Jemenittisk geografi

Jemen ligg i Sørvest-Asia heilt sør på Den arabiske halvøya mellom Oman og Saudi-Arabia. Han ligg ved innløpet til Bab-el-Mandeb-sundet, mellom Raudehavet og Indiahavet (via Adenbukta) og er ein av dei mest aktive og strategisk viktige skipsfartsårene i verda. Jemen har eit areal på 527 970 km², inkludert øyane Perim heilt sør i Raudehavet og Socotra ved innløpet til Adenbukta. Den totale landegrensa til Jemen er 1 746 km. Jemen grensar til Saudi-Arabia i nord (1 458 km) og Oman i nordaust (288 km).[1]

Jemenittisk geografi
Kart over Jemen
Kart over Jemen
Kart over Jemen
Plassering
Land Jemen
Koordinatar 15°N 48°E / 15°N 48°E / 15; 48
Totale landegrenser 1 601 km
Grenseland Oman 294 km
Saudi-Arabia 1 307 km
Geografi
Areal
- totalt:
- land:
- vatn:

527 968 km²
527 968 km²
0 km²
Kystlinje 1 906 km
Høgder
- høgaste punkt:
- lågaste punkt:

Jabal an Nabi Shu'ayb 3 667 moh
Arabia- og Raudehavet 0 m


Arealbruk
Dyrkbar mark 2,2 %
Permanente avlingar 0,6 %
Permanente beitemarker 41,7 %
Skogområde 1 %
Anna 54,5 % (2011 est)
Irrigert land 6 800 km² (2012)
Naturressursar
petroleum, fisk, bergsalt, marmor; små førekomstar av kol, gull, bly, nikkel og kopar, frodig jord i vest
Naturfarar
Sandstormar om sommaren
Miljøproblem
Avgrensa tilgang til ferskvatn og vassmangel; overbeiting; jorderosjon; ørkenspreiing

Topografi endre

 
Tihama
 
Wadi Dhar
 
Nær Kawkaban
 
Jordbruksterrassar

Jemen dekkjer den sørlege delen av den arabiske plata.[2]

Dei indre områda av landet er fjelldominerte og er omgjeve av ei smal kystslette i vest, sør og aust, og av ein ørken i nord langs grensa til Saudi-Arabia. Tihamah er ei nesten 419 km lang kystslette med halvørken som går langs Raudehavet og som er ein del av økoregionen Den arabiske halvøya kyst-tåkeørken.

Dei indre fjella har høgder som varierer frå eit par hundremeter til det høgaste punktet i landet, Jabal an Nabi Shuayb, på 3 666 meter over havet. Fjella er unge og spisse og kan stige bratt opp frå nokre får hundre meter til godt over 3 000 moh. Fjella kan delast inn i eit vestleg og eit sentralt høgland. Dei vestlege høglanda har toppar på kring 3 000 meter, relativt frodig jordsmonn og relativt mykje regn. Det sentrale høglandet er meir som eit platå på kring 2 000–3 200 moh, med rullande åsar, små knollar og somme markante fjelltoppar. Her er det mindre nedbør, men om sommaren kan det kome nok byger til å oppretthalde avlingar.

Fleire wadiar, eller elvedalar som er tørre om vinteren, kryssar fjellområda. Jemen har ingen permanente elvar. Ein av dei største er Wadi Hadhramaut aust i Jemen. Den øvre delen består av elveavleiringar og flomvatn og dei nedre delane er nakne og stort sett folketomme. Både det austlege platåområdet og ørkenen i nord er særs varme og tørre med lite vegetasjon.[1]

I den nordaustlege delen av Rub al Khali er det sand som dominerer. Ørkenen er den største sandørkenen i verda. Her kjem det lite eller ingen nedbør over lange tidsrom. Det er heller ikkje mykje vegetasjon her.

Det sentrale høglandet er tørrare enn dei vestlege høglanda, fordi det ligg i regnskuggen. Det får likevel nok regn i våte år til å at det kan drivast jordbruk. Døgnvariasjonen i temperaturen er blant dei høgaste i verda. Temperaturvariasjonar frå 30 °C om dagen til 0 °C om natta er vanleg. Lagring av vatn gjev kunstig vatning til å kunne dyrke kveite og bygg, medan dei vestlege høglanda er kjende for durra, kaffi og somme tropiske frukter som bananar og mango.

