Japanstarik

fugleart
Japanstarik
Japanstarik
Japanstarik
Status
Status i verda: VU Sårbar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Underorden: Lari
Familie: Alkefamilien Alcidae
Slekt: Synthliboramphus
Art: Japanstarik S. wumizusume
Vitskapleg namn
Synthliboramphus wumizusume

Japanstarik (Synthliboramphus wumizusume) er ein sjøfugl i alkefamilien med leveområde langs dei avsidesliggande kystane av Japan og sørlege Sør-Korea, og kan òg trekke så langt nord som Sakhalin vinterstid. Med ein liten og minkande populasjon anslått i 2015 til totalt 2500–10 000 reproduserande individ, er arten globalt raudlista og klassifisert som sårbar av IUCN.[1]

Skildring endre

Dette er ein liten alkefugl med kropplengde på 24–26 cm og vekt på 139–213 gram,[2] langt mindre enn ein teist, men større enn alkekonge. Oversida er blågrå til svart, strupen og undersida er kvit, beina og føtene gulgrå, og eit kort, tjukt bleikblått nebb, der kulmen er mørkare, iris er mørkebrun.[2] Det svarte hovudet har eit kvitt område frå oversida av kvart auge som møtast på nakken til eit kvitt bakhovud, dette er mindre synleg om vinteren.[2] I praktdrakt har han òg påfallande forlenga hovudfjører som reiser seg i ein topp. Japanstarik kan skiljast frå nordstarik (Synthliboramphus antiquus), som har vinterutbreiing i same området, ved at nordstarik har langt mindre kvitt på hovudet, i staden har nordstarik større kvitt område opp frå halsen under øyreområdet.[2] Ungfuglar liknar vaksne, men hovudet og oversida er noko brunare.

Utbreiingsområdet er i havet ved nærliggande kystar av Japan og over Koreasundet til kysten av sørlege Koreahalvøya. Ein finn ikkje-hekkande japanstarikar nordover til sørlege Sakhalin, samt i eit åtskild område i Peter den store-bukta, utanfor Vladivostok. Hekkeplassane er på små øyar ved Japan og Sør-Korea, moglegvis òg i Peter den store-bukta.

Levevis endre

Dietten åt japanstarik består for det meste av kril, andre planktoniske krepsdyr og små pelagiske fiskar, inkludert stillehavssild (Clupea pallasii), ulker i slekta Triglops, krøklefiskar i slekta Osmerus, tobis (Ammodytes) og sandlanser (Hypoptychus).

Han hekkar ofte i bratte område slik at ungane enkelt kjem ut på havet. Reirplassen er i naturlege holer, i holrom i steinrøyser, men dei grev òg holer til reirplass.[2] Vanlegvis er kullet på to egg lagt med ei vekes mellomrom frå slutten av mars til byrjinga av april, litt tidlegare i den sørlege enden av hekkeområdet. Den månadslange rugeperioden blir nesten likt delte av begge foreldra. Dei presosiale ungane blir ikkje mata i reiret, men fer ut på havet saman med foreldra den andre natta etter klekking.

Vernestatus endre

Tidlegare føregjekk det hausting av både fuglar og egg, og spesielt mykje eggsanking gjennom tre tiår, frå ca. 1940. Dette er nemnt som ei mogleg årsak til den store minkinga av populasjonen på 1900-talet.[1] Andre faktorar som har medført at arten har status som sårbarIUCN globale raudlister er fiske med drivgarn,[3] predasjon frå rotter, villkattar (Felis catus), tjukknebbkråker (Corvus macrorhynchos), og japanmåsar (Larus crassirostris). Måsar og kråker har blitt trekt til hekkeområde av fritidsfiske. I tillegg lever det naturlege predatorar ved hekkestadene, slik som falkar og snokar (Elaphe quadrivirgata).[4]

Under hekkesesongen i 1951 og 1952 vart Ōnohara-øyane, den gong den viktigaste kjente hekkestaden for japanstarik, brukt som eit bombefelt av det amerikanske luftvåpenet, noko som resulterte i betydelege skadar.[5]

Japanstarik er ført opp på regionale raudlister som sårbare eller truga. I Japan som sårbar (2020), i Sør-Korea som sterkt truga (2011) og i Sakhalin oblast i kategori 1, kritisk nivå.

Kjelder endre

Referansar
  1. 1,0 1,1 BirdLife International (2022) Species factsheet: Synthliboramphus wumizusume. Henta frå http://www.birdlife.org den 2. juli 2022
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Nettleship, D. N. og G. M. Kirwan (2020). Japanese Murrelet (Synthliboramphus wumizusume), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.japmur1.01
  3. Piatt, J.F.; Gould, P.J. (October 1994). «Postbreeding Dispersal and Drift-Net Mortality of Endangered Japanese Murrelets». The Auk 111 (4): 953–961. JSTOR 4088827. doi:10.2307/4088827. 
  4. Carter, H.R.; et al. (2002). «Status and Conservation of the Japanese Murrelet (Synthliboramphus wumizusume) in the Izu Islands, Japan». Journal of the Yamashina Institute for Ornithology 33 (2): 61–87. doi:10.3312/jyio1952.33.61. 
  5. Collar, N.J., red. (2001). Threatened Birds of Asia: The BirdLife International Red Data Book (PDF) A. BirdLife International. s. 1513. ISBN 0-946888-42-6. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Japanstarik