire av nabolanda vart han stempla som «sadist, mordar, fascist og undertrykkjer».[2]
KarriereEndra
Idi Amin innleidde den militære karrieren sin i 1946, då han verva seg til den britiske hæren i regimentet King's African Rifles (KAR). Han vart gjentekne gonger austafrikansk meister i tungvektsboksing i åra 1951–1960. I løpet av desse åra steg han i gradane, og etter at Uganda vart sjølvstendig i 1962 vart han utnemnd til sjef for hæren i 1966. Amin var ein av frontfigurane under militærkuppet i 1971, då den dåverande presidenten, Milton Obote, vart styrta, og Amin vart leiaren i landet.
Etter at Amin hadde utnemnd seg sjølv til president på livstid, og utvist alle asiatar frå landet med alvorlege konsekvensar for ugandisk økonomi, byrja han å få verdsopinionen imot seg. Den omsynslause forfølginga hans og massemord på menneskje frå blant anna acholi- og langostammene gjorde ikkje situasjonen betre. I 1978 vart Uganda invadert av eksilnasjonalistar og tanzanianske styrkar, og året etter greidde ein å styrta Amin, som då flykta til Libya.
Han busette seg seinare i Saudi-Arabia, der han levde fram til han døydde i 2003.
AnnaEndra
- Den antekne syfilisen-sjuke diktatoren, som gjekk under namnet «Afrikas slaktar», vert i dag rekna for å vera skyldig i fleire hundre tusen døden til menneske eller forsvinning.
- Idi Amin vart presentert i filmen Highway to Hell der han hadde bordreservasjon saman med Adolf Hitler og Kleopatra VII av Egypt som begge allereie var til stades.
- I slutten av november 2014 sende sonen, Hussein Amin, ei klaga på nekrologen til The Guardian frå 2003. Her påpekte han det han meinte var faktafeil, blant anna at faren var fødd i 1928, ikkje 1925.[3]
- Hausten 1979 vart eit 80-tals Norad-tilsette bistandsarbeidere med famile nekta vidare opphald i Uganda. Dei vart loddrett kasta ut, fekk 24 timar på å pakka og avvikle. Dei vart førebels sende til Dar-es-Salaam, før retur til Noreg.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Idi Amin» frå Wikipedia på bokmål, den 14. oktober 2018.
- ↑ Endra fødselsdato
- ↑ Nabolanda Kenya og Tanzania har ein stempla han som fascist, sadist, mordar, og undertrykkjer».
- ↑ Klaga på nekrolog