Høgd endre

Det meste av Jemen ligg i høgda, og berre kystslettene er lågland. Høgda varierer frå havnivå til 3 666 meter over havet. Spisse toppar og platå dekkjer det meste av Jemen og den gjennomsnittlege høgda i landet er kring 2 000 meter. Blant landa i den arabiske verda har Jemen det nest høgaste fjellet med Jabal an Nabi Shu'ayb på 3 666 moh. Berre Marokko har høgare fjell (Jbel Toubkal på 4 167 moh). Jemenittane nytta høgda i heimlandet til å halde seg isolerte i tusenvis av år, og handel med utlandet vart berre gjort i kystområda.

Klima endre

Temperaturane er generelt særs høge i Jemen, særleg i kystområda. Det kjem avgrensa regn og nedbørsmengdene varierer med høgda. Høglandet har tempererte, regnfulle somrar med ein normal maksimumstemperatur på 21 °C og ein kjølig, moderat tørr vinter med temperaturar stundom under 0 °C. Klimaet på Tihamah (den vestlege kyststripa) er tropisk. Temperaturane går her stundom over 50 °C og fukta varierer frå 50 til 70 prosent. Regnet kjem uregelmessig i kraftige byer, i snitt 130 mm i året. I Aden er normaltemperaturen 25 °C i januar og 32 °C i juni, men kan på det varmaste på dagen ofte gå over 37 °C. Årsmiddelnedbøren er 127 mm. Det høgaste fjellområdet i Sør-Jemen før frå 520 til 760 mm nedbør i året. Somme av dei vestlege høglanda, hovudsakleg Ibb og Ta'izz, får kring 1000 til 1500 mm i året. Hovudstaden Sana'a har ein årsmiddelnedbør på 300 mm i året. Det er ikkje uvanleg at det kan gå fem år eller meir mellom kvar gong det rengar i dei nordlege og austlege delane av landet. Wadi Hadhramaut i den austlege delen av Jemen er tørr og steikande varm med råme frå 35 prosent i juni til 64 prosent i januar. Jemen er tørr i aust og fuktig i vest.

Kystlinje og maritime krav endre

Jemen har ei 1 906 km lang kystlinje langs Arabiahavet, Adenbukta og Raudehavet. Jemen gjer krav på eit territorialfarvatn som strekkjer seg 12 nautiske mil ut frå kysten, ein samanhengande sone på 24 nautiske mil og ein eksklusiv økonomisk sone på 200 nautiske mil, i tillegg til ein kontinentalsokkel på 200 nautiske mil eller til kontinentalmarginen.[1]

Naturressursar endre

Den viktigaste naturressursen i Jemen er olje og naturgass, i tillegg til jordbruksprodukt i vest. Andre naturressursar er fisk og sjømat, bergsalt, marmor og mindre førekomstar av kol, gull, bly, nikkel og kopar.[1]

Arealbruk endre

Berre 2,91 prosent av Jemen vert rekna som dyrkbar mark og mindre enn 0,6 prosent av landet er planta med permanente avlingar. Kring 6 801 km² av landet er kunstig vatna. I følgje Dei sameinte nasjonane har Jemen 19 550 km² skog, som utgjer nesten 4 % av landarealet.[1]

Miljøproblem endre

Jemen er utsett for sandstormar som fører til jorderosjon og øydelagde avlingar. Landet har særs avgrensa vassressursar og stadig for lite drikkeleg vatn. Ørkenspreiing og overbeiting er òg problem.[1] Landet er delaktig i internasjonale avtalar om biologisk mangfald, klimaendringar, ørkenspreiing, utryddingstruga dyreartar, miljømodifisering, farleg avfall, havrett, forbod mot atomprøvesprengingar og vern av ozonlaget.[3]

Omstridde område endre

Det var lenge usemje med Saudi-Arabia om grensa mellom dei to landa. Dette vart løyst i juni 2000 med ein avtale signert i Jidda. Denne avtalen gav koordinatar for kvar landegernsa og den maritime grensa skulle gå, inkludert austlege ørkenområde der Jemen potensielt kan finne store mengder olje. Friksjonar mellom dei to landa i nyare år over tryggleiken langs grensa har ført til felles grensepatruljar.

Etter fleire år med strid mellom Jemen og Eritrea over Hanishøyane og fiskerettar i Raudehavet, gav eit internasjonalt panel i 1999 øyane til Jemen. Forholda mellom dei to landa er framleis spent, og Jemen protesterer stadig på at Eritrea fiskar i det omstridde området.[1]

Kjelder endre