Jarositt
Jarositt er eit jernhaldig sulfatmineral, gult til brunt av farge, særs utbreitt som forvitringsprodukt av pyritt,
Jarositt | |||
Jarositt på kvarts frå Arabia-distriktet i Pershing County i Nevada | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Sulfatmineral | ||
Kjemisk formel | KFe3+3(OH)6(SO4)2 | ||
Strunz-klassifisering | 07.fvt.10 | ||
Dana-klassifisering | 30.2.5.1 | ||
Krystallsymmetri | Trigonal 3 2/m heksagonal ulikesida | ||
Einingscelle | a = 7,304 Å, c = 17,268 Å; Z=3 | ||
Identifikasjon | |||
Molekylvekt | 500,8 g | ||
Farge | Ravgul eller mørkebrun | ||
Krystallform | Krystallar er vanlegvis delvis kubiske eller tavleforma, òg som korna skorper, nodular, trådaktige massar eller konkresjonar. | ||
Krystallsystem | Trigonal | ||
Kløyv | tydeleg på {0001} | ||
Brot | Ujamn til muslig | ||
Fastleik | Sprø | ||
Mohs hardleiksskala | 2,5–3,5 | ||
Glans | nær diamantaktig til glasaktig, harpiksaktig på brot | ||
Strekfarge | lysegul | ||
Transparens | Gjennomsiktig til gjennomskineleg | ||
Spesifikk vekt | 2,9 til 3,3 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Einaksa (-), sjeldan unormal toaksa med særs liten 2V | ||
Brytingsindeks | nω = 1,815 til 1,820; nε = 1,713 til 1,715 | ||
Dobbeltbryting | 0,102 til 0,105 | ||
Pleokroisme | E fargelaus, særs bleik gul, eller bleik grønaktig gul, O djup gyllengul eller raudbrun | ||
Oppløyselegheit | Uoppløyseleg i vatn. Oppløyseleg i saltsyre. | ||
Andre eigenskapar | Kraftig pyroelektrisk. Ikkje-fluorescerande. Så vidt radioaktivt | ||
Kjelder | [1][2][3] |
Mineralet krystalliserer trigonalt og har kjemisk formel KFe3(SO4)2(OH)6. Andre mineral i denne gruppa inneheld ammonium, oksonium, sølv eller bly i staden for kalium. Alunitt er aluminiumanalogen til jarositt.
Jarositt vart først skildra i 1852 av August Breithaupt i Barranco del Jaroso i Sierra Almagrera (nær Los Lobos i Cuevas del Almanzora i Almería i Spania). Namnet kjem frå Jara, det spanske namnet på ein gul blom som veks i dette området. Mineralet og blomen har same farge.
I 2004 vart det oppdaga jarositt på Mars av Mössbauerspektrometeret på MER-B-roveren. Dette er tolka som eit sterkt bevis på at det var store mengder flytande vatn på Mars i tidlegare tider.
I Noreg er det til dømes kjent frå alunskifer i Oslofeltet. Den tilsvarande natriumsambindinga (natrojarositt) er òg kjent frå Noreg.
Kjelder
endre- Jarositt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/jarositt.
- ↑ Gaines et al (1997) Dana's New Mineralogi Eighth Edition, Wiley
- ↑ http://www.mindat.org/min-2078.html
- ↑ http://rruff.geo.arizona.edu/doclib/hom/jarosite.pdf