Jens Erichstrup

medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll og stortingsrepresentant

Jens Erichstrup (10. november 177518. august 1826) var ein norsk embetsmann, eidsvollsmann og stortingsmann.

Jens Erichstrup

Bilete frå boka Eidsvoldsmændene: 1814 frå 1908
Fødd10. november 1775
Skien
Død18. august 1826 (50 år)
Statsborgar avNoreg
PartiUnionspartiet
YrkeFut og konstituert amtmann
VervMedlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll
VervStortingsrepresentant 1818-1820, 1821-1823 og 1824-1826
Alle verv

Erichstrup var frå Skien, der faren hans dreiv som glasmeister. Han tok norsk juridisk eksamen i 1798. Frå 1801 til 1810 arbeidde han i rentekammeret, dei to fyrste åra som kopist, sidan som fullmektig. I 1810 vart han fut i Lister, frå 1818 tilsvarande stilling i Larvik. Amtmann i Stavanger amt i 1826.

I 1811 vart han enkjemann etter å ha vore gift ei kort tid.[1]

Erichstrup var utsending frå Lister amt til riksforsamlingaEidsvoll i 1814. Der høyrde han til unionspartiet.[1] I 1818 vart han vald inn på Stortinget som representant for same valkrinsen. Han var då medlem av 19 komitear, formann i tre. Mellom anna var han medlem av budsjettkomiteen, av komiteen som såg på Ålesund sin handel på Danmark og Sverige, og av komiteen om handelspass på landsbygda. År 1821 var han representant for Larvik grevskap, sameleis på det overordentlege storting 1822. Han var i 1821 formann i tre av dei 17 komiteane han var med i. Både i 1821 og 1822 var han sekretær i Odelstinget og medlem av valkomiteen. Då han i 1824 møtte på Stortinget, var han vald for Larvik amt. Han var då sekretær i Stortinget, i valkomiteen og i budsjettkomiteen.

Erichstrup døydde i Stavanger i 1826, same året som han var komen til byen.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Frans-Arne Stylegar (2014). «Jens Erichstrup og ferjestedet Faret i Lyngdal». I Jørn Holme. De kom fra alle kanter - Eidsvollsmennene og deres hus. Cappelen Damm. s. 333–334. ISBN 978-82-02-44564-5. 

Bakgrunnsstoff

endre