Immunforsvar

biologisk system som vernar organismen mot sjukdom
(Omdirigert frå Immunapparatet)

Immunforsvaret, eller immunsystemet, er forsvaret til ein organisme mot ulike biologiske fremmedlekam. Alle organismar har ei form for immunforsvar, måten det fungerer på kan variera sterkt. For mennesket – og dei fleste andre pattedyr – er immunforsvaret delt opp i ein ytre og ein indre del. Det indre forsvaret vert delt opp i to delar, det medfødte og det nedarva immunsystemet.

Immunforsvaret synt ved i eit bilete frå eit elektronmikroskop av ein nøytrofil granulocytt som angrip ein miltbrannbakteriar.

Ytre forsvar endre

Det ytre forsvaret består av huda, slimhinnene og andre organ (som til dømes magesekken). Så lenge huda er «tett», er det lite som kan trenga gjennom henne. Men opne sår kan føra til infeksjonar, som igjen kan føra til alvorlege sjukdomar. På same måte vil flimmerhåra i slimhinnene i nasen og i halsen fanga opp eventuelle fremmedlekam, og om dei skulle klara å koma seg forbi vil syren i magesekken ta livet av det aller meste. Auget og slimhinnene inneheld enzym som drep både viruspartiklar og bakteriar (til dømes lysozymer).

Indre forsvar endre

Om fremmedlekama likevel skulle klara å ta seg forbi det ytre immunforsvaret, vil det indre forsvaret – dei kvite blodcellene – gå til angrep. Desse vil prøva å drepa fremmedlekama ved anten å «eta dei», eller ved å «sprøyta med» antistoff. Det siste skjer likevel berre viss kroppen har vore utsett for sjukdomen tidlegare; cellene «lærer» kva for antistoff som fungerer mot kvar einskild sjukdom, slik at dei er førebudd neste gong kroppen vert utsett for eit angrep av den same sjukdomen.

Det indre immunforsvaret vert delt inn i to deler, det medfødde og det erverva. Den medfødde delen er meir eller mindre felles for alle dyr, den erverva derimot finst berre hos høgarestående virveldyr, altså ikkje hos til dømes insekt.

Det medfødde immunforsvaret endre

I alle tilfelle der patogener entrar kroppen vil eit fungerande medfødt immunforsvar umiddelbart angripa desse. Dette er «første forsvarslinje» i krigen mot smittsame sjukdomar. I tillegg til det ytre immunforsvaret består den medfødte immuniteten av molekyl som kjenner igjen og skadar ikkje-eigne partiklar, og fagocyttane. Fagocyttane vert danna i beinmargen frå stamceller og vil verta differensiert til makrofagar, monocyttar, og nøytrofile granulocyttar. Desse cellene kjenner igjen ikkje-eignе celler og òg eigne celler det er noko gale med (NK-celler, «natural killer»-cells), til dømes virusinfiserte celler og kreftceller og angrip desse. Den vanlegaste måten desse cellene  går til åtak på er ved fagocytose, det vil seia at dei svelgjer framande partiklar og bryt dei ned med degraderande enzym inne i lysosomblærer i cytoplasmaen. Nokre av desse cellene tek vare på nokre spesielle molekyl frå overflata av patogenet. Det kan vera protein eller karbohydratstrukturar. Desse molekyla vert frakta til overflata og vert presentert for den andre delen av immunsystemet, det erverva.

Sjølvhjelp endre

I mange tilfelle kan immunforsvaret få store problem med å handsame sjukdomen eller sjukdommane som angrip. Då kan det verta aktuelt å tilføra kroppen eit antibiotikum (jfg. antibiotikum), ein type medisin som drep mikroorganismar. Antibiotikum hjelper likevel berre mot bakterieinfeksjonar, og har ingen verknad på sjukdomar som er forårsaka av virus, som til dømes viruset HIV som fører til AIDS.

Når kroppen angrip seg sjølv endre

Nokre gonger kan det likevel skje at immunforsvaret går til angrep på kroppen sin eigne celler. Det er dette som skjer når menneske får såkalla autoimmune sjukdomar, som til dømes diabetes (sukkersjuke) og revmatisme. Ein er ikkje heilt sikker på årsaka til dette, men ein trur at slike situasjonar oppstår når mengda T-celler (ein type kvite blodceller) når ei nedre grensa.

Når kroppen oppdagar at han har for få T-celler, byrjar han å produsera kopiar av dei få cellene som er igjen, ein såkalla «homostatisk produksjon». Desse nye T-cellene manglar likevel «minne», og klarer ikkje å skilja mellom det eige vevet til kroppen og eventuelle framandelement.

Resistens endre

I einskilde tilfelle kan bakteriar utvikla resistens mot visse typar antibiotikum; bakteriane vert motstandsdyktige. Resultatet vert at antibiotikumet har liten, eller ingen, effekt mot den aktuelle bakterien. Det er med andre ord ikkje kroppen som vert resistent mot antibiotikum, men bakteriane i kroppen som vert resistente.

For å unngå at resistens oppstår, bør ein forsikra seg om at det antibiotikumet med best effekt mot den aktuelle infeksjonen vert tilført kroppen til rett tid, i tillegg til at pasienten fullfører heile antibiotikakuren.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre