Jens Kobro

norsk politikar

Jens Isak de Lange Kobro (20. august 188214. mai 1967) var ein norsk jurist, offiser og politikar for partiet Venstre. Han var forsvarsminister i Mowinckel III-regjeringa.

Jens Kobro
Fødd20. august 1882
Død14. mai 1967 (84 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, jurist
FarKarl Mathias Kobro
Alle verv

Kobro var son til ein prest. Han tok studenteksamen ved Hauges Minde i Kristiania i 1900 og vart vernepliktig offiser i 1901. Sidan studerte han jus og vart cand.jur. i 1906. Frå 1907 til-09 var han assistent hos Politimeisteren i Senja og Steigen, stasjonert i Harstad. 1909-12 var han eidsvoren fullmektig hos Sorenskrivaren i Hammerfest, der han ei tid var fungerande politimeister. Premierløytnant i 1914 og bysekretær i Haugesund 1915-17. Perioden 1917-23 var Kobro politimeister i Vardø og 1923-47 sorenskrivar i Malangen. Han avslutta arbeidslivet som sorenskrivar i Lillesand 1947-52.

Kobro var bystyremedlem i Vardø 1923-25 og i Tromsø 1929-37, ordførar i Tromsø 1929-32 og ein kort periode etter frigjeringa i 1945. I Vardø var han 1920-23 styreformann i den lokale sparebanken og i Tromsø formann 1931-38 i representantskapet til Tromsø Forretningsbank.

Valperiodane 1931-33 og 1934-36 var Kobro stortingsrepresentant frå byane i Nord-Noreg, men frå våren 1933 og i to år framover hadde han plass i statsrådet under statsminister Johan Ludwig Mowinckel.

Gravlagd i Lillesand.

Kjelder endre